Komfortabel siger for G16 mot Førde på bortebane
Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Nov 2011
GHK sitt G16 lag var i kveld i Førde for å møte heimelaget til kamp. På førehand var det venta at dette var "grei skuring". Sigeren var heller aldri truga og enda med 26-7 i målprotokollen til gutane våre, etter 13-3 til pause.
Evald Devik med eit av sine mål i kveld. Dette på straffe |
Dette er ein kamp ein vinn greit fordi vi møter eit Førdelag som stort sett består av 15 åringar, og som ikkje klarer å "matche" våre gutar hverken på fysikk eller fart. GHK gutane gjer ein prikkfri kamp bakover og slepp Førde til kun unntaksvis.
Betongforsvar som dei fleste slit med |
Men i etablert angrep vert det for mange vanskelege valg og det virka som gutane var litt usikre i forhold til beskjedane som kom frå benken ved byter og posisjonsendringar. Positivt var det med mange flotte rushmål. Her fekk Førde ein god leksjon i presisjon og fart av gutane våre. Også ein del flotte vingskot av Evald, Andreas Kissner og Dag Håkon. Underteikna tykkjer dette var ein kamp i klassen "ein grei dag på jobben". Gutane har synt at dei har spel heilt i toppklassen (jfr 1 omgong mot Stryn i helga), samstundes som dei enno svingar litt i prestasjonane frå kamp til kamp. Får dei toppspelet til å sitje meir regelmessig kan dette laget bli svært spanande å fylgje utover i sesongen.
Desse var med i dag: Vegard Sælen (2), Åsmund Sælen, Evald Devik (4), Erlend Ulvestad (1), Osmund Vereide (2), Dag Håkon Moen (2), Daniel Hj Reed, Andreas Kissner (4), Bendik Eikenes (1), Ørjan Sundal (6), og Andreas Kleppe (4).
Påfallande "Gloppisk" over sekretæriatet i Førdehuset i kveld |
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019