Lett seier for GHK J15 mot Bremanger
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Nov 2011
GHK sitt jente 15 lag tok i dag imot Bremanger til kamp i Firdahallen. Kampen bar tydeleg preg av at Bremangerjentene enno er i startfasen av si handballutvikling og jentene våre leia kampen frå start til mål. Etter å ha leia 17-1 til pause, vart sluttresultatet 30-6 i favør GHK.
|
Ayla Myklebust Seime set inn eit av sine mål i kampen. |
Dei første minutta var jevnspela før Ingvild feia inn 1-0 etter 2,30min. Deretter skåra jentene jevnt og trutt. Bl.a. Elisabeth til 3-0, Amalie til 4-0, før Eirhild rusha inn 5-0. GHK jentene var i denne fasen verkelg på "hugget" og sprang Bremangerjentene regelrett i senk. Elisabeth la på til 8-0, Ingvild til 10-0 og Elin til 11-0. Bremanger fekk sitt eine mål i første omgong på stillinga 13-0. Ayla fastsette pauseresultatet til 17-1. Litt av forklaringa for at jentene frå Bremanger kun sette inn 1 mål i første omgong og 6 totalt, var glitrande målvaktsspel av Solgunn Alme. Her har GHK eit keepertalent i emning.
Solgunn var kanongod i målet i dag |
I andre omgong opna Maren og Elisabethx2 med dei tre første måla. Ayla kom på eit fint gjennombrot til 23-2 etter 9 min av omgongen. Etter dette dett konsentrasjonen litt blant jentene og dei misser ballen i mange enkle trekk. Likevel fortset dei målkalaset og Maren får æra av å sette dei 2 siste måla bak Bremangerkeeperen til sluttresultatet 30-6. Alt i alt ein flott gjennomført kamp av jentene der trenar Jostein var mest nøgd med at ein fekk spelet til å gli med mange flotte trekk i store delar av kampen. Mestskårande for GHK var Elisabeth Vollstad Hansen med 7 mål.
Amalie Eikeseth Mundal skårar fleire mål frå strek |
Desse var med: Solgunn Alme, Amalie Eikeset Mundal (5), Ayla Myklebust Seime (3), Birthe Eilander, Ingvild Slagstad (5), Maren Rosø (3), Eirhild Bruvoll Alme (2), Benedikte Gjengedal Lotsberg (1), Elin Møll (3), Elisabeth Vollstad Hansen (7), Sunneva Gimmestad, Marita Veiesund (1).
Sunneva Gimmestad og dei andre jentene med full kontroll i forsvar. |
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019