Siger og tap for G16 laga i Årdal.
Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Nov 2011
GHK sine G16 lag var i Årdal for å møte heimelaget i dag. GHK 1 banka Årdølene 24-17 etter å ha leia 10-9 til pause, medan GHK 2 tapte knepent 18-20 for det same laget etter å ha lege under med 9-11 til pause.
Vegard Sælen, Evald Devik og Ørjan Sundal hadde full kontroll på Årdal i første kampen. |
Årdalstangen-GHK 17-24 (9-10)
Først ute var GHK sitt 1.lag som er samansett av 16 åringane. Etter at Årdal skåra første målet, gjekk GHK tidleg opp i ei firemålsleiing. Dette stod seg utover i omgangen, men så pådrar GHK seg fleire 2 min utvisningar som Årdal utnytter og korter inn på avstanden inn mot pause. Fleire tekniske feil av spelarane våre bidrar også til at stillinga ved halvtid er kun 10-9.
Ikkje lette å skubba seg på desse karane når dei er fullt konsentrert. |
I andre omgong skåra Vegard og Ørjan 2 kjappe og auka til 12-9. Så skåra Årdal på straffe til 10-12, og det skulle gå ei stund før dei fekk kjenne målsusen att.Andreas Kleppe, Vegard og Ørjan herja til tider med Årdalsgutane og auka jamnt og trutt til 18-10, før Årdal fekk sitt neste mål etter halvspelt andre omgong. To flotte mål av Bendik Eikenes og Evald Devik + to av Ørjan og GHK var i 10målsleiing 22-12. Årdal skårer, men Evald svarer kjapt til 23-13. Så vert utruleg nok Daniel Hjolhman utvist i 2 min etter ei takling på 6 metern. Med kun ein målmann med oss, vert Andreas Kissner sett i mål. Han gjer ein strålande jobb, men Årdal kjem opp i 16-23. Laga skårer ein gong til kvar slik at sluttresultatet vert 24-17 til GHK. Ein lokal FairPlay jury kåra Ørjan Sundal til GHK sin bestemann. Han banka inn heile 10 mål i kampen, dei fleste frå distanse.
Desse var med: Daniel Hjolhmann Reed, Vegard Sælen (5), Åsmund Sælen, Ørjan Sundal (10), Evald Devik (3), Andreas Kleppe (2), Osmund Vereide, Andreas Kissner (1), Bendik Eikenes (3), Dag Håkon Moen.
Årdalstangen-GHK 2 20-18 (11-9)
Etter ein times pause var det klart for 15 års gutane sin kamp mot det same Årdalslaget. Daniel, Åsmund og Vegard var med frå første kampen. Årdal gjekk i leiinga, men Erlend Ulvestad og Sander Nesdal snudde til 1-3 for GHK. Årdal kjem tilbake og snur til 5-4. Vegard utliknar til 5-5 før fotrappe Kristian Henden spring frå alle og skårer til 5-6. Så vert Erlend utvist i 2 min, Årdal skårer på straffa og drar frå til 11-9 til pause.
Sjefsskytar Erlend Ulvestad med herleg mål |
I andre omgang er Årdal i føringa med GHK jagande frå to til fire mål bak.Erlend, Åsmund og Magnus Morritsgård frå strek lager flott mål og stillinga er 17-15 til heimelaget som på nytt rykker frå til 19-15. Så får Årdal 2 mann utvist samtidig, og GHK kjem opp på 19-17. Årdølene held likevel hovudet kaldast og vinn 20-18. Erlend Ulvestad vert kåra til GHK sin beste spelar av den lokale juryen og vart òg toppskårar med 7 flotte mål.
Desse var med: Daniel Hjolhman Reed, Peter Wilke, Hans Sande (2), Laurits Bjørnerheim (1), Magnus Morritsgård (1), Kristian Henden (1), Sander Nesdal (1), Erlend Ulvestad (7), Åsmund Sælen (1) og Vegard Sælen (4).
![]() |
Årdal sin nr 70 var vanskeleg å stoppe |
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019