Endeleg er det heimekamp for herrane våre!
Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Okt 2011
Laurdag kl. 16.00 brakar det laust med 2.divisjonshandball i "nye" Firdahallen. Herrane viser klart stigande formkurve etter siger på bortebane forrige helg, då Runar Gåsemyr stod fram med 5 av 5 scoringar. Vi gledar oss til å sjå dei unge talentfulle Gloppen-spelarane utfordre Sunnhordlendingane.
Stord Elite 2 kjem truleg til å stille med eit ungt, men godt lag. To av spelarane er profilar på yngre landslag (-94) og er nettopp er komne tilbake frå landskamp mellom Norge og Danmark som enda uavgjort 24-24. I fjor var kampane mellom Gloppen og Stord Elite 2 jamne og velspelte. I Firdahallen kom Stord Elite 2 raskt i leiing 2-7, men GHK scorar åtte av dei neste ni måla og leiar 10-8 etter 20 minutts spel. Når kampen er slutt viser tavla til 25 - 19 til heimelaget. I bortekampen vart det dessverre tap 31 - 24.
Laurdag føremiddag, i beste handletid, vil gutta vere å finne i Sandane sentrum med utdeling av flyers. Dei har sjølvsagt pennen i lommen og kvier ikkje for autografskriving, det er berre å suge seg på. Gode erfaringar om taktikk, skudd og råd om ikkje å "møsse haudet" i pressa situasjonar deler dei gladeleg ut på kjøpet så lenge DU kjem å heiar i Firdahallen kl. 16.00.
Nokre ferskingar vil de òg dra kjensel på på det nye dekket - 3 uslipne "gløppediamantar" som har gått gjennom ei rivande utvikling det siste året.
Vegard Sælen - Ørjan Sundal - Daniel Hjolmann Reed
Gamle ringrevar vert også å treffe
Arild Fjellestad Tystad går ikkje av veien for ein skikkeleg fight :)
Vi ønskjer alle handballvener velkomne til kamp. Ta med mor, bror, besten, mosta, naboen, venninna og vær vår 8.mann i kampen mot Stord Elite 2!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019