Tap for G16 laget i første Bringkvallikkamp.
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Okt 2011
Gutane fekk ein dårleg start på Bringkvalliken då dei rauk på eit 27-16 tap for Fyllingen i dag. Om det var den kaotiske starten på dagen som gjorde utslaget (Bussen streika når dei skulle køyre frå Sandane i dag tidleg, så ein måtte tromme i hop privatbilar for å kome seg til Bergen. Framme i Bergen ein knapp time før kampstart) er vanskeleg å sei, men første omgang var katastrofal dårleg. Fyllingen tok gutane våre på tempoet så det heldt og leia 17-4(fire!!!) til pause. I pausen klarte trenar Geir Giil å vekke spelarane, slik at andre omgang enda med 12-10 til GHK. Men kampen som sådan var avgjort til pause. Trøsta for troppen i Bergen får vere at Fyllingen nok er det beste av dei tre laga vi møter.
Ny kamp mot Årstad kl 18 i ettermiddag.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019