Ny uavgjort for damelaget i 3.divisjon!!
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Okt 2011
GHK sitt damelag i 3.divisjon spela i dag uavgjort 26-26 borte mot Kjøkkelvik 2, etter å ha leia 13-10 til pause.
I Olsvikhallen var det Gloppedamene som kom best ut av startblokkene og leia med 4 mål halvveges i første omgang etter finfint angrepsspel. Så stokka det seg heilt ein 10 min periode frå det 15. til det 25. min. Dette utnytta Kjøkkelvik til å koma ajour i målprotokollen. Damene våre samla seg likevel til ein sluttspurt og leia fortjent 13-10 til pause. I starten av andre omgang virka det som om GHK hadde forlenga pausen med 10 minutt. Iløpet av dei 10 første minutta av omgangen gjekk Kjøkkelvik frå 10-13 til 16-13. Damene gjev ikkje opp no heller og kjem tilbake til uavgjort. Ny dårleg periode frå 50-55 min, der ein på ny kjem bakpå med 4 mål til 26-22. Med 5 minutt att av kampen klarer likevel våre jenter å kjempe seg tilbake til uavgjort. Sterk sluttspurt!! I Øyvind Indrebø sitt fråvær, var det Arvid Gimmestad som leia laget i Bergen i dag. Han seier i ein kommentar at totalt sett er uavgjort eit rettferdig resultat slik kampen utvikla seg, men at Kjøkkelvik 2 absolutt var eit lag ein kunne slege.
Desse var med: Benedikte, Heidi (7), Ingunn, Malene, Marte (6), Celina (1), Hege (3), Torill (1), Ingrid (3), Eli Anne (5).
Ny kamp mot Fyllingen 2 i morgon.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019