Første heimekamp for herrelaget
Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Sep 2011
GHK herrane tar imot Fyllingen 2 til kamp i Styrkhallen på søndag. Fyllingen sitt førstelag spelar som kjent kamp i Stryn på lørdag, så det vert spanande å sjå kva lag dei mønstrar mot oss på søndag. Uansett vert det ei tøff oppgåve for Bjørn Roth Andenes sine disiplar, men om folk i Gloppen reiser "mann av huse" til Innvik og støttar laget sitt kan det vere tungen på vektskåla som vippar kampen i vår favør.
Fyllingen 2 har slått BergenVest 39-31 og tapt 31-34 for Sotra i sine to første kampar, medan våre eigne helter tapte begge sine kampar i Bergen sist. Tett og jevnt mot NHHI, langt under pari mot Åsane.
Dette er den einaste heimekampen vi ikkje får spele i Firdahallen, så det hadde vore kjekt for spelarane å få støtte "heimanfrå" i Styrkhallen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019