God kamp av GHK herrane i Bergen, trass knepe tap!
Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Sep 2011
GHK herrane tapte opningskampen i 2.divisjon 27-28 mot NHHI i ettermiddag. NHHI er venta å vere eit av topplaga i divisjonen, og hadde før kampen annonsert på si heimeside at denne kampen vart ei komfortabel gjennomkøyring.
God kamp av karane til Bjørn, trass tap (arkivfoto)
Etter at GHK skåra det første målet i kampen, var NHHI det førande laget stort sett heile første ongong og leia 15-10 til pause. Kva trenar Bjørn sa til spelarane sine i pausen skal vere usagt, men spelarane kom på bane til andre omgong med ny glød og entusiasme. Etter 4 minutt av andre omgong leia GHK 16-15!! Heile andre ongong var ei jevn batalje der laga bytast på å leie kampen. GHK held uangjort til det stod att 5 sekund av kampen. Bittert når ein er så nære, seier Bjørn i ein kommentar. Han meiner laget sitt hadde fortjent minst eit poeng etter innsatsen spelarane la for dagen, og meiner kanskje også at litt meir rutine på dette nivået på dei yngre spelarane kunne "bikka" kampen i vår favør. Vegard Flatjord vart toppskårar med 6 mål, og var i tillegg ein av lagets beste på framover og bakover.
Les kva NHHI skriv om kampen her http://www.nhhi.org/
Ny kamp i morgon mot Åsane. Kanskje eit enno betre lag enn NHHI, men etter dagens kamp har nok spelarane skjøna at dei er på talefot med dei beste og då kan alt hende!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019