Seriemeister 15/16

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Mar 2016

Vi visste at dersom GHK-herrane sikra seg minst eitt poeng i dagens kamp ville dei sikre seg seriemeistertittelen òg, men det var inga sjølvfølge mot Os, som skulle vise seg å vere ein tøff motstandar.

Det vart ein jamn kamp. Ein spanande kamp. Ein kamp med frustrasjon, med sinne, med glede og med lettelse. Det vart underhaldning av beste sort.

Laga følgde kvarandre tett, men Os drog det lengste strået før kvilen og gjekk til pause med 11-8 leiing. Mykje av grunnen til dette var problem framover på bana. Det ville seg ikkje heilt, og GHK opplevde ei lita måltørke. Ei tørke som heldt fram i byrjinga av den andre omgangen og.

Fyrst etter 20 minutt av den andre omgangen var GHK ajour med Os på stillinga 16-16. Samstundes med at GHK pådrog seg ei utvising.

Fire minutt seinare hissa trenar Daniel Dammyr seg opp over ei ukorrekt dommaravgjersle. Det kokte litt for han, og laget vart hardt straffa. Fire minutt med ein mann mindre på bana og resten av kampen utan trenaren på benken. I tillegg låg dei under med to mål, 17-19. Kunne dette gå?

Det kunne ha knekt laget. Det kunne ha skapt usikkerheit og forvirring. I staden skapte det vinnarvilje.

Os vart tvinga til å ta timeout då GHK utlikna til 19-19 berre to minutt seinare. Framleis med ein mann mindre.

30 sekund før slutt var stillinga 20-20. GHK hadde ballen. Heile publikumet sat ytst på setekanten. Så skjer det. GHK avsluttar, og bommar. Heldigvis var Jens Christian Andenæs vaken. Han fekk kriga til seg returen og satt ballen i mål i siste sekund. Bokstavleg tala. Sjeldan har vi sett så glade og letta GHKarar på bana. Etter ein forrykande sesong, og med ein kamp att å spele, kan dei kalle seg seriemeisterar i 3.divisjon 15/16. I tillegg skal dei spele kvalikkamp om opprykk til 2.divisjon.

Det er stort. Rett og slett stort.

I ein kamp som denne er det passande at så mange teikna seg på skåringslista. Det var ein lagsiger, utan tvil. Toppskårar for dagen var ungguten Tarjei B. Vereide med sine fire mål. Men det var ingen tvil om kven som skulle stikke av med bestemannsprisen. Paul Remi Kvandal spela nok ein stor kamp mellom stengene og heldt i periodar laget inne i kampen.


Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Håvard Husevåg, Tarjei Bjørkum Vereide (4), Osmund Bjørkum Vereide (3), Preben Indrebø (1), Erlend Ulvestad, Eirik Hovstad, Runar Gåsemyr (1), Marius Moritsgård, Jens Christian Andenæs (3), Ørjan Sundal (2), Sindre Flatjord (3), Jon Andreas Kornberg (2), Runar Hellerud (1).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.