Drama i Trivselshallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Nov 2016

I dag møtte GHK-herrane Stjørdals-Blink til kamp i Trivselshallen. På papiret skulle dette vere ein jamn kamp, då begge lag låg med 0 poeng så langt i sesongen.

Kampen starta godt. GHK var i føringa med eitt og to mål og hadde løfta seg mange hakk i forsvar etter kampen i går. Mot slutten av den fyrste omgangen rakna det litt for heimelaget, og Stjørdals-Blink rykka i frå. Til pause var stillinga 13-22 og GHK hadde litt å snakke om i pausa.

Kva som vart sagt i pausa veit vi ikkje, men vi skulle gjerne likt å vite det! Det var eit heiltent GHK-lag som gjekk på bana i den andre omgangen. Dei starta opphentinga og ca. halvvegs i omgangen var stillinga 23-23. Ei fantastisk opphenting det ikkje er sikkert vi har sett maken til i Trivselshallen.

Resten av kampen låg laga jamnt og spenninga var stor på tribuna. Paul Remi Kvandal kom inn i målet i andre omgang og stod ein kjempekamp saman med resten av laget som stod saman og kjempa seg innatt i kampen.

GHK hadde verkeleg fortent ein siger i dag. Diverre hadde dommarane alt anna enn ein god dag på jobben. Gjennom heile kampen hadde dei fleire avgjerder det var stor usemje kring, både på bana og på tribuna. Dette vart særs avgjerande i sluttsekunda då bortelaget fekk straffe, rett etter ein situasjon der dei fleste ikkje forstod kvifor det ikkje vart dømd brøyt mot dei. Resultatet av dette vart at Stjørdals-Blink vann kampen med eitt mål.

Frykteleg surt, men slik er handballen. Diverre.

Vi tek med oss den fantastiske opphentinga og det flotte spelet dei viste i dag og ser framover til bergenshelg komande helg.

Heia, heia GHK!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.