Endeleg!

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Des 2016

Andre søndag i advent. Halvvegs i ventetida til jul. Likevel markerar denne dagen slutten på ventetida for alle GHK-supporterar.

Etter å ha vist stigande form i fleire kampar, seinast med eit surt eitt-målstap førre helg, og eit nesten like surt to-målstap i går, kom dagen endeleg.

I dag er dagen GHK-herrane har teke sine fyrste poeng i andredivisjon!

Gloppekarane låg under 15-11 til pause mot Bergen Vest, etter ein stort sett jamnspela omgang. Forsvarsspelet satt og framover spela dei seg til gode sjansar, noko dei heldt fram med i den andre omgangen.

Etter pausa heldt GHK godt følgje og var eitt og to mål bak lenge. Fyrst etter nesten 24 minutt av omgangen sette Ørjan Sundal inn straffa som gjorde at dei var ajour på stillinga 22-22.

Etter nesten 27 minutt var stillinga 24-24. Etter det fekk ikkje BergenVest fleire mål. GHK derimot, dei beheldt roen og skåra to! Og dermed var dei fyrste to poenga for sesongen eit faktum.

Hans Sande og Ørjan Sundal vart toppskårarar i dag, med seks mål var. Sundal vart òg kåra til GHK sin beste spelar av ein lokal jury.

No har vi trua på at framgangen berre vil halde fram vidare i sesongen og at det snart vil verte fleire poeng!

Desse var med i dag: Roger Nordal, Paul Remi Kvandal, Vetle Ottesten (4), Erlend Ulvestad, Sander Nesdal, Vegard Sælen, Osmund Vereide (1), Runar Gåsemyr (3), Edvin Øygard (4), Bjørn Magnus Nystad (1), Hans Sande (6), Runar Hellerud, Ørjan Sundal (6), Eirik Hovstad (1).



Drama i Trivselshallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Nov 2016

I dag møtte GHK-herrane Stjørdals-Blink til kamp i Trivselshallen. På papiret skulle dette vere ein jamn kamp, då begge lag låg med 0 poeng så langt i sesongen.

Kampen starta godt. GHK var i føringa med eitt og to mål og hadde løfta seg mange hakk i forsvar etter kampen i går. Mot slutten av den fyrste omgangen rakna det litt for heimelaget, og Stjørdals-Blink rykka i frå. Til pause var stillinga 13-22 og GHK hadde litt å snakke om i pausa.

Kva som vart sagt i pausa veit vi ikkje, men vi skulle gjerne likt å vite det! Det var eit heiltent GHK-lag som gjekk på bana i den andre omgangen. Dei starta opphentinga og ca. halvvegs i omgangen var stillinga 23-23. Ei fantastisk opphenting det ikkje er sikkert vi har sett maken til i Trivselshallen.

Resten av kampen låg laga jamnt og spenninga var stor på tribuna. Paul Remi Kvandal kom inn i målet i andre omgang og stod ein kjempekamp saman med resten av laget som stod saman og kjempa seg innatt i kampen.

GHK hadde verkeleg fortent ein siger i dag. Diverre hadde dommarane alt anna enn ein god dag på jobben. Gjennom heile kampen hadde dei fleire avgjerder det var stor usemje kring, både på bana og på tribuna. Dette vart særs avgjerande i sluttsekunda då bortelaget fekk straffe, rett etter ein situasjon der dei fleste ikkje forstod kvifor det ikkje vart dømd brøyt mot dei. Resultatet av dette vart at Stjørdals-Blink vann kampen med eitt mål.

Frykteleg surt, men slik er handballen. Diverre.

Vi tek med oss den fantastiske opphentinga og det flotte spelet dei viste i dag og ser framover til bergenshelg komande helg.

Heia, heia GHK!



Fleire lag i aksjon i helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Nov 2016

Gutar 16 opnar helga med kamp mot Florø 2 kl. 13.55 i Trivselshallen. Gutane har gjort det godt så langt i sesongen og ligg på andreplass. Florø ligg på fjerde med ein kamp mindre spelt. Altså kan det ligge an til eit jamnt oppgjer.

Kl. 14 skal damene møte Voss i Voss idrettshall. Det er berre ei veke sidan Voss var på Sandane og tok med seg to poeng. No vil jentene ha revansj!

Kl. 15.00 er det klart for ny 2.divisjonskamp i Trivselshallen. Då kjem serieleiar FyllingenBergen2 på vitjing. GHK står framleis utan poeng denne sesongen, men vi har ikkje gitt opp håpet enno. Langt i frå!

Søndag møter J14 Eid på bortebane kl. 11 og damene spelar mot Bjørnar i Bjørnarhallen kl. 14.00.

Vi håpar så mange som mogleg tek turen i hallen, både på Sandane, på Voss og i Bergen.

Heia GHK!


Klart for ny handballhelg

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Okt 2016

J15 1 og 2, G14 og K3 skal i aksjon denne helga.

J15:

GHK møter Florø kl. 11.00 på laurdag, medan GHK 2 møter Florø 2 kl. 13.55 same dag. Båe desse kampane går i Trivselshallen, så vi kan absolutt anbefale ein tur i hallen laurdag føremiddag. Det rekk du, få du nyt sola i fjellet på ettermiddagen!

Søndag reiser båe J15-laga til Blixhalli for å møte Vik. Desse kampane går kl. 12.00 og 14.00.

G14:

Gutar 14 reiser til Nordfjordeid søndag for å møte Eid/Haugen til kamp. For dei som vil ta seg ein søndagstur over fjorden, går kampen kl. 15.50.

K3:

Damelaget har dobbelkamp i Bergen denne helga. Dei møter Sotra 2 i Bildøyhallen, laurdag kl.18.00 og Fyllingen 2 i Laksevåghallen kl. 14.00 søndag. Etter ei god serieopning og ein god kamp, trass tap, mot Dale sist, bør det vere litt optimisme knytt til helga. Det må det vere lov til!

Vi ynskjer alle lag lukke til og håpar på mange poeng i GHK-potten!



​KLUBBKVELD

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Okt 2016

Vår kjekke sponsor G-Sport Sandane har gode nyhender for alle i GHK! Dei kjem med følgjande invitasjon:


G-Sport Sandane har gleden av å invitere Gloppen Handballklubb sine medlemmer til ein hyggelig klubbkveld på G-Sport Sandane onsdag 26.oktober kl. 1800-2000.

Vi har følgjande tilbod denne kvelden:

Vi slår til med 20% på alle varer i butikken denne kvelden.

Butikken er spekka med haustens nyheiter.

30 % på Hummel trenings t-skjorte(svart) Senior str.

GHK sine medlemmer har 30 % rabatt på alle innetreningssko over kr 1000,-.

Vi ser fram til ein hyggelig kveld og fortsatt godt samarbeid med Gloppen Handballklubb

Helsing oss på G-Sport Sandane.


Her er det berre å lage ei liste over alt som trengst for sesongen og møte opp!

Vi snakkast på G-Sport!



Gjensidige handballskule

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Okt 2016

Måndag, tysdag og onsdag denne veka er det Gjensidige handballskule i Trivselshallen. Handballskulen er arrangert av GHK og STIL i samarbeid, som det var sist òg. Ei veldig god løysing for alle partar!

Instruktørar på handballskulen er GHK-spelarar. Fordi vi har fått 14-åringane inn i GHK har vi mange å ta av. Det er ei god blanding av 14-,15-, 16-åringar og nokre seniorspelarar.

90 deltakarar kosar seg med handballen desse dagane, og det er synleg at instruktørane likar seg og. Vi er heldige som har så kjekke, dyktige og positive ungdomar (og vaksne) i klubben vår! Og håpar deltakarane er einige i det.



Ny siger for G16

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Okt 2016

Med siger i serieopninga mot Sogndal, var G16 i elden att i dag. Denne gongen mot Skavøypoll, men også dette på bortebane.

GHK leia tidleg 9-3, men gjekk så inn i ein periode med mykje slurv. Til pause var stillinga 6-10 til GHK.

Etter kvilen kollapsa laget litt og Skavøypoll tok innpå til 11-12. Eit resultat av mykje slurv og rot framover. Bakover fungerte sakene betre og laget klarte å omstille seg. Dei reiste frå att og kampen enda til slutt 12-18.

Håvard Lothe vart toppskårar med 6 mål, tett fulgt av Kjell Runar Horvli med 5.

G16-laget har fått ein veldig god start på sesongen, og det lovar godt! Vi gler oss til å følge dei vidare.

Heia GHK!



God kamp av damene, trass tap​

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Sep 2016

GHK tok i dag i mot Dale til kamp i Trivselshallen.

Kampen starta jamnt og noko målfattig. Etter 19 minutt var stillinga 6-6 og laga var like langt. Då rykka Dale frå til 6-11 utan at våre damer heilt klarte å følgje med. Lagleiar for dagen, Kjell Aske, tok då timeout. Noko som såg ut til å ha god effekt for til pause var GHK heilt oppe i ryggen, på 13-14.

Den andre omgangen starta mykje som den same. Det var jamnt og leiinga vippa litt fram og tilbake. 17 år gamle Siri Nikoline Opheim imponerte stort i denne perioden, samt på slutten av den fyrste omgangen. Ho viser at ho har teke nye steg på handballbana og redda laget i fleire situasjonar, og vart kåra til Gloppen sin beste spelar i dag.

Etter ca. 22 minutt var Dale oppe i 23-26 leiing, og etter dette rakna det litt for gloppedamene. Stillinga vart til slutt 26-34 til Dale, utan at det reflekterar heile kampbiletet. Toppskårar i dag vart Heidi Sægrov med sine ni mål. I tillegg var Ingrid Gimmestad og Bodil Hjelmeset viktige både framover og bakover.

Damene gjorde ein god kamp i dag. Til tross for tap. Dei stod godt i forsvar og hadde mykje fint spel framover. Særleg flott er det å sjå det humøret dei heldt oppe, anført av Heidi Sægrov, sjølv om dei såg Dale gli frå dei. Tap og vinn med same sinn.

Desse var med i dag: Linn Kristin Øren, Siri Nikoline Opheim, Ingeborg Aasebø, Malin Isane Førde (1), Ingunn Tennebø (3), Mathilde Haugen, Rebekka Vereide Kroken, Theresa Mahle, Julia Bugjerde, Heidi Sægrov (9), Eli Anne Sandal Birkelund, Ingrid Gimmestad (4), Bodil Hjelmeset (6), Kristina Willoughby (1).



Sesongstart for G16

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Sep 2016

GHK gutar 16 spela i dag fyrste kamp for sesongen, då dei møtte Sogndal på bortebane. Ikkje berre var det fyrste kamp, det var og fyrste kamp med klister for mange. I tillegg var det, for Bent Andre Midtbø, fyrste handballkamp nokon sinne! I ein alder av 16 år, og med kun 3-4 veker med handballtrening, debuterte han med tre fine mål. Imponerande!

Kampen start godt, og GHK gjekk rett opp i ei 1-7 leiing. Etter dette lot dei Sogndal kome inn i kampen att, men til pause var stillinga 8-13 til GHK.

Den andre omgangen var litt meir rotete. Likevel melder våre kjelder om mykje fint spel. Kampen enda med 18-24 siger til gutane våre, som har fått ein meget god start på sesongen.

Magnus Ødven og Kjell Runar Horvli vart toppskårarar med seks mål kvar og Erik Koopmans stod veldig godt i målet.

Trenar Ørjan Sundal skryt av spelarane sine som følgde kampplanen og aldri lot Sogndal truge sigeren. Eit godt utgangspunkt å byggje vidare på resten av sesongen.

Heia GHK!



Ny kamp for damelaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Sep 2016

Tysdag kl. 19.30 skal damelaget i elden att. Då kjem Dale på vitjing i Trivselshallen.

Etter at damene vann den fyrste kampen denne sesongen er det veldig spennande når dei no skal prøve seg på neste hinder.

Dale vann òg sin fyrste kamp, då dei spelte mot Fyllingen 2 på heimebane.

Sjølv om det denne gongen er tysdagskamp håpar vi så mange som mogleg vil stille på for å heie damene fram til ein ny siger.

Heia GHK!

P.S.: Vi manglar framleis speaker til kampen, så dersom du, eller nokon du kjenner, vil prøve, vert vi veldig glade!



​En tung dag på jobben for GHK-herrane.

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Sep 2016

Det begynte elles bra med god innsats i forsvar og mål på rush. Etter 10 minutt stod det 3-3 på tavla og Tarjei hadde allereie vist at det skulle vere hans dag idag. Paulen står godt mellom stengene, men vi får det ikkje til i etablert angrep. Balltempoet er for lavt og vi er ikkje truande nok på mål. Fyrste utvisningsperiode vinn Vålerenga 0-3, og plutseleg står det 3-6. Hellerud gjer eit bra innhopp, scorar mål og kjempar til seg straffe. Vi er tilbake på sporet på stillinga 8-9. Resten av omgongen bjuder på tekniske feil og kontra imot. Pausestillinga er 11-16.

Vi skulle reise kjerringa i 2.omgong, men det gjekk frå vondt til verre. Ingen av skyttarane i backrekka har dagen. Vi er for lette å lese i angrep, og greier heller ikkje å stå imot bak. 2. omgong må beskrivast som ein handballeksjon og ei realitetsorientering. Dersom vi vil vere med i 2. divisjon, må både guts og tekniske ferdigheter forbetrast!

No pain-no gain, no guts - no glory.. vi kjem sterkare tilbake

Dagens spelar og lyspunkt er uten tvil Tarjei Bjørkum Vereide, som scorar jamnt og trutt, frå ving, på rush og på gjennombrudd, 5 av 5!

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Vetle Ottersen, Arild Tystad, Vegard Sælen, Martin Sivertsen, Osmund Vereide (2), Runar Gåsemyr (3), Edvin Øygard (6), Tarjei Vereide (5), Hans Sande (2), Sander Nesdal, Marius Moritsgård, Ørjan Sundal (3), Runar Hellerud (1).



Damene sikra sesongens fyrste poeng

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Sep 2016

Damelaget til GHK i 3.divisjon sesongopna i dag mot Kjøkkelvik på heimebane i Trivselshallen. Mange av spelarane som var med i fjor, er av ulike årsaker ikkje med i år. På grunnlag av dette var det mange som var spente på kva som venta dei då dei møtte opp i hallen for å sjå.

Laget i år er ei god blanding av unge og erfarne spelarar. Ekstra gledeleg er det at erfarne, viktige spelarar som Linn Kristin Øren, Eli Anne Sandal, Bodil Hjelmeset, Ingunn Berg, Ingrid Gimmestad og Heidi Sægrov utgjer stammen i laget. Dette skapar tryggleik og ro i troppen. Dette skulle vise seg å vere nyttig i dagens kamp.

Kampen starta jamnt, og relativt tregt. Det var lite fart i begge lag og mange bomskot. Kampen var jamn og målfattig. Veldig målfattig. Etter 17 minutt av den fyrste omgangen var stillinga 2-4 til Kjøkkelvik! Kjøkkelvik var på det meste opp i ei tomålsleiing, men GHK knappa innpå, og gjekk til pause på 6-7.

Etter pause var det meir trøkk i laga og tempoet steig. Etter halvspela andreomgang var GHK oppe i 11-8 leiing. Då kom aldri Kjøkkelvik nærare. Sjølv om GHK fekk to utvisningar i denne omgangen, påverka ikkje dette resultatet. Den ein perioden vann dei 1-0, den andre enda 0-0.

Kampen enda til slutt 15-11 til GHK. Låge tal for å vere seniorhandball. Bakover skal Bodil Hjelmeset i forsvaret og, ikkje minst, Linn Kristin Øren i mål, ha mykje av æra. Øren vart òg kåra til dagens spelar av den lokale juryen.

Framover var det Heidi Sægrov som vart toppskårar med sine seks mål, fulgt av Eli Anne Sandal med tre. Lenge var det kun desse to som var på skåringslista, men andre melde seg heldigvis på i den andre omgangen.

Etter ein treig start var det godt å sjå eit lag som var solide bakover og som, etterkvart, fann rytmen framover. Dette lovar godt for framhaldet.

Desse var med i dag: Linn Kristin Øren, Birte Liset, Heidi Sægrov (6), Ingrid Gimmestad (2), Teresa Mahle, Julia Bugjerde, Malin Førde (1), Ingunn Berg, Kristina Willoughbly (1), Eli Anne Sandal (3), Mathilde Haugen, Ingunn Tennebø (2), Bodil Hjelmeset.



To heimekampar å gle seg til i helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Sep 2016

Endeleg. Sesongens fyrste dobbelkamp.

Søndag skal bår seniorlaga i aksjon. Då startar vi med damene sin fyrste kamp for sesongen kl. 13.00. Fyrste utfordring i år er Kjøkkelvik. Grunna studiesituasjonar er det litt endringar i laget frå i fjor, utan at det treng å bety noko anna enn at det gjev ekstra spenning før kampen. Damene er uansett klare til å gje alt for å vise at dei meiner alvor i år òg.

Dersom damene sin 3.divisjonskamp vert veldig spennande, har du akkurat nok tid til å gå deg ein liten tur, samle tankane og kanskje fylle på litt energi, før det brakar laust på nytt, kl. 16.00. Denne gongen er det herrane sin tur. Etter tap i serieopninga førre helg er karane grådig lystne på å revansjere seg.

Det vert eit nytt aust-mot-vest-oppgjer; Gloppen mot Vålerenga. Bygd mot by.

Denne kampen har vi tenkt å spele på stor bane i Trivselshallen, slik at publikum kan få best mogleg utsikt, og få med seg alt som skjer i det vi håpar vil bli ein fartsfylt kamp.

Vi håpar så mange som mogleg tek turen i hallen i helga, gjerne fleire gongar.

Heia GHK!



Seriestart for herrane i 2.divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 31. Aug 2016

Førre sesong var forrykande. Herrelaget feia over det meste av motstand, og etter tre nervepirrande kvalifiseringskampar mot Stryn kunne dei feire at dei skulle spele i 2.divisjon neste sesong.

No er tida komen. No skal karane verkeleg få testa seg.

Søndag kl. 16.00 brakar det laust i Trivselshagen når Bækkelaget vert fyrste hindring. Då er karane klare til å vise at prestasjonane førre sesong ikkje var tilfeldig. At dei er klare til å kjempe om poeng i år og. Klare til å vise kva som bur i dei. Sjølv om ein veit at motstanden vert tøffare.

For det er ikkje til å stikke under ein stol at kampane denne sesongen vert meir krevjande og reisene lenger. Kampen om poenga vil verte hardare, men gleda over sigrane større. I alle fall dersom det trufaste publikumet frå tidlegare sesongar stiller på i år og.

I kvalifiseringskampane viste vi at Gloppen har det beste publikumet. Det håpar vi at vi held fram med å ha!

Altså, søndag kl. 16.00 i Trivselshagen. Vi sjåast!

Heia GHK!



Gjensidige handballskule

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Aug 2016

Vi gjentek suksessen frå vinterferien og satsar på ny handballskule i haustferien. Handballskulen vert arrangert saman med STIL handball, som den var sist.

Vi håpar på mange handballglade deltakarar i alderen 6-13 år. Du kan melde deg på her.


Meir informasjon kjem!



Treningskamp for herrane

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Aug 2016

Så er gutta igang. Etter ei historisk oppkøyring som starta i mars med fast styrketrening hos Kaale på firda.fys.med.senter, var GHK klar til årets første treningskamp. Motstander var Bergsøy som blei nummer 6 i fjorårets 2. div avd. midt-norge. Og ligg i same divisjon som Gloppen i år.

Det skulle vise seg om vi har igjen for 3 felles halltreningar + 2 x styrke i veka. Jens Christian var ute med forkølelse, Ørjan sleikar sol på Kreta og Hans på landslagssamling med dei sterke, så det var mange unge/håpefulle spelarar i startoppstillinga.

Vår årgang av -98 og -99 var velrepresentert, og skulle måle krefter med årgang -84, en tidligere litauisk landslags- og championsleague spelar. Korleis skulle dette gå?

Jens Christian sa etter kampen «eg trudde vi skulle få bank», men slik blei det ikkje. Eirik Hovstad (-98)starter på venstre back og Tarjei B. Vereide (-99) på høgre kant. Hovsen var litt prega av stundens alvor, medan Tarjei viser god attitude og null respekt og scorer likegodt våre 2 fyrste mål. Vi kjem foran fyrste gang 2-3 etter strålande frispeling fra Runar Gåsemyr til Osmund Vereide som er sikker som banken. GHK er blitt forsterka med Vetle Andre Krohn-Olsen Ottersen (innehavar av tidenes lengste GHK-namn). Han har tidlegare spelt for Sandefjord handball og gjorde det strålande i sin fyrste kamp for rødtrøyene. Sampelet framme, spesielt med Edvin, sat meget bra og bakover står han støtt ilag med "Ulvestad/Nystad brothers". Vi spelar periodevis champagne handball og periodevis knapt så bra, men alle har en god kamp og vi veit vi har mykje og gå på. Vegard Sælen finter seg gjennom forsvaret 1 minutt før slutt med mulighet for å utlikne men knallar ballen i treverket. Vi tapar kampen 24-23, men reisar frå Møre med ein riktig god kjensle og er klare for å slå Ørsta ut av cupen laurdag!

Kom bli med på Møre-tur!



Fyrste runde i NM-cupen er klar

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Jul 2016

Etter ein velfortent ferie er det snart klart for ny handballsesong. Herrelaget startar med fyrste runde i NM-cupen laurdag 13.08, kl. 16.00. NB! Kampen var fyrst sett opp i Trivselshagen, men er no flytta til Ørstahallen.

Etter ein imponerande sesong og ei forrykande sesongavslutning vert det spennande å sjå korleis laget ligg an før det brakar laust i andredivisjon til hausten.

Vi oppmodar alle til å møte opp for å heie. Etter det glopparane viste i kvalifiseringsspelet er det ingen tvil om kven som har dei beste supprotarane i alle fall!

Heia GHK!



Siger til H2 i Vestkystcup

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Jun 2016

Herrelaget er godt i gang med sesongoppkøyringa inn mot ein spanande sesong i 2. divisjon. I ein tøff treningsperiode er det alltid kjekt å få på seg drakta, og spele kampar. Difor deltok laget i Vestkystcup i Florø. Her møtte vi to Mathopenlag og Florø.

Mathopenlaga var samansett av spelarar på Bergen Vest sine seniorlag, samt bringlaget til Mathopen.

Laurdag spela vi 2 kampar. Først mot Mathopen 1. I den kampen leia vi i store delar, men tapte til slutt 18-19. Kampen bar preg av at det har vore lite balløkter etter opprykkskampane mot Stryn.

I andre kamp møtte vi eit litt meir rutinert Mathopen lag. Det var eit tydeleg skjerpa GHK-lag til den kampen, og GHK feia Mathopen av bana 21-11.

Søndag morgon stod Florø på den andre banehalvdelen. Eit lag som tapte klart begge sine kampar i laurdag. Og det var tydeleg at GHK vurderte dette som enkel match. Det går sjeldan bra i handball. Etter å ha lege under 10-7 til pause, var det skjerping i 2. omgang. Og GHK vann 17-15.

Etter innleiande kampar vann vi pulja, og møtte såleis Florø (vart nr 4 i pulja) i semifinale. Her vart det klar siger 21-10.

I finalen møtte vi på nytt laget vi tapte mot i innleiinga, og det var tid for revansje. Men enkelt vart det ikkje.

Kampen var jamn heile vegen, og enda uavgjort. Det heile skulle avgjerast på sudden death. Vi tapte myntkastet, men hindra Mathopenskoring.

I vårt første angrep stod Edvin fram og skora. Med det vart vi vinnar av Vestkystcup 2016.

I turneringa svinga naturlig nok prestasjonane. Men laget stod fram med solid lagmoral, og kampane var ei fin avkobling frå treningskvardagen.

Desse var med: Paul, Sindre, Osmund, Runar H., Bjørn Magnus, Erlend, Ørjan, Jens Christian, Eirik, Martin og Edvin (søndag).



Årsfest i GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Mai 2016

I dag var det klart for årsfest for GHK på Gloppen Hotell. Heile 70 stk møtte opp for å feire ein feiande flott sesong - det var stas!

I tillegg til pizza og brus vart det delt ut fleire prisar og det vart gjort stas på dei vi etter kvart kan kalle veteranar i klubben. Ragnhild Ryssdal, Ingvild Slagstad, Osmund Vereide og Vegard Sælen fekk statuett for 50 kampar, medan Linn Kristin Øren og Bjørn Magnus Nystad fekk statuett for 100 kampar i GHK-drakta. Vi takkar for stor innsats og mykje god handball og reknar med det vert fleire kampar i komande sesongar (det håpar vi i alle fall!).

Desse fekk prisar for sesongen 2015/2016:

Innsatsprisen går til ein spelar på kvart lag. Denne spelaren må ha vist stor treningsiver, i tillegg til gode haldningar. For J14 gjekk prisen til Marianne Raad Larsen (GHK1) og Kristine Skinlo (GHK2) og for G14 gjekk den til Meshach Slontee. Julianne Beckmann fekk prisen på J16, medan for seniorlaga var det Amanda Veiteberg og Runar Hellerud som "vann".

Årets toppskårarar for seniorlaga vart Heidi Sægrov og Jens Christian Andenæs. Årets trenar vart Daniel Dammyr.

Den kanskje gjevaste prisen er nok årets spelar. Denne vert delt ut til ei på damelaget og ein på herrelaget. For damene stakk Heidi Sægrov av med den, sin andre for dagen, medan for herrane vart Paul Remi Kvandal heidra etter ein fantastisk sesong. Måtte det verte fleire!

Vi takkar for ein flott sesong og håpar på å sjå alle gamle, og mange nye, spelarar i hallen til hausten, i tillegg til store mengder publikum.

God sommar og heia GHK!



GHK er klar for 2.div

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Mai 2016


I kveld var det klart for den tredje og avgjerande kvallikkampen mellom GHK og Stryn sitt herrelag. For ein triller av ein kamp det vart i Førdehuset. Var dei to føregåande kampane eit drama, så var dette "hinsides" frå start til slutt. Kampen starta med ei tidleg 2-0 leiing til Stryn, men laga følgde kvarandre som skuggar gjennom heile første omgong før GHK fekk ei tomålsleiing til pause. I andre omgong var GHK på det meste oppe i ei firemålsleiing, men Stryn kjempa seg tilbake i kampen. Men GHK held unna til siste slutt og vann med minst mogeleg margin. Men minst mogeleg margin er heilt ok.....GHK er klar for 2.div neste sesong. Nesten like imponerande som herrane sin siger er at minst 200 glopparar hadde teke turen til Førde, og stemninga på tribunen var magisk frå start og til lenge etterpå at kampen var slutt. Meir utfyllande info om kampen kjem nok i Firda Times som var tilstades. Vi seier berre GRATULERER til herrane våre!!!


Uttak til talentsamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mai 2016

Regionen har gjort uttak til talentsamling i Sotra Arena, 4-5.juni.

Frå GHK er June Kleppenes Sårheim teken ut av jentene, medan Håvard Lothe, Kristoffer Hjelle og Markus Heggheim er tekne ut på gutesida.

Vi er stolte, gratulerar og ynskjer lukke til!



Thriller for fulle tribuner

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Mai 2016

I dag var det klart for årets kamp i Trivselshagen. Den fyrste av to kvalifiseringskampar om opprykk til 2.divisjon. GHK mot Stryn.

GHK starta kampen fantastisk. Etter 10 minutt hadde Stryn kun skåra to mål, mot GHK sine 5. Utover i omgangen tok Stryn innpå, og etter 21 minutt var dei ajour på 6-6. Til pause var stillinga 9-9.

Det vart ein målfattig fyrste omgang og ein veldig tettspela kamp. Til stor glede for dei mange frammøtte. Tørr ein å påstå at ein i dag sette publikumsrekord på heimekamp? Det var i alle fall over 300 stk tilstades på dagens kamp. Kjekt var det uansett at så mange tok turen for å lage liv og røre på tribuna!

Den andre omgangen starta som den fyrste. Laga følgde kvarandre tett til det var spelt ca. 10 minutt, då drog Stryn litt frå og leia ein periode med to og tre mål. Mot slutten av kampen vart det litt rot i rekkene, men heimelaget klarte likevel å klore seg fast og hente inn bortelaget. Nesten. Det gjekk nesten. Då dommaren bles av kampen var stillinga 22-23 i favør Stryn.

I ein kamp der mange var gode var det likevel nokre som utmerka seg. Paul Remi Kvandal fekk bestemannsprisen. Utan han hadde tapet vore mykje større. Runar Gåsemyr og Jens Christian Andenæs vart toppskårarar med fem mål kvar. I tillegg må vi nemne ungguten Tarjei Vereide. 16-åringen fekk speletid og svara med eit nydeleg trickskot i mål og ei viktig kontringsskåring mot slutten av kampen.

Dei trakk det lengste strået i dag, men GHK skaffa seg eit godt utgangspunkt til returkampen i Stryn på søndag. Dei har berre eitt mål å hente, og er meir revansjelystne enn nokon gong. Det vert garantert inga enkel oppgåve for Stryn å halde plassen sin i divisjonen.

Vi håpar at så mange som mogleg tek turen til Stryn på søndag for å heie. Fyll opp bilen og ta tidenes søndagstur!

Desse var med i dag: Håvard Husevåg, Paul Remi Kvandal, Sindre Flatjord (4), Preben Indrebø (1), Hans Sande (2), Osmund Vereide (2), Runar Gåsemyr (5), Edvin Øygard, Bjørn Magnus Nystad, Erlend Ulvestad, Jens Christian Andenæs (5), Tarjei Vereide (2), Runar Hellerud, Ørjan Sundal (1).




Siger i siste kamp!

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Apr 2016

Eid opna med scoring på 7m i første angrep. GHK utlikna og laga følgde kvarandre fram til pause.

Jentene leia med 1 mål til pause og stemninga i pausen var god. Vi vart einige om å ha størst fokus på speleglede og tolmodighet i angrep i 2.omgang. Og jentene stod fram på ein imponerande god måte og klarte å gjennomføre det vi hadde blitt einige om. Fart på ballen og avslutning på gode sjansar gjorde at vi hadde føringa i heile omgangen.Midtveis leia vi med 4 mål,men litt udyktighet kombinert med ei uforståeleg utvisning, resulterte i 2 mål til Eid. Med 4 utespelarar og berre 2 måls leiing tok vi timeout og bestemte korleis vi skulle løyse det. Fantastisk jobbing i denne perioden hindra Eid i å score og det var ein strålande gjeng som kunne juble for eitt måls seier.


Flott med ei slik avslutning for desse jentene som har hatt mykje motgang denne sesongen.

Veldig bra innsats og lagmoral både av spelarane på bana og benken.Eit ekstra pluss til Birte som hadde ein strålande dag i mål.


Offisielt seriemeister 15/16

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Apr 2016


Det er aldri mogleg å vite kva Norrøna finn på når dei stiller til kamp. Dei er dei einaste som har vunne over GHK-herrane denne sesongen. Ein sterk prestasjon av eit veteranlag, noko som vitnar om kva som framleis bur i dei.

Norrøna har denne sesongen henta litt yngre forsterkningar, men dei var ikkje å sjå i Trivselshallen i dag. Faktisk var den yngste spelaren 49 år gamal. Og om du stussar på det talet kan vi røpe at den eldste spelaren nett har fylt 61 (!) år. Utan at det skulle tilseie at dei ikkje høyrer heime i divisjonen. Dei ligg faktisk på ein imponerande 2.plass.

Samstundes er det tydeleg at det er nokre år sidan Norrønaspelarane var på topp. Det er ikkje like mykje fart i beina som det ein gong var. Difor vart dei ein enkel match for GHK-herrane, som tok sigeren med tala 34-16.

Det var ingen tvil i dag. GHK hadde kontroll frå start til slutt. Trenar Daniel Dammyr rullerte på laget, og alle fekk kome på bana. Jens Christian Andenæs vart kåra til GHK sin beste spelar i dag, medan Ørjan Sundal vart toppskårar med sine 6 mål.

Alle spelarane fekk fortente medaljar kring halsen etter kampen, samt t-skjorter og ein pokal som prov på bragda.

For det har ikkje vore mykje tvil denne sesongen. Det har vore gode prestasjonar frå ende til anna. Og sjølv om vi hadde håpa at laget skulle hevde seg i toppen, var det nok færre som hadde sett føre seg kaptein Ørjan Sundal løfte pokalen etter siste seriekamp. Men det er ikkje ein draum. GHK er seriemeisterar i herrane sin 3.divisjon for sesongen 15/16.

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Hans Sande (2), Jens Christian Andenæs (4), Preben Indrebø, Eirik Hovstad, Tarjei Vereide (3), Runar Gåsemyr (4), Erlend Ulvestad, Marius Moritsgård (1), Sindre Flatjord (3), Jon Andreas Kornberg (2), Edvin Øygard (4), Ørjan Sundal (6), Osmund Vereide (5).

No er det klart for kvalikkampar for opprykk til 2.divisjon komande sesong. Det er enno uklart kva lag vi skal møte, men kampane vil verte spelt mellom 01. og 08. mai. Så det er berre å merke av i kalendaren og be seg fri frå jobb. Ingen vil vel gå glipp av dette?

Heia GHK!



Siste for sesongen

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Apr 2016

Laurdag kl. 16.00 er det klart for den siste seriekampen for herrane denne sesongen. Då kjem veteranane frå Norrøna på besøk.

GHK-herrane har alt sikra seg seriemeisterskapen før denne kampen, men det er ingen grunn til å tru at det vert ein keisam kamp av den grunn!

Norrøna er det einaste laget som har klart å slå glopparane denne sesongen, og kjenner vi dei rett har dei sikkert lyst til å gjenta det. Vi veit aldri kva veteranane stiller med, men vi veit at dei har fått litt yngre blod inn i laget i det siste, så dette kan verte spennande.

Vi håpar så mange som mogleg har høve og lyst til å kome. Både for å sjå kamp og, ikkje minst, for å feire at "vi" er seriemeisterar denne sesongen. Det er jammen stas!

I tillegg til denne kampen er det to kampar for J14 denne dagen. GHK1 spelar mot Eid kl. 11.00, medan GHK2 spelar mot Eid 2 kl. 14.00.

Heia GHK!



Norunn tok attval

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Mar 2016

Tysdag 29.03. var det årsmøte for GHK på Gloppen Hotell. Trass lite oppmøte (kun 12 stk møtte), gjekk alt fint føre seg og både årsmelding, rekneskap og budsjett vart godkjent.

Den kanskje mest spennande posten på programmet var valet, som vanleg. Før møtet var det knytt stor spenning til om klubben ville ha leiar når vi reiste heim eller om vi ville stå utan leiar ei stund.

I hovudstyret var fire stk på val. Knut Roger Nesdal sa nei til attval og gjekk dermed ut av styret. Jonas Alander sa ja til å vere kasserar i eitt år til, medan Helene Horne Sundal gjekk på to nye år som sekretær. I tillegg kom Hildegunn Austrheim Buene inn som nestleiar, eit sterkt og godt tilskot til styret. Den mest gledelege nyhenda for kvelden var utan tvil at Norunn Sunde sa ja til å ta eitt år til som leiar. Ho hadde i utgangspunktet sagt nei, men endra heldigvis meining i siste liten. Hurra for det!

Både økonominemnda og valnemnda manglar litt folk enno, men så snart dette er på plass vert lista under administrasjon i toppmenyen, oppdatert.

Tusen takk til valnemnda, ved leiar Ingrid Gimmestad, for ein god jobb med å skaffe folk. Det er inga enkel oppgåve, men vi er glade og takksame for at noko tek på seg dette arbeidet.

Vi i hovudstyret gler oss til starte arbeidet for komande sesong så snart som råd!



Seriemeister 15/16

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Mar 2016

Vi visste at dersom GHK-herrane sikra seg minst eitt poeng i dagens kamp ville dei sikre seg seriemeistertittelen òg, men det var inga sjølvfølge mot Os, som skulle vise seg å vere ein tøff motstandar.

Det vart ein jamn kamp. Ein spanande kamp. Ein kamp med frustrasjon, med sinne, med glede og med lettelse. Det vart underhaldning av beste sort.

Laga følgde kvarandre tett, men Os drog det lengste strået før kvilen og gjekk til pause med 11-8 leiing. Mykje av grunnen til dette var problem framover på bana. Det ville seg ikkje heilt, og GHK opplevde ei lita måltørke. Ei tørke som heldt fram i byrjinga av den andre omgangen og.

Fyrst etter 20 minutt av den andre omgangen var GHK ajour med Os på stillinga 16-16. Samstundes med at GHK pådrog seg ei utvising.

Fire minutt seinare hissa trenar Daniel Dammyr seg opp over ei ukorrekt dommaravgjersle. Det kokte litt for han, og laget vart hardt straffa. Fire minutt med ein mann mindre på bana og resten av kampen utan trenaren på benken. I tillegg låg dei under med to mål, 17-19. Kunne dette gå?

Det kunne ha knekt laget. Det kunne ha skapt usikkerheit og forvirring. I staden skapte det vinnarvilje.

Os vart tvinga til å ta timeout då GHK utlikna til 19-19 berre to minutt seinare. Framleis med ein mann mindre.

30 sekund før slutt var stillinga 20-20. GHK hadde ballen. Heile publikumet sat ytst på setekanten. Så skjer det. GHK avsluttar, og bommar. Heldigvis var Jens Christian Andenæs vaken. Han fekk kriga til seg returen og satt ballen i mål i siste sekund. Bokstavleg tala. Sjeldan har vi sett så glade og letta GHKarar på bana. Etter ein forrykande sesong, og med ein kamp att å spele, kan dei kalle seg seriemeisterar i 3.divisjon 15/16. I tillegg skal dei spele kvalikkamp om opprykk til 2.divisjon.

Det er stort. Rett og slett stort.

I ein kamp som denne er det passande at så mange teikna seg på skåringslista. Det var ein lagsiger, utan tvil. Toppskårar for dagen var ungguten Tarjei B. Vereide med sine fire mål. Men det var ingen tvil om kven som skulle stikke av med bestemannsprisen. Paul Remi Kvandal spela nok ein stor kamp mellom stengene og heldt i periodar laget inne i kampen.


Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Håvard Husevåg, Tarjei Bjørkum Vereide (4), Osmund Bjørkum Vereide (3), Preben Indrebø (1), Erlend Ulvestad, Eirik Hovstad, Runar Gåsemyr (1), Marius Moritsgård, Jens Christian Andenæs (3), Ørjan Sundal (2), Sindre Flatjord (3), Jon Andreas Kornberg (2), Runar Hellerud (1).



Jamn start, overlegen siger

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Mar 2016

Etter tapet mot Åsane i går, var nok damene gira på å vinne dagens kamp mot NHHI i Trivselshagen. Kanskje vart dei òg inspirert av herrane sin siger i kampen før.

Kampen starta jamnt, og etter halvspela fyrste omgang var stillinga 7-7. Samstundes som at GHK fekk ei dame utvist. Dette kunne ha vore kritisk for GHK, men damene kjempa godt og hadde ei god Linn Kristin Øren i målet. Ho slapp berre inn tre mål dei siste 15 minutta av omgangen, medadn GHK skåra ni. Dermed kunne GHK gå til pause med 16-10 leiing.

I den andre omgangen var det ingen tvil og kvar poenga skulle hamne. Heidi Sægrov skåra heile 12 mål i kampen og tok mykje ansvar framover, saman med Amanda Veiteberg. Bakover var Linn Kristin Øren stor i dag, og vann fortent bestemannsprisen.

Då dommaren bles av kampen lyste tavla 26-18 til GHK og både spelarar, trenar og dei frammøtte kunne juble. Midt i jublen vart det òg tid til å heidre jubilanten Daniel Dammyr som fylde 30 i dag. I tillegg til fire av fire moglege poeng, fekk han gåve, blomar og jebussong. Vi gratulerar igjen, med både siger og den store dagen!

Desse var med i dag: Linn Kristin Øren, Heidi Sægrov (12), Torill Henden Gaasø (2), Ingvild Slagstad (1), Malin Isane Førde, Ingeborg Aasebø, Lea Marie Glomnes (1), Rebekka Vereide Kroken, Ingrid Gimmestad (1), Amanda Veiteberg (7), Marte Sunde Hjelle, Lena Fossen (1), Hege Roth-Andenæs (1).




Tap for damene

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Mar 2016

Den fyrste av totalt tre seniorkampar denne helga er no ferdigspela. Det enda diverre med tap for damene mot Åsane.

Åsane var rekna som eit sterkare lag enn GHK i utgangspunktet, men det skal seiast at GHK var heilt på høgde med gjestane store selar av kampen. Gjennom heile den fyrste omgangen veksla dei mellom å vere eit og to mål bak og å ligge på uavgjort. Rett før pause hadde dei høve til å utligne til 14-14. I staden vart det bom og Åsane kunne skåre, og gå til pause med tomålsleiing, 13-15.

Etter kvilen stemde det ikkje heilt bakover for damene. Det var litt for mange hol i forsvaret til at dei klarte å henge heilt på Åsane. Dette resulterte i at gjestane reiste litt ifrå og halvvegs i omgangen var stillinga 20-26 til Åsane.

GHK henta seg litt inn, og låg berre fire mål bak med ca. 10 minutt att på klokka. Litt rot og ein tominuttar gjorde diverre at det vart litt for langt opp til siger i dag. Åsane vinn 29-36.



Torill Henden Gaasø vart kåra til GHK sin beste spelar, i konkurranse med Heidi Sægrov og Amanda Veiteberg. I tillegg hadde Linn Kristin Øren fleire avgjerande og gode redningar.

Dette var ein kamp som var rekna for å verte tøff, og damene skal ha ros for å henge godt med store delar av kampen. I morgon er det blanke ark og nye sjansar - då kjem NHHI på besøk, og vi har trua på poeng til GHK-damene!

Desse var med i dag: Linn Kristin Øren, Heidi Sægrov (10), Ingrid Gimmestad (2), Amanda Veiteberg (4), Marte Sunde Hjelle, Ingvild Slagstad (1), Malin Isane Førde (1), Hege Roth-Andenæs (1), Lea Marie Glomnes, Torill Henden Gaasø (7), Rebekka Vereide Kroken, Lena Fossen (3), Ingeborg Aasebø.

Heia GHK!



Klart for ny handballhelg i Trivselshallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Mar 2016

Denne helga kan GHK (forhåpentlegvis) by på fleire godbitar i Trivselshagen. Damelaget møter Åsane til kamp kl. 15.30 på laurdag og NHHI kl. 13.00 på søndag.

Etter tre strake sigrar bør det vere eit lag med mykje sjølvtillit vi ser i aksjon denne helga. Åsane ligg på tredjeplass på tabellen, ein plass over GHK, men med fleire poeng på færre kampar. Det er likevel inga umogleg oppgåve for damene våre, som vi såg mot topplaget Fyllingen for to veker sidan. NHHI er, tabellmessig, litt svakare med GHK, sjølv om dette ikkje treng vere noko indikasjon på noko.

Det ligg altså ann til mykje spenning kring desse kampane. Og det vil du vel ikkje gå glipp av?

Og som om dette ikkje skulle vere nok handballmoro for ei helg, så kan vi jammen by på herrekamp og! Søndag, alt kl. 11.15, tek herrane imot Os til kamp. GHK har så langt vore ganske suverene denne sesongen, og det er vel ingen grunn til å stoppe no!

Sesongen går mot slutten, og det vil seie at du snart ikkje har fleire sjansar til å sjå ekte gloppehandball "live". Nytt difor høve i helga, før det er for seint! Vi sjåast i hallen.

Heia GHK!



Sju av åtte poeng i GHK-potten

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Mar 2016

Etter at fire kampar er ferdigspela i Bergen kan vi juble for at sju av dei åtte poenga som sto på spel, hamna i GHK sine hender.

Damelaget tok sin tredje strake siger då dei slo Sotra 2 med sifra 17-18. Meldingane frå by´n seier at dette var ein klassisk slitesiger. Det ville seg ikkje heilt framover, men til gjengjeld stod dei ein knallkamp bakover. Forsvaret og målvakt Linn Kristin samarbeidde godt og særleg mange gode målvaktsredningar vart avgjerande i dag. GHK veksla mellom å ligge to-tre mål forran og å vere på uavgjort gjennom heile kampen, men klarte heldigvis å kapre alle poenga til slutt.

Med denne sigeren klatra damene til ein gledeleg fjerdeplass på tabellen, men marginane er små kring plassane midt på tabellen, så ingen ting er sikkert før siste kamp er spela.

GHK-damene har no fire kampar att denne sesongen, tre i Trivselshagen og ein på bortebane mot Jotun.

Herrane møtte eit lag frå Sotra som var omlag totalt endra frå førre møte. Det vanlege laget var byta ut med spelarar frå 2.divisjonslaget til Sotra, noko som skapte litt større utfordringar for karane våre, men som samstundes gav god trening til kvalikkampen om opprykk.

Sotra 2 tok sin fyrste siger for sesongen i då dei slo Eid. I dag låg dei lenge ann til å ta sin andre siger, for GHK-gutta låg litt bakpå heile den fyrste omgangen. Dei var ikkje heilt vakne. Stillinga var 15-11 til Sotra 2 til pause. Noko måtte gjerast.

I pausa fekk GHK justert litt, og sjølv om dei låg litt bakpå i byrjinga av denne omgangen og, tok dei etter kvart innpå. Det vart gjort ein del feil framover, men forsvaret satt godt, noko som resulterte i siger til GHK, 25-29.

No gjenstår kun to kampar av serien denne sesongen. Neste helg kjem Os til Trivselshallen og 2. april vert serien avslutta mot veteranane frå Norrøna, også det i Trivselshagen. Før sesongen avsluttast med kvalikkampar om opprykk til 2.divisjon.

Heia GHK!



God dag i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Mar 2016

To av fire kampar denne helga er ferdigspela, og det med gode resultat.

Damene opna mot BSI, og gjorde sakene sine godt. Heidi putta dei tre fyrste og GHK kom dermed godt i gang. Utover i kampen var det mykje sløsing med sjansar, men heldigvis gjaldt dette for båe lag. Dette gav utslag i pauseresultatet 10-10.

Etter kvilen var det jamnt mellom laga. Rapportane frå Bergen seier at Amanda, Ingvild og Linn Kristin var sentrale, då dei til slutt kunne juble for siger 22-24. Dette er gode poeng å ta med seg, samstundes som den viktige sjølvtilliten nok steig nok eit hakk. Det lovar godt for kampen mot Sotra 2 i morgon.

Herrane skulle i elden etter damene. Dei slo BSI komfortabelt på heimebane, men det er aldri noko garanti for siger på bortebane.

Karane opna godt og leia 7-2 etter halvspela fyrste omgang. Til pause var stillinga 12-9 i favør GHK. Etter kvilen hadde GHK god kontroll og leia med fem mål. Då byta ein litt på laget og BSI kom opp i rygg. Sjølv om GHK drog litt frå att, var det ikkje nok til å ta begge poenga. Kampen enda 24-24.

Ryktene seier at Paul Remi skal ha mykje av ære for at det vart eitt poeng i dag. Han var suveren. Redda tre - fire straffer og stod som ein vegg.

I tillegg seiast det at BSI var veldig gode i dag, og det var ikkje gitt kvar poenga skulle hamne. Vi er glade for det poenget vi fekk og konstanterar at GHK no er klare for kvalikkamp om opprykk til 2.divisjon! Det er stort!

I morgon møter herrane Sotra 2. Sotra 2 har i dag teke sesongens fyrste poeng, då dei slo Eid 24-17, så ein skal ikkje ta sigeren på forskot på nokon måte. Det vert spennande å sjå!



Bergenshelg for seniorlaga

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Mar 2016

Medan Gloppen er opptekne med U19NM i volleyball, pakkar seniorlaga treningsbaggen og reiser til Bergen for å kjempe om poeng der.

Kampane denne helga er lagt opp heilt perfekt for alle glopparar som er i Bergen og vil sjå både damene og herrane spele. Laurdag er Fantofthallen staden å vere. Fyrst spelar damene mot BSI kl. 13.45, før herrane møter same klubben kl. 15.30. Dersom vi brukar tabellen som rettningslinje (sjølv om dette er ei høgst upåliteleg kjelde til tider) er BSI eit lag damene bør ha god sjanse til å ta poeng mot. På herresida er BSI eit av dei få laga som kan utfordre GHK, så det kan verte spennande.

Her er det altså berre å benke seg ned for fleire timar med handballmoro.

Og som om ikkje det var nok, er det klart for ny dobbelkamp på søndag, også desse i same hall. Då er det Sotra Arena som gjeld. Der møter damene Sorta 2 kl. 11.15 og herrane møter Sotra 2 kl. 17.15.

Her kan vi kanskje sjå det ann til at damene vil få ein tøffare kamp enn herrane. Sotra 2 ligg på fjerdeplass i damene sin serie, mot Gloppen sin sjette, så dette kan verte ein jamn kamp. På herresida har Sotra 2 enno til gode å ta poeng i årets serie. Då må ein, med ei viss tyngde, kunne utrope GHK-herrane til soleklare favorittar i denne kampen.

Vi håpar alle som er i Bergensområdet i helga vil ta turen på kamp(ar). Det veit vi både damene og herrane set stor pris på!

PS: Dersom noko tek fine bilete eller han nokre ord om kampane dei vil dele med GHK-supportarane kan dette sendast som ei melding på facebooksida til GHK, eller på ghk.handball@gmail.com.

Heia GHK!



Serieleiaren inga hindring for damene våre!

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Feb 2016

Damelaget har den siste tida vore inne i ein litt svakare periode. Under kampen mot Florø viste dei at dei var på veg oppatt, sjølv om det enda med eit surt tomålstap. I dag var det serieleiar Fyllingen 2 som sto på motsett banehalvdel. Ei stor oppgåve, utan tvil.

Gloppedamene fekk ein "flying start", bokstavleg tala. Heidi Sægrov hoppa fint gjennom og skåra kampens fyrste mål på ein flott flygar. Då var standarden sett. Etter ni minutt såg Fyllingen seg nødt til å ta timeout. Då var stillinga 6-1 til GHK! Og det skulle ta over 12 minutt før Fyllingen fekk sitt andre mål i kampen. Forsvaret satt og målvakt Linn Kristin Øren hadde ein god dag mellom stengene.

Med ca. fem minutt att av den fyrste omgangen var Fyllingen oppe på 10-8, men når laga gjekk til pause var GHK i føringa med 13-9. Til stor glede og entusiasme frå dei frammøtte.

Den andre omgangen var ikkje like sterk som den fyrste, men gjestane kom aldri nærare enn tre mål bak. Etter 20 minutt tok Fyllingen timeout att, denne gongen på stillinga 19-16. Men også denne gongen til lita nytte. To minutt etter var GHK oppe i 21-16, og trass i litt rot i sluttminutta sikra damene sigeren med sifra 24-21. Og lite er kjekkare enn å vinne ein kamp, på overbevisande vis, som "ingen" heilt turde å håpe på siger i!

I ein kamp der fleire var gode og laget stod fram som samkøyrde og samansveisa var Heidi Sægrov kåra til GHK sin beste spelar for dagen. Ho skårar sju mål og skapar ein tryggleik for heile laget.

Desse var med på dagens siger: Linn Kristin Øren, Siri Opheim, Lena Fossen (1), Ingunn Tennebø (2), Ingeborg Aasebø, Ingrid Gimmestad, Irene Slagstad (4), Amanda Veiteberg (4), Guro Tennefoss, Marte Sunde Hjelle, Hege Roth-Andenæs (2), Ingvild Slagstad (4), Lea Marie Glomnes, Heidi Sægrov (7).

Neste helg ventar BSI og Sotra 2 på bortebane i Bergen. Då vert det spennande å sjå kva damene kan få til!

Heia GHK!



Vakna i tide

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Feb 2016

Bergenslaget Gneist kom i dag til Trivselshallen for å møte Gloppen sitt herrelag. Med seg i bagasjen hadde dei skarve seks poeng. Mot Gloppen sine 23, på like mange kampar.

På papiret skulle dette vere enkle poeng for GHK, men klisjear som "ballen er rund" og "kvar kamp lever sitt eige liv" eksisterar ikkje utan grunn. Det fekk vi prov på i dag.

Det tok heile 7 minutt i den fyrste omgangen før GHK skåra, heldigvis hadde Gneist til då berre fått ein ball forbi GHK-forsvaret. Men det ville seg ikkje heilt resten av omgangen heller. Til pause var stillinga 11-10 til GHK.

Den andre omgangen starta litt som den fyste. Det gjekk fire minutt før GHK skåra, og stillinga var då 12-12. Etter dette drog Gneist ifrå med eit par mål, før GHK starta opphentinga. Med fire minutt att på klokka var dei ajour på 21-21 og då dommaren bles av kampen var GHK i føringa med to mål, 23-21.

I spissen for opphentinga stod, mellom anna, brørne Bjørkum Vereide. Yngstemann Tarjei stod imponerande godt i forsvaret, medan storebror Osmund skåra fem mål, på fem sjansar, i løpet av dei siste 8 minutta av kampen. I tillegg til desse stod Paul Remi Kvandal ein god kamp mellom stengene og dagens mann for GHK, Sindre Flatjord, bidrog mykje med sine fem mål og gode innsats.

I ein rufsete kamp tek GHK med seg 2 poeng vidare i kampen for opprykk til andredivisjon.

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Håvard Husevåg, Tarjei B. Vereide, Osmund B. Vereide (5), Runar Gåsemyr (5), Eirik Hovstad, Runar Hellerud (1), Bjørn Inge Flølo Kleppe, Ørjan Sundal (2), Preben Indrebø (4), Sindre Flatjord (5), Jon Andreas kornberg, Marius Moritsgård (1).



Nesten, men ikkje heilt for damene

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Feb 2016

I dag, laurdag, tok damelaget vårt imot Florø-damene i Trivselshagen til kamp. Med tilsvarande kamp i Florø for litt sidan i minne (utan at vi treng å snakke meir om den) var det mange som var spente på denne kampen.

Damene måtte klare seg utan spelarar som Heidi Sægrov og Torill Henden Gaasø, men til gjengjeld er veteranane Ingrid Gimmestad, Hege Roth-Andenæs og Linn Kristin Øren komne inn som forsterkningar i laget.

I starten av kampen var det Florø som styrte mest. Sjølv om GHK på ingen måte var hekta av til pause, hadde Florø-damene ei grei leiing på 9-16 før den andre omgangen.

Etter kvilen var GHK-damene meir "på". Dei fyrste 6 minutta vann dei 4-1, og knappa med det inn på leiinga. Florø kom godt innatt i kampen etter kvart, men det vart spenning i kampen. Kring midt i omgangen var GHK plutseleg på skorhald til å ta poeng, mykje takka vere flotte redningar av Linn Kristin Øren og storskårar Amanda Veiteberg, som ikkje stoppa før ho hadde skora heile 12 mål.

Med nokre få minutt att på klokka var GHK berre to mål bak. Diverre vart det litt for lita tid til å hente inn heile leiinga, men laget viser gode takter etter ein litt svakare periode.

Dagens spelar på GHK vart, ikkje overraskande, Amanda Veiteberg. Ho skåra halvparten av GHK sine mål denne kampen og skapte mykje trøbbel for Florøforsvaret.

Desse var med i dag: Siri Nikoline Opheim, Linn Kristin Øren, Marte Sunde Hjelle, Guro Tennefoss (1), Lena Fossen (1), Amanda Veiteberg (12), Ingvild Slagstad (4), Irene Slagstad (2), Ingeborg Aasebø, Lea Marie Glomnes (1), Ingunn Tennefoss, Hege Roth-Andenæs (2), Ingrid Gimmestad, Julia Ervik Bugjerde (1).

I morgon møter dei tabelltoar Fyllingen 2, også det i Trivselshagen. Vel møtt!

Heia GHK!



Full kontoll i naboduellen

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Feb 2016

I dag, søndag, tok herrelaget vårt turen over fjorden for å møte Eid til kamp i herrane sin tredjedivisjon. GHk må klare seg utan storskårar Jens Christian Andenæs resten av sesongen, men det påverka ikkje dagens kamp.

Rapportane frå Eid seier at GHK hadde full kontroll heile kampen, og at det aldri var tvil om kvar poenga skulle hamne. Bakover fungerte det meste i den fyrste omgangen, noko som, saman med mykje fint angrepsspel, resulterte i at GHK kunne ta pause på stillinga 2-16. Ei relativt komfortabel leiing, altså.

I den andre omgangen slapp dei litt opp bakover, men aldri nok til at Eid kunne ha håp om å ta dei att. Sluttresultatet vart 13-27 i favør glopparane, som med det befesta sin posisjon på tabelltoppen.

Det var fleire som viste seg fram i dagens kamp, men framfor alt var dette ein lagsiger der alle bidrog til at eidarane sat att utan poeng denne gongen òg.

No ventar nokre veker med spelepause og mykje god trening, før ein spennande innspurt på sesongen.

Heia GHK! Vi gler oss til framhaldet!



Stang ut for damelaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 31. Jan 2016

I dag var Årstad 2 på vitjing i Trivselshallen for å møte damene frå Gloppen. Laga ligg relativt jamnt ann på tabellen, med GHK litt forran.

Kampen i dag starta svakt, og GHK var bak 1-4 etter 10 minutt. Då tok lagleiar Kjell Aske timeout. Det såg ut til å hjelpe. Etter 15 minutt var laga likt på 4-4. Resten av omgangen følgde laga kvarandre tett og til pause var stillinga 11-11.

Den andre omgangen starta godt, med GHK i leiinga med eitt og to mål, men Årstad 2 tok dei att og reiste etter kvart i frå med eit par mål. Sigeren var lenge innan rekkevidde, men damene våre måtte til slutt sjå seg slått med tala 22-27.

Positivt i dagens kamp var at veteranane Ingrid Gimmestad og Hege Roth-Andenæs var tilbake i GHK-drakta. I tillegg varta dei to keeperane våre opp med fleire gode redningar. Torill Henden Gaasø vart kåra til GHK sin beste spelar. Ho spela godt både i forsvar og i angrep og skåra sju mål.

Diverre vart det alt for mange bomskot til å kunne vinne poeng i dagens kamp. Siktet var ikkje heilt finstilt frå starten og sjølv om det vert 22 mål til slutt, hadde GHK nok av sjansar til å sette fleire ballar i nettet. Vi håpar, og trur, at damene nullstiller seg raskt og er klare til kamp att snart. Dei får no ein god treningsperiode før neste kamp og kjem nok sterkare tilbake.

Desse var med i dag: Siri Nikoline Oppheim, Birthe Una Liseth, Heidi Sægrov (3), Ingvild Slagstad (5), Ingrid Gimmestad (1), Hege Roth-Andenæs, Irene Slagstad (5), Lea Glomnes, Rebekka Vereide Koken, Ingeborg Aasebø (1), Torill Henden Gaasø (7), Malin Isane Førde, Marte Sunde Hjelle.



Handballskule

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Jan 2016

GHK skal, i samarbeid med STIL arrangere Gjensidige handballskule i vinterferien (veke 7). Dette er ein tredagarsskule (måndag-onsdag) med mykje handballmoro.

Alle mellom 6 og 11 år kan melde seg på ved å følgje lenkja under. 12-åringar kan melde seg på direkte til STIL eller GHK.

Fristen er 4.februar.

For meir informasjon, og påmelding, trykk her.

Kontaktperson, Norunn Sunde 99505363



Månadens spelar for desember

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Jan 2016

Tradisjonen tru har ein jury, i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, kåra månadens spelar for desember.

Denne månaden fall valet på keeperveteran, Paul Remi Kvandal. Paul Remi har vore stabil på herrelaget i ei årrekke og bidreg positivt i laget. I tillegg til rutine, stiller han med innsats og stå-på-vilje på alle treningar og i alle kampar.

Vi gratulerer med ein velfortent pris, og gler oss til mange fleire år med Paul Remi som sisteskanse i GHK-drakta!



Herrane fekk revansj!

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Jan 2016

I dag, søndag, var Kjøkkelvik 2 på vitjing i Trivselshallen. Ettersom det er desse to laga som ligg på fyrste og andre plass på tabellen var det klart for eit skikkeleg toppoppgjer.

Då laga møtast i Bergen før jul, anda kampen uavgjort. Det var nok difor ein revansjelysten gjeng som endra bana i dag.

I den fyrste omgangen følgde laga kvarandre jamnt, men GHK stort sett eitt, to og tre mål foran. Til pause var stillinga 13-12 i favør GHK.

Karane må ha vorte einige om eit kvart i pausa, for i løpet av dei 6 fyrste minutta gjekk dei frå 13-12 til 19-13. Derifrå såg dei eg ikkje tilbake. Leiinga auka på gjennom omgangen, og stansa til slutt på 32-23 til GHK. Overbevisande siffer.

Der Kjøkkelvik 2 hadde ein mann som skåra 12 av 23 mål, hadde GHK fleire som melde seg på. Jens Christian Andrenæs og Runar Gåsemyr enda på delt toppskårarplass med ni mål kvar. I tillegg viste fleire spelarar seg fram, som til dømes Marius Moritsgård som viser musklar på strek og skårar fire flotte mål.

I ein kamp der fleire melde seg på i kampen om dagens spelar var det Jens Christian som til slutt stakk av med prisen.

Desse var med på dagens siger: Paul Remi Kvandal, Håvard Husevåg, Osmund Vereide (2), Tarjei Vereide, Ørjan Sundal (3), Jens Christian Andenæs (9), Vegard Sælen, Runar Gåsemyr (9), Sindre Flatjord (4), Jon-Andreas Kornberg, Marius Moritsgård (4), Runar Hellerud, Eirik Hovstad, Erlend Ulvestad (1).

Vi gler oss til framhaldet!

Heia GHK!



Herrane får besøk av Kjøkkelvik 2

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Jan 2016

På haustdelen av sesongen var det berre Kjøkkelvik 2 som var i nærleiken av å tukte GHK-herrane, då dei greidde uavgjort i borteoppgjeret. Søndag kjem dei til Trivselshagen for å prøve å ta fleire poeng enn sist.

Herrane våre har spela over all forventning denne sesongen. Det fyrste tapet kom førre helg mot veteranane frå Norrøna.

Denne helga er nok karane veldig lystne på ein ny siger! Møt gjerne opp i Trivselshagen søndag kl. 14.45 for å heie dei fram til tre poeng.

Heia GHK!



Ol-elden kjem til Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Jan 2016

I samband med at ungdoms-OL vert arrangert på Lillehammer i år, kjem OL-elden til Stryn fyrstkomande fredag.

Det vil verte litt arrangement kring dette, og alle som vil er invitert!

Sjå litt på informasjonen på lenkja under, og ta gjerne turen!

https://www.idrettsforbundet.no/contentassets/5f00...



Kamphelg for G14 og K3

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Jan 2016

G14 skal i aksjon to gongar denne helga. Dei spelar mot Syril i Leikanger på laurdag, før dei møter Stryn på heimebane på søndag. Gloppen ligg på ein delt fyrsteplass på langt i sesongen, så her må det vere lov å håpe på fire nye poeng.


K3 skal i aksjon mot Florø i kystbyen på laurdag. Gloppen ligg her midt på tabellen, fire poeng forran Florø. Damelaget har så langt ikkje vore like suverene som herrelaget, men Florø bør vere mogleg å ta poeng frå. Vi kryssar i alle fall fingrane for det!


Heia GHK!