Godt Nytt År

Postet av Gloppen Handballklubb den 31. Des 2011

GHK ynskjer alle idrettsvener eit riktig godt nytt år



Gutelaget slo damelaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Des 2011

I ein internkamp mellom damelaget i 3.divisjon og gutelaget, var det gutane som drog det lengste strået og vann 33-27 etter 17 - 17 til pause.  Meir om kampen er lova av diverse damer.......


Mange frå GHK til RUM samling i Årdal

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Des 2011

Det er gjort uttak til RUM (regionalt utviklingsmiljø) samling i Årdalshallen onsdag 11.januar 2012.  Dette er ei samling for gutar og jenter fødde i 94-97, og vil vare frå ca kl 12.00 til 19.30.

The twins til samling i Årdal

Sigrid og Elise til samling i Årdal

Frå GHK er desse tekne ut: Sigrid og Elise Heien Hansen, Christine Slagstad, Daniel H Reed, Ørjan Sundal, Vegard Sælen, Osmund Vereide, Evald Devik, Erlend Ulvestad, Mikael Alander, Magnus A Morritsgård, Sander Nesdal, Hans Sande og Lauritz Bjørnereim.


K3 vs. G16

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Des 2011

Torsdagens treningskamp mellom damene og G16 var jamn. Gutane tok leiinga frå start og få minutt ut i kampen leda deimed 3 mål. Men damene hang seg fast og til pause var stillinga 17-17.  Før kveldens kamp hadde dei spelt 3 treningskampar mot kvarandre, og stillinga var 2-1 i damenes favør og damene var gira på enda en siger. 

Gutane begynte godt og fekk den tidlege leiinga, men damene kjempa seg inn i kampen og med stillinga 17-17 til pause var ingenting avgjordt. 
Andre omgang var som første veldig jamn, og damene låg aldri langt bak gutane, men i forsvar sleit damene med å stå imot gutane. Gutane vart rett og slett for sterke i nokre situasjoner. Men i angrep spelte damene godt og det gjorde til at målforskjellen ikkje vart større. 
Når fløyta gjekk viste tavla 27-32 i favør gutane. Så stillinga etter 4 spelte treningskampar er 2-2. 

Damene: Linn Kristin, Benedicte, Malene (1), Bodil (6), Hege (5), Ingvild, Maria (4), Marte (4), Torill (2), Elise (1), Celina (4) 

G16: Olav, Daniel, Vegard (6), Ørjan (4), Åsmund (5), Bendik, Kissner (1),     Osen (3), Erlend (3), Sander, Peter, Odd Martin (2), Evald (3), Kleppe (5)



Lenge sidan du har vore i Firdahallen?

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Des 2011

Då har du sjansen i kveld. Damene møter G16 til uhøgtidleg dyst. Kampstart ca kl 18. Spørsmålet er om gutane har ete for mykje sjokolade og spelt for mykje playstastion... Damene er iallefall gira på seier!

 



GHK herrane vann treningskamp

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Des 2011

GHK sitt herrelag vann i dag 30-27 over eit blanda lag med tidlegare GHK spelarar.  Blandalaget var samansett unge lovande handballspelarar som no stort sett er spreidd rundt om i landet + den "evigunge" ringreven Finn Hauge. Kampen var jevn heile vegen, men "bikka" i favør av dagens GHK lag mot slutten.  Kanskje vart kondisjonen avgjerande?  Finn Hauge synte iallefall at for enkelte er alder inga hindring for å prestere på handballbana.  Han enda truleg opp som toppskårar for blandalaget, der også to av sønene briljerte med fint spel.  Bjørn Roth sitt mannskap fekk truleg den gjennomkøyringa dei var ute etter, og er venteleg i god rute mot andre halvdel av sesongen.


GOD JUL

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Des 2011

Vil med dette ynskje alle lesarar av heimesida ei retteleg god og fredfull julehøgtid. Nyttar samstundes høve til å takke alle aktive og alle i støtteapparatet rundt klubben for fantastisk flott innsats i året som har gått.

Øystein Sundal

leiar



Treningstider i romjula

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Des 2011

I romjulsveka er det ikkje ordinær treningstid for laga våre.  For damelaget sin del har Øyvind sett opp fylgjande treningstider:  Tysdag 27. er det trening frå 15.00 til 16.30.  Torsdag 29.  er det treningskamp mot gutelaget.  Vi har hallen frå 17.30 til 19.30.  Fredag 30. trenar damelaget frå 11.00 til 12.30.  På desse treningane er K5 og J16 også velkomne. Bjørn Roth har, for herrelaget sin del, sett opp fylgjande:  Onsdag 28. har vi hallen frå 11.00 til 15.00.  Bjørn har opplegg her.  Fredag 30. trenar herrane frå 14.00 til 15.30.


Øyvind utfordrar Torbjørn og Gunnar.......igjen!

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Des 2011

Det er straks julehelg, men handballfolket ligg ikkje på latsida og trenar uavbrote.  Når det no er kamppause ei stund, har dametrenar Øyvind og gutetrenarane Torbjørn og Gunnar avtala treningskamp torsdag i romjula kl. 18 i Firdahallen.  Dette vert fjerde treningskampen mellom desse laga i år, og damene leiar 2-1 så langt.


Erlend Ulvestad er teken ut som reserve til landslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Des 2011

GHK sin gutespelar Erlend Ulvestad  er teken ut som reserve til den første landslagssamlinga for vårt yngste landslag på gutesida, LM96.  Dette er landslag for 96 og 97 modellane.  Samlinga er i Skien frå 16. - 22. januar.  Trenarar er Daniel Birkelund og Mika Nurmi. 


Ørjan Sundal til tops i VM-manager

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Des 2011

Det var Ørjan som til slutt drog det lengste strået med Kissner hakk i hæl.
Ørjan Sundal og Andreas Kissner toppa VM-manager
Så er endeleg spenninga utløyst. Det vart TEAM ROCKET (tydleg at eigaren har sett ein del på Pokèmon opp gjennom åra) som gjekk sigrande ut av den vanvittig spanande konkurransen på Sjedu Cupen. 

Tem Rocket enda på 886 poeng medan BreimsbygdeJ10 fekk 884 poeng. Hadde ein av splarane til Kissner scora eit mål meir ville han ha vunne. Begge hadde Sulland og Carla Martin frå Spania som sine største poengplukkarar. Dei to gjorde det også skarpt på landsbasis. Det var påmeldt over 8200 lag og Ørjan vart nr. 77 og Kissner nr. 81.

Det er nesten så at ein føler litt med Morits som hadde sigeren i lomma til siste runde, men med doble poeng i avslutninga heldt det ikkje heilt inn. Men no er det nye sjansar i januar då det er EM for herrar. Dei som vil vere med i toppen må byrja å bu seg på nye konkurransar NO. Ørjan kunne røpe idag at hans lag alt er klart.

Det er tydeleg at gutane har greie på handball og har taktiske evner. Sjedu Cupen vart 5. beste privatliga i Norge (summen av dei 5 beste i kvar liga) i konkurranse med 266 andre.

Då kan vi avslutningsvis opplyse om at dei norske damene vann VM, men det kjem vel litt i skuggen av den dramatiske avslutninga på Sjedu Cupen.


Daniel Hjolhman Reed til regionslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Des 2011

Også vår eminente G16 målvakt Daniel Hjolhman Reed er tatt ut til samling for regionslag i romjula.  Dette er ei samling for 94 og 95 modellane og samlinga er i Olsvikhallen 27. og 28.desember.  Samlinga går samstundes som bylagssamlinga for 96 og 97 modellane.

Daniel Hjolhman reed til regionallagssamling i romjula



Erlend Ulvestad til bylagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Des 2011

I romjula (27. og 28.desember) vert det storsamling for bylag i Olsvikhallen.  Samlinga er for 96 og 97 modellane, og frå GHK er Erlend Ulvestad tatt ut som den einaste.  Trenarar under samlinga er Geir Giil, Finn-Terje Bøe og Rune Kristiansen.

Erlend "The Boss" Ulvestad er klar for bylagssamling



GHK damene slo Sogndal på bortebane!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Des 2011

I kveldens 3.divisjonskamp for kvinner mellom heimelaget Sogndal og GHK, var det Gloppetausene som til slutt drog det lengste strået og tok med seg 2 velfortjente poeng gjennom Fjærland tilbake til Gloppen.
Desse damene er verkeleg i siget, og kan gå jula imøte med trygg forvissing om at storformen er i anmarsj

Opninga av kampen bar likevel ikkje preg av at poenga skulle kome lett.  Sogndal har ein svært god midtback som styrer mykje av spelet, og Sognejentene drog nytta av både dårleg angreps og forsvarsspel frå GHK si side.  Likevel var det ei målfattig åpning av kampen der Sogndal leier 6-4 etter halvspela første omgong.  Sogndal drar ifrå litt og når det er 8 min igjen til pause er stillinga 11-7, og litt seinare 13-9.  Så klarer GHK å knappe inn på forspranget inn mot pause, slik at stillinga halvveges er 14-12 til heimelaget.

Både Celina og Eli-Anne er viktige brikker på GHK sitt damelag (Arkivbilde)

Andre omgong starter med eit smell og etter 10 minutt er stillinga 20-20. I denne perioden er det litt sånn "sirkustendensar" over spelet begge vegar, dvs mykje underholdning for publikum, men ikkje alltid like godt spel. No tar Sogndal "time out", og kampen står og vippar.  Det er likevel GHK som for første gong kjem i leiing i kampen då dei går opp til 21-20. Dei aukar denne leiinga til 2 og 3 mål dei neste 10 minutta.  Så pådrar GHK seg ei dobbel 2 min utvisning.  Dette nyttar Sogndal seg av og kjem opp i ryggen på GHK igjen.  Men GHk damene let seg ikkje stresse og drar iland ein flott og velfortjent 33-27 siger.  GHK vinn denne kampen først og fremst fordi dei framstår som eit meir temposterkt og med betre kondisjon enn Sogndal.  Eit anna sterkt våpen er at jentene framover er fårlege i alle posisjonar og såleis har fleire strengar å spele på reint angrepsmessig.  Dette var ein solid lagsiger, og ,vil eg tru, gjev stor treningsmotivasjon inn mot julehøgtida.

Desse var med:  Linn Kristin Øren, Benedikte Gåsemyr, Elise H Hansen, Malene Støylen, Torill H Gaasø, Eli-Anne Birkelund (5), Bodil Hjelmeset (6), Maria Kleppe (3), Celina Nordbø (2), Marte H Hansen (5), Heidi Sægrov (7), Hege Roth Andenes (5)



Tap for GHK herrane også i dagens kamp i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Des 2011

GHK sitt herrelag møtte i dag eit av topplaga i 2.divisjon til kamp i Haukelandshallen.  Etter gårsdagens svake kamp mot Bergen Vest, var ikkje forhåpningane store til dagens kamp.  Likevel leverer gutane i dag ein heilt anna kamp enn i går.  Dei gir Viking solid motstand i store delar av kampen, sjølv om dei til slutt taper 35-21.

Jens Chr Andenes spelte ein god kamp i dag (Arkivbilde)

Helgas sjåfør, Gunnar Kjørvik, fortel på telefon frå Bergen at GHK opna strålande og leia tidleg 3-1.  Viking kom ajour og laga kniva jamt heile første omgong.  Den store skildnaden på laga var at Viking sette skota i mål der GHK bomma.  Den same trenden held fram også i andre omgong.  I ein jamn og velspelande kamp er det Viking som skårar mest og vinn fortjent, men meldingane frå Bergen seier at med same kampmoral i gårsdagens kamp mot Bergen Vest som dei hadde i dag mot Viking, hadde 2 poeng vore med bussen heim att til Sandane.

Forhåpentlegvis kjem det meir frå desse kampane når trenaren er heime att og får analysert Bergensturen.



Mental tretthet..

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Des 2011

GHK`s herrer skulle til Bergen og spille en nøkkelkamp og en kamp mod et af de tre toplag som vi næppen kan slå. Herrene har 7 kampe på 6 uker og skulle være godt sammenspillte på den baggrund. Formkurven har peget nedover den seneste tid og det spørges om gutta kunne vende udviklingen. 
 


Bergen vest nyoprykker som har tabt 7 af 8 kampe men flere af disse bare med 1 mål. Dette var nøkkelkampen gutta kunne vinde, den ville vi for alvor sætte afstand til nedryksstriden. GHK kommer dårligt fra start og havner bagpå 7-1 efter 10 minutter. Bergen vest spiller tøft forsvar og vi er helt tandløse i vores forsvar. BV skytterne får lov til at udfolde sig fritt. Dette lover ikke godt. Efter timeout kommer vi på 8-6 og 10-8 og det begynder at se lysere ud. Til pause er vi efter 13-9 men på ingen måde slået. Vi giver hinanden hånden på at forsvaret skulle et hakk op i anden omgang. Hvad der skete mellem omklædningsrommet og banen vides ikke. Vi taber de første 10 minutter 7-1 igen og er bageefter 20-10. Bergen vest`s storeskytte Lasse får ikke en takling i hele omgangen og Gloppen presterer sæsonværste i 2. omgang. Til slut taber vi 32-17 og må se BV klatre på tabellen. Eneste trøst er at vi truelig ikke kan prestere lige dårligt i returopgøret.
 
 
Søndag bød på en betydelig sværere opgave mod Viking, tidligere Nordnen + et par forstærkninger. Benevolli havde været skadet længe og uden ham var laget gangske lik det hold vi fulgte bra i 60 minutter og tabte 24-28 til, for 1 år siden i firdahallen. Til dagens kamp var Benevolli tilbage. Vi kommer godt fra start og leder i begyndelse. Efter 13 minutter kommer Viking første gang foran ved stillingen 7-6. Forsvaret fungere betydelig bedre Jens Christian og Edvin banker boldene ind i angrebet. Viking har en god keeper som har en del redninger på strek og 7 m som fører til Viking stille og roligt øker til 17-10 ved halvspillt. Gutta spillere bra begge veje, men Viking er et niveau over os. Arild scorer kampens mål hen mod slutten men kan ikke forhindre at GHK går på nok et tab og næremer sig bundstriden. Andre omgang ligner på første og til slutt er resultatet 35-21.
 
På forhånd havde jeg forventet at det skulle være en fordel med 7 kampe på 6 uger. Set i bagspejlet er der nok tale om en hvis mental trethed, og at vi ikke er lige skarpe nu end da vi startede på disse 6 uker. Nu skal vi jobbe bra i treningerne hen over julen og komme stærkere tilbage i 2012. 

Da lover vi flere jubelscener som dette :)


 



G-16 SIGER over Haugen/Eid for Gloppen2. 24-19 (10-11)

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Des 2011

Gloppen 2 stod for ein storarta prestasjon då dei sende Eidarane tilbake over fjorden med 0 poeng.


Dagens menn. Lauritz med 7 mål og Olav med godt keeperspel trass i tidleg skade.


Dette var altså det laget Gloppen 1 tapte for på bortebane, og unggutane frå Gloppen hadde ein formidabel oppgåve føre seg. 

Med Erlend i Oslo og Hans med ryggtøbbel måtte vi hyre inn eit par spelarar frå 95-gjengen, Osmund og Evald. Med Olav i mål hadde vi god tru på at vi kunne spele jamnt mot dei sjølv om vi ofte har slite mot Nordfjordgutane.

Med berre ein innbytar på benken vår byrja kampen jamnt. Laga følgde kvarandre til 3-3, men så stakk Haugen/Eid ifrå og var oppe i 4-målsleiing midt i omgangen. Gutane gav ikkej opp av den grunn, og med knakande godt forsvarspel og godt keeperspel av Olav kjempa vi oss tilbake i kampen.

Så kom Evald på bana og skulle spele venstre back. Ein posisjon han skjeldan spelar. Eit godt pådrag frå Mikael i midt og vidarespel til Evald som satsa 110% på ei blanding av gjennombrot og frosk på utsida av forsvararen. På mirakuløst vis klaren han å skyte eit knallhadt skot i langhjørnet så vi berre høyrer susen i nettet. Årets scoring i Firdahallen og verdt inngangspengane åleine.

Men det skulle kom meir frå denne gjengen. Mot slutten av omgangen klarte vi på litt heldig vis å reduser på rush av Peter og Magnus, og til pause var vi berre eit mål bak.

Magnus sørga for at vi låg berre eit mål bak til pause.


Pausen gjekk med til å forsterke trua vi hadde før kampen om at Haugen /Eid kan vi slå dersom vi er tolmodige og konsenterte.

Andre omgangen starta fantastisk. Dei spelte strålande bakover og byrja å få skikkeleg uttelling framover. Osmund som endeleg fekk spele venstre back fekk vist seg fram og sklei gjennom forsvaret til motstandaren gong på gong. På venstre ving herja Lauritz med motstandaren. Dette var Lauritz sitt store gjennombrot og han har utvikla seg veldig sidan vi byrja å trene i haust.  Han skaut under, over og rundt keeper og er flink til å variere skota sine, var rett og slett knallgod.

God kamp av Osmund som endeleg fekk spele venstre back.


Haugen /Eid klarte aldri å kome tilbak i kampen og gutane kontrollerte inn. Alle kom på scoringslista og bakerst stod Olav med store smerter etter ein strekk i skuldra tidleg i første omgang, men han nekta å gje seg, denne sigeren skulle i "hus".

Desse var med: Olav i mål, Lauritz 7, Magnus 4, Mikael 4, Osmund 4, Evald 3, Peter 1, Sander 1.





GHK herrane tapte viktig kamp mot Bergen Vest

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Des 2011

GHK herrane tapte den viktige kampen mot Bergen Vest i dag med solide 17 - 32.  Dette var kampen ein burde vinne denne helga, men slik gjekk det ikkje.  Sparsomt med tilbakemeldingar frå Bergen, og dei meldingane vi har fått gjev vel utrykk for ein heilsvart dag på jobben.  Nye moglegheiter i morgon mot Viking.


VM-Manager, ein triller

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Des 2011

Årets konkuranse på Sjedu Cup er byrja å utvikle seg til ein skikkeleg triller der mange har fått oppleve både opp- og nedturar. Sjeducupen har rekordmange deltakarar i år (32) og det er skikkeleg tøft å henge med i toppen. Etter runde 4 har Morits (Alex) gjort reint bord og toppar med 348, med Superawesome 346, (Lauritz) hakk i hel.

Edvin`s portofølje og Torbjørns som hadde den fine starten slit no med å henge med, medan laget Baljeveir (Ole) no verkeleg er byrja å plukke poeng. Han har plassert seg høgt oppe på side 1, men rykte seier at det er byrja å minke på bytta etter at heile laget fekk fyken etter den begredelege starten.

No byrjar cupspelet i VM, og det vert viktigare enn nokon gong å ikkje ha sløsa med bytta tidlegare. No kjem dei sann strategane til å tre fram og kven som går sigrande ut til slutt er framleis heilt ope.



Gutane/herrane si helg - Damene spelar måndag

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Des 2011

I helga er det duka for 3 kampar med GHK lag innvolvert.  Herrelaget reiser til Bergen for dobbeltkamp der, medan GHK sitt andrelag for gutar tar imot Haugen/Eid på heimebane i Firdahallen.  Damelaget i 3.divisjon reiser til Sogndal måndagskvelden for å møte heimelaget der.

GHK herrane på Bergenstur

Bjørn Roth Andenes tar med seg herrelaget til Bergen for å spele dobbelkamp der.  Lørdag står Bergen Vest på motsatt banehalvdel.  Dette er ein nøkkelkamp for å unngå å ligge nede i "sørpa". Bergen Vest ligg sist på tabellen, så her har gutane våre store moglegheiter for ein kjærkomen to-poengar.  Kampen går i Sandslihallen kl.15.25.

Søndagens kamp mot Viking vert nok langt tøffare.  Viking ligg på tredjeplass og er eit svært godt heimelag.  Men med full tenning og lave skuldrar er ingenting umogeleg for GHK sitt herrelag.  På sitt beste er dei på høgde med Viking.  Spanande kamp i Haukelandshallen kl. 13.00!!

GHK sitt G16-2 (15 åringane) skal møte Haugen/Eid på heimebane i Firdahallen på lørdag.  Haugen/Eid slo 1.laget vårt sist, og er nok innstilt på nye poeng her.  Men dette 15 årslaget vårt har synt før at det kan hamle opp med andre lag, og underteikna vert ikkje overraska om poenga vert verande att i Gloppen.  Synd at strategen Erlend Ulvestad ikkje kan vere med denne helga, men her må andre trø til.  Kampen går kl. 14.00.

Måndagskvelden skal så GHK sitt 3.divisjonslag for damer til Sogndal for å møte heimelaget.  Utifrå kampen sist mot BSI, trur eg damene våre vil ta med seg 2 poeng opp att gjennom Sogndalsdalen.  GHK og Sogndal har like mange poeng før denne kampen, men likevel trur vi Hege & Co har så lyst på denne sigeren at Øyvind ikkje treng heve stemma for å tenne jentene.

Lykke til!!



Jentekamp flytta

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Des 2011

Jenter 16 sin kamp borte mot Sogndal som skulle spelast i Sogndal Idrettshall på laurdag, er flytta til 28.januar 2012.

Må vente: Irene Slagstad og Heien Hansen



Fast dekke i den nye storhallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Des 2011

Styret i Trivselshagen IKS har vedteke at det skal leggast fast dekke på heile flata i den nye storhallen.  Bygginga vert no lyst ut på anbod.


Kampfakta GHK - BSI

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Des 2011

For å hjelpe den utmerka leiaren i supporterklubben med referatet i dagens kamp for damelaget, skal eg her ta med målskårarane : Heidi (7), Bodil (10), Elise HH (2), Celina (5), Hege (6), Maria (1), Eli-Anne (2) og Marte HH (5).  Pauseresultatet var 18-11 til GHK.


VM Manager 2011

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Des 2011

VM for damer er i gang og konkurransen om heder og ære som beste manager er starta. G16 har dei siste åra hatt ein konkurranse om kven som får til det beste laget på VM Manager på TV2 si nettside. Her er det laga ein privat liga, "Sjedu Cup", som er open for alle, men beste G16 spelar får fin premie. Til no er det 24 lag påmelde i Sjedu Cupen og den som skal vinne dette må treffe godt med formen til sine spelarar.

Etter første runde er det ikkje uventa trenaren til G16 som ligg på topp, men nykomaren Slaggis (Irene) ligg hakk i hel. Vi merker oss også Breimsbygda j10 (Kissner) som har fått ein fin start, og ikkje minst strategen bak laget TEAM ROCKET (Ørjan) som alt no er opp på 5. plass.

I botnen av lista finn vi laget Baljeveir (Ole Martin) som har fått ein litt vanskeleg start, men mykje kan endre seg framover og med små justeringar er ein brått på topp.

Vi ser med spenning fram mot neste runde.


K5 damene tapte mot Syril

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Des 2011

GHK sitt 5.divisjonslag tapte heimekampen mot Leikangerlaget Syril 17-23, etter 4 - 10 til pause.

Trenar Ragnhild Bakketun Vederhus seier i ein kommentar at første omgong var dårleg sett med heimelaget sin auge.  Trass i at ein vann bortekampen mot dette laget tidlegare i haust, var sogningane denne gangen eit langt betre lag og kom frå tre strake sigrar før møtet med GHK.  Andre omgong var langt betre frå GHK si side og denne omgongen endå då også uavgjort.  Jentene kjem nok sterkare att i neste kamp.

Desse var med: Benedikte Vederhus, Eline Åsebø, Aina H Elvebakk, Sigrid S Kissner (1), Bodil Fjellestad, Marie N Midthjell, Kristine S Book, Turid V Aspheim, Malin K Eikenes (6), Sofie Djupegot (1), Jenny Holvik (2), Tirill S Reed (1), Beate Støfring (2), Malene Støylen (4),



Dette skulle du sett Thorir!

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Des 2011

Noregs handball-landslag for kvinner er i desse adventstider i Brasil. Men andre sundag i advent trengde vi ikkje reise lenger enn til Firdahallen for å sjå handball av høg klasse. Gloppen sine damer leverte ein strålande handballkamp og slo BSI 38-28 i ein kamp der sigeren eigentleg aldri var truga.
 

Dei fyrste minutta sleppte Gloppen inn nokre mål frå same skyttar frå BSI, men dei fann raskt ut av ho, og tok kommandoen. Anført av dagens beste, Bodil Hjelmeset, gav dei valuta for pengane til dei mange frammøtte heimesupportarane i Firdahallen. I ein liten periode var BSI nære ved å minske leiinga til fire mål, men GHK tok grep og trygga i land sigeren.
Angrepsspelet fungerte best i dag, med fine kombinasjonar og knallharde og velplasserte skot. Det er kjekt å sjå handball i Firdahallen slike dagar. Det er travelt å klappe for mål 38 gonger, når ein samstundes skal drikke kaffi. Dette til informasjon.

Så tilbake til overskrifta: Om skadar eller sjukdom mot formodning skulle slå ut delar av VM-troppen til Noreg, bør landslagsleiinga sjå til Gloppen. I tillegg til June Andenæs ville han nok kunne finne fleire aktuelle kandidatar!

Redaksjonen beklagar at dette kampreferatet har åpenbare manglar knytt til både det handballfaglege innhaldet og hendingsforløpet i kampen. Sjølv pausestillinga manglar.
Dette skuldast at referatet er forfatta av leiaren av GHK-supporterklubb avd./Bergen. Og han er flinkare å heie enn han er til å følge med.

Øyvind oppsummerar kampen slik:

Viktig og solid siger for oss. Etter eit forsmedelig tap mot topplaget Åsane, og møte med eit BSI lag som spela ein jevn kamp mot Førde laurdag, var det ein viss spenning knytta til dagens kamp.BSI har fleire gode spelarar, og har teke færre poeng enn ein kunne forvente ut frå mannskapet. Så eg er særdeles fornøgd med 2 poeng i dag. Og endå betre er det at det kjem gjennom godt og kreativt angrepsspel. I forhold til våre motstandarar i divisjonen, er ein av våre beste våpen at vi er farlige i alle posisjonar. Mange melder seg på i dagens kamp, og spesielt kjekt er det å sjå evigunge Bodil storspelar både framme og bak. Vi er blitt bedre i kontrigsfasen, sjølv om vi framleis har mykje å gå på. I tillegg kan vi bli flinkare til å gjere jobben for målvaktene våre betre i forsvar.Ufattelig kjekt med siger i dag, men i morgon er det historie. Neste oppgåve er nøkkelkamp mot Sogndal borte neste måndag. Skal vi ta poeng der, må vi vere endå litt betre i alle spelets fasar.

 



2 tap J-16

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Des 2011

I dag var alle J-16 laga samla i Førde. Vi skulle møte Førde 2 og Stryn.  I utgangspunktet trudde vi at vi hadde ein sjanse til å
slå Førde 2, men Stryn er beste laget i serien so der hadde vi nok
ikkje noko håp om siger i dag.

Gloppen sitt J-16 lag er veldig reduksert
på grunn av skader. Dei 3 mestskårande, Sigrid og Amanda er ute pga
skader og Elise er ute pga K3 kamp. I tillegg har vi 3 med
beinhinnebetennelse, ei med prolaps i ryggen, ei har vore borte heile
hausten pga kyssesykja og ei hadde influensa. Utgangspunktet var derfor
ikkje så godt.





Første kamp gjekk mot Førde 2. Begge laga spelte godt i forsvar. Etter 18
minutt var stillinga 2-2. Sara stod godt i mål. Etter første omgang leda
Førde 2 6-5.
Andre omgang var omtrent som første. Vi var uheldige i angrep og bomma
på gode sjansar. Bomma og på 3 straffer.Ser godt at vi er utan
storskårarane våre.Vi må bli flinkare til å trykke meir på mål før vi
avsluttar. Sluttresultatet vart 14-12 til Førde 2.



Desse spelte: Irene Slagstad (5), Marte Sunde Hjelle (2), Christine
Slagstad, Anne Kristin Haraldsvik, Martha Sofie Eide (2), Ingvild
Slagstad (1), Amalie Mundal (1), Elin Møll, Ragnhild Ryssdal, Sara
Nordbø,og Solgunn Alme







Etter ein time pause stod kampen mot Stryn for tur. Dette vart Stryn sin
kamp frå start til slutt.Stryn sprang oss i senk. Her fekk vi merke at
ikkje alle spelarane hadde så god kondis. Ingen enkel sak å vere keeper
når Strynejentene mang ein gong kom på rusj. Sluttresultatet vart 37-11
til Stryn.



Same spelarane på denne kampen også. Desverre var bildet av
kamprapporten uleseleg. Desse skåra: Sarah Nordbø, Irene Slagstad, Martha Sofie Eide, Ingvild Slagstad, Ragnhild Ryssdal.



G16 Gloppen1 - Gloppen2 21-12

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Des 2011

I kveld var det lokaloppgjer mellom dei to Gloppelaga. Gloppen2 består berre av 15-åringar medan Gloppen1 er reint 16årslag, så det bør vere litt forskjel på laga. 

16 åringane med brukbar kontroll

15-åringane klarte seg imidlertid veldig godt og heldt lenge følge med G1. Dei hadde berre ein innbytar og vart litt trøtte på slutten, og "gamlegutane" vann komfertabelt til slutt.

Kampen byrja litt slapt frå begge lag, og det vart ein del stolpe ut. Dei som fekk vist seg fram i byrjinga var dei to keeparane. Olav på G2 sto som ein levande vegg i første omgang og var med på å halde laget sitt inne i kampen. På andre sida stod også Daniel godt og det vart lite mål i starten av kampen.

G1 leia 2-0 etter to mål av Vegard, men Gloppen 2 kom tilbake med mål av Mikael og eit flott mål av Sander etter fin bevegalse i angrepet til gutane. 

Etterkvart feste G1 grepet og rykte sakte og sikkert i frå. Dei er eit fysisk sterkare lag og det var vanskeleg for G2 å kome gjennom det bastante forsvaret. G1 klarer også å sette trykk i ankomsten og scorer ein del "lette" mål på denne måten.  

På G2 har vi nemnt Mikael og Sander som spelte godt. I tillegg gjorde Lauritz ein flott kamp frå ving og knalla inn 3 flotte mål.

På G1 var nok Vegard den beste i dag, men Osmund spelte også ein god kamp, men først og fremst er jamnheten på dette laget styrken deira

Gloppen1. Ørjan 5, Vegard 4, Osmund 3, Dag Håkon 2, Kissner 2, Kleppe 2, Evald 1, Åsmund 1, Bendik, Odd Martin og Daniel.

Gloppen2, Mikael 4, Lauritz 3, Sander 3, Erlend 2, Peter, Hans, Magnus og Olav.




Internoppgjer blant helgas kampar

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Des 2011

Det er klart for ei ny helg med spanande kampar for nesten alle GHK laga.  Dei to gutelaga skal møtast til internkamp lørdag kl 16.55.  Vil tru at 16 åringane har lyst til å "hevne" det forsmedlege tapet på Eid i går, men her skal ein ikkje ta noko poeng på førehand. 15 års laget har synt fin framgong, og valsa over Førde sist.  Kan verte jevnare enn forventa.

K5 damene skal møte Syril i Firdahallen kl. 15.40 i morgon.  Dei slo Syril borte i Leikanger, og vi trur dei gjenntek dette på heimebane.  Dette laget har overraska så langt med stor speleglede og fleire flotte sigrar, sjølv om dei tapte to kampar  i Sogn sist helg.  Dette var jevne kampar som likegodt kunne vippa i GHK sin favør.

Jente 16 laget skal til Førde for å møte både Førde2 og Stryn på søndag. Jentene har slite med skadar på sentrale spelarar i lang tid, og dei siste resultata har gjennspegla dette.  Vi trur dei slår Førde sine nestbeste, men vil slite meir mot gode Strynejenter.  Håpet må vere at dei snart kan stille med dei beste spelarane til kamp.  Då er dei blant dei beste i fylket.

Damelaget i 3.divisjon skal møte tabellnabo BSI i Firdahallen på søndag kl.13.00.  Dersom Øyvind Indrebø får "fyra opp" jentene, trur vi dei slår sine divisjonskollegare frå Bergen og går forbi dei på tabellen.  På sine beste dagar kan desse jentene hamle opp med dei beste laga, og vi håper dei har ein slik dag på søndag.

Herrelaget til Bjørn Roth Andenes går mot ei tøff utfordring på heimebane.  Dei skal møte Åsane som ligg heilt i toppen av tabellen.  Her må dei ha ein veldig god dag for å ta poeng, men ingeting er umogeleg.  Om Edvin, JC og Vegard treff med skota sine, kan mykje vere gjort.  Om gutane i tillegg får støtte av eit entusiastisk heimepublikum, kan det gå mot ein "triller" i Firdahallen søndag kl.15.00.



Dei fleste vil ha kunststoffdekke i den nye storhallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Des 2011

Vi har hatt liggande ute ei spørjeundersøking om kva lesarane våre meiner om valg av golv i den nye storhallen.  57% vil ha kunststoffdekke på heile hallen, medan 38% vil ha ei delt flate med kunstgras 40x40m og kunststoffdekke 20x40. 4% vil ha kunstgras på heile flata.   Totalt er det 68 som har avgjeve stemme.


GHK sitt gutelag gjekk på eit uventa tap for Haugen/Eid

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Des 2011

GHK sitt gutelag var i dag på nordsida av fjorden og møtte nabo Haugen/Eid.  Det enda med tap 15-13, etter at GHK gutane leia 10-9 til pause.  Rapportane frå Eid fortel om ein kamp der det meste gjekk gale for gutane våre. 
Evald Devik & Co med tap mot Eid

Sjølv om kampen heile tida var jamn, var spelet til GHK prega av personlege feil i fleng og skyting i "hytt og pine".  Men,men, før eller seinare måtte vel desse gutane òg møte veggen i ein kamp.  No er det berre å gløyme denne kampen og sjå fram til lokalderby på lørdag melleom GHK og GHK2.

Desse var med i dag: Ørjan (4), Kissner (1), Kleppe (2), Vegard (3), Evald (1), Bendik (1), Osmund (1), Erlend, Daniel, Åsmund, Dag Håkon og Olav.



Daniel Hjohlman Reed til regional landslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Nov 2011

Det er gjort uttak til regional landslagssamling for gutar fødde i 94-95.  Frå GHK er vår eminente gutekeeper, Daniel H Reed tatt ut.  Samlinga er i Haukelandshallen onsdag 14.desember.  Vi ynskjer lukke til.



GHK2 damene med to knepne tap i Sogn

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Nov 2011

GHK sitt 5.divisjonslag for damer har vore i Sogn og spela to kampar i dag.  Begge kampane var etter rapportane svært jevne og spanande heile vegen, men bikka mot GHK både mot Sogndal sine nestbeste og mot Bjørn.  Sluttresultata vart: Sogndal2 - GHK 26 - 23 og Bjørn - GHK 25 - 21.  Om damene på Sognatur får legge ut meir fyldig informasjon om kampane etterkvart, vert spanande å sjå.


Er GHK spøgelset tilbake?

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Nov 2011

Gutta skulle til Bergen der de for første gang havde favorit stemplet på sig. Før denne helg havde GHK 7 kampe og 3 sejre mens Stord stod noteret for 7 kampe og 0 sejre. Edvin Øygard fyrer kanona

Kampen går i gang og GHK herrer er steget foran modspillerene. Jens Christian åbner ballet og Jonken følger efter. Skuddet til Jonken var så tungt at både keeper, en forsvarer og ballen blev liggende på gulvet. Ole Martin er sikkerhed selv på rush og vi ligger på 1-2 måls ledelse hele første omgengen. Kampen er meget fair spillet, men dommeren deler ud 2 minutters udvisninger ifleng til fustration for begge lag. Der er klar overvekt af udvisninger til GHK. Stord klarer i denne fasen ikke at udnytte overtalssiktuationerne og trener er i rimeligt humør. Til pause leder vi 11-13 takket være mange gode redninger til Paulen.

Dagens mann, Bjørn Magnus Nystad riv seg laus og set inn eit av sine mål.

Andre omgang starter helt efter planen 2 rush og GHK leder 11-15. Stord spilleren planter ballen i ansigtet på Bjørn Magnus og til alles store overraskelse får Bjørn Magnus 2 minutters udvisning for dette. Stord spilleren medgiver han var ikke bort i mig og om der skulle dømmes noget måtte det have været angrebsfejl. Dømt er dømt Stord kommer på 13-15 i det undertal. Det må siges at Bjørn Magnus ikke har fået 2 min på 4 år før denne kamp og nu altså 2 på rappen. Rett efter får Edvin sin andre 2 min og det er nu det begynder at gå fejl vej. Vi kan ikke risikere rødt kort på Edvin og han må bytte forsvar angreb, et bytte, som Stord udnytter til at sætte fart og spille sig igennem midten. Denne fase taber vi 10-1 og stord leder 21-16. Trener og spillere havde mistet konceptet og alle presterer under niveau. Ret skal være ret vi er elendige i den fase, men jeg er meget i tvivl om, dette kunne have sket uden at Stord havde fået drahjælp fra dommeren. Til dommerens forsvar må siges at den ene dommer fik strek så mestparten af andre omgangen blev spillet med 1 dommer. Bjørn Magnus spiller sesongbedste og bliver dagens spiller med 6 scoringer. Man efterfølgende lure på om GHK spøkelset er tilbake eller om dommerne hjalp det frem en sidste gang og vi ikke kommer til at se det igen.





Dagen efter venter Fyllingen/Bergen 2, på papiret en betydelig stærkere modstander. Trener gjorde det han kunne for at gutta skulle nullstille sig før kampen. På Peppes betiller han en stor pebber steak og glæder sig til 400gr oksekjøtt, poteter og grønsager! But little did he know pebber steak is a pizza... are you kidding me?

Fyllingen kommer som lyn og torden de første 10 minutter og leder 4-0 og 7-1, men så mister de pusten og GHK kommer ind i kampen. De to lag følges resten af omgangen ikke mindst pga meget flot forsvarsspil og solid indsat af Roger Nordal mellem stengerne. Fremme har især Vegard og Jens Christian dagen. Pausestillingen er 14-8 og GHK kommer bedst fra start i 2. omgang og tager ind på til 16-12 og 2 min til Fyllingen. Overtallet greier vi ikke at score på og Fyllingen rykker fra igen. Gutta matcher fyllingen i 50 minutter men 7-1 forspringet greier vi ikke at tage ind. Dommer Stig Tore Anthun skryter af GHK forsvar efter kampen og siger der ikke var hjemmel for en eneste 2minutters i forbindelse med taklinger eller regulert forsvarsspil. GHK får bare 2 gule kort i hele kampen og 1x 2 min for krangling på streken der både fyllingen spiller og Edvin må sætte sig og køle af lidt. Ørjan Sundal spiller bra begge veje og bliver belønnet med sin første scoring i 2. div.

Jens Christian fighter bra og binder forsvar sammen på midten. Han scorer 5 mål fremover og viser tydeligt at han er en af de bedste spillere født i -93 på vestlandet.

Roger Nordal bliver man of the match med mange redninger.



Vi glæder os til at tage imod Åsane, et af toplaga i divisionen kommende søndag 4/12 kl 15.00 i Fort Firdahallen. Med hjælp fra tribunen skal vi kunne matche favorilaget fra Bergen i 2 x 30 minutter og kunne klare en lille sensation. Staldtips 31-30 til GHK.





Flott siger til GHK G16 laget

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Nov 2011

GHK sitt andrelag i G16 serien var i dag i Førde og banka heimelaget 24-14, etter å ha leia 10-9 til pause.  Underteikna er i Bergen, så referat frå kampen kjem  seinare.


GHK herrane med "black out" i andre omgong

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Nov 2011

GHK herrane tapte bortekampen mot Stord Elite2 i dag med solide 20-27.  Ved pause var det imidlertid GHK som leia 12-10.  Frå GHK leiing 15-11 i andre omgong, gjekk Stord forbi til 21-16 og kampen var avgjort.  Meir frå kampen kjem når trenaren får oppsummert dagen.


Julenek og andre dugnader.

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Nov 2011

Hei alle spelarar i ghk. Det vert ei travel dugnadstid for alle spelarar framover mot jul. Me i økonomigruppa håpar at alle stiller på med godt humør. Først ute er sal av julenek som vert onsdag den 30 november og torsdag den 1 desember. Listene er gjevne ut på treningane til dei som skal vera med på dette. Eit lite førjulslotteri skal me og ha. Det vert også i år pakking av varer for kundane på Rema den 22 og 23 desember. Her er det mange takknemelige mennesker som får varene pakka av kjekke spelarar. Til slutt vert det varetelling på Rema 1000 1 januar. Her er det satt opp 6 vaksne spelarar på listene. Håpar at alle kan vera med å bidra då det gjev pengar til handballklubben vår.

Lukka til med dugnaden i desember.



Dobbelkamp både for herrane og K5 damene i helga.

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Nov 2011

Det går mot ei ny heftig helg for fleire GHK lag.  Herrane til Bjørn "sjef" Roth skal til Bergen for dobbelkamp der, medan damene i 5.divisjon skal til Sogn på søndag for to kamper på ein dag. Gutelaget sitt andrelag skal til Førde på laurdag for å møte heimelaget.

Magnus Morritsgård, Hans Sande og straffeskytar Laurits Bjørnereim frå G16 laget, skal måle krefter mot Førde

Herrelaget reiser til Bergen i morgon ettermiddag.  Fredag kveld vert det ei lett trening i Nordneshallen, før vi lørdag morgon set kursen mot Stord for å møte Stord Elite 2.  Stord står framleis utan poeng i årets 2.divisjon etter 7 kampar, men har fleire knepne tap, så GHK karane kan ikkje tillate seg å undervurdere motstandaren i denne kampen.  Men Bjørn har nok ei plan !!! I heimekampen mot dette laget vann GHK 39-30.  Stord kjem forøvrig frå eit 14 målstap mot Viking i siste kamp.

 Spelarane frå Stord og GHK takker kvarandre for kampen i Firdahallen.  No møtast dei på nytt!

Søndag førmiddag skal vi så til Fyllingsdalen og Framohallen for å møte FyllingenBergen2.  Dette er nok i utgangspunktet ein vanskelegare kamp å vinne.  Vi møtte dette laget i første heimekamp i haust i Styrkhallen og tapte der 17-24. No er det tid for revansje.  FyllingenBergen2 ligg 2 poeng føre GHK på tabellen med ein kamp meir spela, så her veit gutane kva det handlar om.  FyllingenBergen tapte heime mot Årstad med 5 mål i siste kamp.

Damelaget har hatt ein flott sesong så langt og ligg heilt oppe på 2.plass på tabellen, kun eit poeng bak Florø.  På søndag skal dei prøve å takle ei tøff utfordring:  Først kamp mot Sogndal2 i Sogndal kl.13.00, før dei skal vere klare til ny kamp i Gaupne Idrettshall mot Bjørn kl. 16.15 .   Her vert nok kanskje den siste kampen den vanskelegaste å vinne, men begge desse laga ligg bak GHK på tabellen så her er det berre å "gutse" til jenter.

Det første GHK laget som skal i elden i helga er 15 åringane på GHK G16 sitt andrelag.  Dei skal møte Førde borte i Førdehuset.  Førde sitt lag er òg stort sett samansett av 15 åringar, så her møter gutane våre jamnaldringar.  Skal vi dømme etter Førde sin heimekamp mot førstelaget vårt (tap 7-26) og GHK2 sin siste heimekamp der dei knuste Årdalstangen med 11 mål, skulle dette vere grei skuring for gutane til Torbjørn. Men no er det slik at kvar handballkamp lever sitt eige liv, så her må ein ikkje tru at poenga kjem av seg sjølv, men kjenner vi "the boss" Erlend rett vil han dra med seg gutane til siger over Førde.



June Andenes og Byåsen "rysta" erkerival Larvik

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Nov 2011

June Andenes og Byåsen held lenge stand mot eit av verdens beste klubblag, Larvik i kveldens kamp i eliteserien for kvinner i Larvik Arena.  Gloppejenta June synte ingen respekt og var ein av første omgong sine store profilar.  Frå sin strekposisjon laga ho fleire flotte mål, i tillegg til å skaffe laget sitt fleire straffekast.  Sjølv om Byåsen leia til pause og var føre også midtvegs i andre omgong, heldt det ikkje heilt inn.  Larvik vann til slutt 27-24.   Men June Andenes syner at det går an å verte kanongod, sjølv om ein kjem frå "vesle" Gloppen!

Gloppen si store handballstjerne, June Andenes.



2 frå GHK til Regional Landslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Nov 2011

Det er gjort uttak til regional landslagssamling for gutar fødd i 96 og 97.  Frå GHK er både Erlend Ulvestad og Mikael Alander utteken.  Samlinga er i Haukelandshallen tysdag 29.november.  Vi gratulerer.



GHK J16 tapte for Førde 1

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Nov 2011

GHK sine jenter 16 tapte 18-29 for Førde 1 i kveld. Til pause var det 8-12, men med 17 baklengsmål i 2.omg er det umuleg å vinne handballkampar. J16 sakna dei faste spelarane Amanda Veiteberg, Helene Djupegot og Elise og Sigrid Heien Hansen som alle er ute med skadar. 

Blide jenter, men dette bilde er frå sist jentene møtte Førde. Då vann dei stort.

Jentene og trenarane hadde tru på at jentene skulle klare å vinne kampen sjølv om mange var ute med skader. Vi hadde lånt 4 av j15 spelarane og dei klarte seg godt. Dei skora 9  (halvparten av måla våre idag). Med 18 mål skulle det eigentleg vere nok til ein siger, det var positvt med mange flotte mål. 
I forsvar klarte vi oss godt i første omgang, sjølv om jentene periodevis manglar disiplin i å kome seg tilbake i forsvar. Vi ligg under med berre 4 mål til pause og har alle mulighetar til å snu kampen.
Men Førde var flinke til å trøkke på og gå på lukene og var tolmodige i angrep. Her har vi litt å lære, vi vert for utolmodige og avsluttar på altfor dårlege sjansar. Med meir tru på seg sjølv og vilje til å utfordre i lukene som som mange gongar var store som låvedører, så hadde Gloppen jentene kunne plusse på mange mål på resultat-tavla. 
I 2 omgang skora Førde 1 utallige mål på rusj, vi klarer ikkje å kome oss tilbake i forsvar. Det var deprimerande for keeper som gang på gang måtte stå åleine med Førde-jentene som kom på rusj. 
 
Sara Nordbø fekk lite hjelp aller bakerst.
Det var mykje positivt idag, men forsvarsarbeid må vere tema på treningane framover. 

Målskorarar i dag var: Ingvild (5), Irene (2), Amalie (1), Kristine (1), Marte (2), Elisabeth (3), Marta Sofie (4). 


K5 damene slo Vik 24-20 etter sterk sluttspurt

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Nov 2011

GHK sitt 5.divisjonslag imponerte med sterk vinnervilje då dei klarte å snu kampen mot Vik på slutten og drog iland ein 24-20 siger, etter å ha lege under 10-11 til pause.

Glade jenter som bidrog med viktige skåringar i slutten av begge omgonger. Malin Eikenes og Sofie Djupegot jublar etter kampen.  Begge skåra 6 mål kvar.

Som i gårsdagens kamp mot Fjøra, gjekk jentene ut i hundre og tok ledelsen før minuttet var spela. Utover i omgongen held dei på leiinga, før Vik kom ajour og gjekk forbi med fleire mål og var ei stund oppe i 5 måls leiing.  I denne perioden gjorde damene mange feil framover og vart hardt straffa av Vikjatausene for det.  Fram mot pause tok heldigvis Sofie Djupegot ansvar og dundra inn 3 mål på rappen, slik at ein låg berre bak med 1 mål til pause, 10-11.

Malene Støylen med fleire viktige mål i andre omgong.

Andre omgong var mykje lik den første ei god stund.  Vik med nokre måls leiing, og GHK damene halsande bak.  Sjølv om mykje gjekk imot i denne perioden var det likevel fantastisk flott å sjå at det gode humøret og spelegleda aldri forsvann.  Sakte men sikkert kom jentene våre opp i ryggen på Vik og gjekk forbi.  Mykje takka vere fotrappe Malin Eikenes som endeleg fekk skota til å sitte, arbeidsmauren på strek Sigrid Kissner og ikkje minst Malene Støylen som også sette inn fleire mål i denne perioden.  Når så Sofie Djupegot putta ei par nye mål mot slutten, tok jentene ein fortjent 24-20 siger til stor jubel frå eit entusiastisk heimepublikum.  Mange spelarar nemnt, men ingen er gløymt.  To gode keepera i Benedikte Vederhus og TV kokk Bodil Fjellestad, samt ein "tung" venstrearm frå Jenny Holvik var òg med og bidrog til sigeren.  Som før sagt, det er moro å sjå spelegleda til desse jentene.

Trenar Ragnhild måtte ta timeout for å minne jentene om at dei måtte skjerpe seg. Det gjorde dei til gangs!

Desse var med: Eline Aasebø (2), Hildegunn L Otnheim (1), Sigrid Kissne (2), Sigrid Fjellestad, Kristine S Book (1), Benedikte Vederhus, Turid V Aspheim, Bodil Fjellestad, Malin K Eikenes (6), Sofie Djupegot (6), Jenny Holvik (2), Beate Støfring, Malene Støylen (4).



Sterk siger til GHK 2 over Årdalstangen i G16 serien

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Nov 2011

GHK sitt andrelag tok ein sterk 11 målssiger over Årdalstangen i ettermiddag, etter å ha leia 15-11 til pause.  Laget er samansett av alle 15 åringane i klubben, og hadde kun med seg Olav Devik i mål og Ørjan Sundal som leigesoldatar frå 1.laget.  Ørjan var kun på bana nokre minutt i første omgong, så dette var ein solid lagsiger for dei yngste i laget.

Sander fekk sitt definitive gjennombrot som storskytar i denne kampen, og brukte venstrearmen sin som storslegge og dundra inn 7 mål.

Årdalslaget kom frå storsiger over Stryn tidlegare på dag, og vann også heimekampen mot dette GHK laget med to mål.  I dag var det aldri tvil om at gutane våre skulle få sin revansje.  Frå Sander Nesdal dunka inn 1-0 såg gutane seg aldri tilbake.  I dag var det spesielt kjekt å sjå at alle spelarane var på "hugget"og bidrog med flotte mål frå alle kantar.  Flotte vingskot av Kristian og Peter, "ormen" Magnus på strek er aldri lett å få tak på og sette inn 5 mål.  Til pause leia vi med 4 mål 15-11.

Magnus Morritsgård med eit av sine mål frå strek.

I andre omgong berre fortsette gutane våre med den eine "lekkerbisken" etter den andre.  Sander Nesdal fekk endeleg synt kva som bur i han som venstrehandsskytar og dundra inn mål etter mål frå distanse. Laurits teikna seg også for sine første mål i GHK drakta og spela ein fin kamp.  Til slutt må vi også ta med gode Olav Devik i mål.  Han stod ein prikkfri kamp i mål, og var også svært delaktig i storsigeren.Flott Olav!  Kjekt var det òg å sjå at når dei normalt beste på laget, Erlend og Mikael, ikkje heilt får alt til å stemme likegodt, ja då trør dei andre til så det gnistrar av dei.  Men bevares, begge desse gutane gjorde manns jobb både i forsvar og også framover på bana.

Fotrappe Kristian Henden med 3 flotte mål i dag

Peter Wilke med glimrande kantteknikk sette inn 3 mål

Desse var med: Daniel H Reed, Olav Devik, Erlend Ulvestad (4), Mikale Alander (3), Hans Sande (3), Ørjan Sundal (4), Kristian Henden (3), Sander Nesdal (7), Peter Wilke (3), Laurits Bjørnarheim (3) og Magnus Morritsgård (5)



Spanande kamp då K5 laget spela uavgjort mot Fjøra

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Nov 2011

GHK sitt damelag i 5.divisjon synta varierande spel då dei spela uavgjort 21-21 mot Sogndalslaget Fjøra, etter å ha leia 13-12 til pause.

Varierande spel av jentene i dag

GHK opna kampen med høgt balltempo og tok sine litt eldre motstandardamer på senga.  Før kampuret synte 7 minutt, var GHK føre med 6-0 blant anna etter 2 flotte stegskot av Sofie Djupegot.  Fjøra fekk sitt første mål på starffe etter 8 min.  7-1 kom ved Tiril S Reed, før Beate Støfring la på til 8-3 etter flott spel.  Marie Midthjell vart nydeleg frispela og skåra til 9-4, før fotrappe Malin Eikenes rusha inn 11-5.  Så byrja det å stokke seg litt for jentene i angrep og Fjøra seig sakte men sikkert innpå.  Sjølv om Benedikte Vederhus varta opp med fleire flotte redningar, kunne ho ikkje hindre at Fjøra kom heilt opp i ryggen på heimelaget til pause.

Toppskårar Malin set einn eit av sine mål på straffekast

I andre omgong var det stort sett Fjøra som var i førarsetet med opp til 3 og 4 mål føre heimelaget.  Det gjekk 5 min av omgongen før Sigrid S Kissner sette inn heimelagets første mål i andre omgong på ein retur.  Likevel gav heielaget aldri opp og kjempa seg opp til uavgjort 21-21 når det var 2 min att av kampen.  Dette resultatet stod seg kampen ut og må seiast å vere eit greit resultat slik kampen utvikla seg.  Ny kamp for damene er i morgon mot Vik.

Desse var med: Benedikte Vederhus, Bodil Fjellestad, Eline Aasebø (1), Hildegunn L Otnheim (1), Aina H Elvebakk, Sigrid S Kissner (2), Sigrid Fjellestad (1), Marie N Midhjell (2), Malin Eikenes (6), Sofie Djupegot (3), Tirill S Reed (1), Beate Støfring (4) og Kristine S Book.



Gloppen tett på 4.plassen.

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Nov 2011

 Gloppen kunne med sejer komme a poeng med Åsane og erobre 4 pladsen i dag. Jentene og tallrikt fremmødt publikum var meget spændte fra start.

Celina har kopiert Vegards pølsbodfinte i første angreb og scorer til 1-0 for GHK. Efterfølgende har jenterne flere gode chancer uden at score bl.a. straffebom af Hege og Åsane leder 1-3. Nyt straffe og det er Heidi som går frem til 7 m pletten og sikker som banken lægger ballen på insiden af stolpen til højre for keeper til 2-3. Åsane står bra i forsvar og fremme er streken Birthe Tvedt for stærke for GHK jenterne.

Efter 14 minut spilt er stillingen 4-8 og Indrebø tager timeout. Marte kommer ind, et par angreb bliver brugt til at varme op skudarmen, og showet begynder. Ligegyldigt om det er studs i det korte hjørne eller hopskudd i det lange så finder bolden til netmaskerne, Marte har dagen. Lillesøster Elise ville ikke være ringere og nonchalant lobber bolden i det lange hjørne. Kort før pause leverer Marte en millimeter precis rushpasning til Maria som fører til voldsom jubel hos publikum og undertegnede blev mindet om Katja Nyberg i sine bedste dager.

Eli-Anne spiller godt begge veje selv om hun er febersyg. Hun og Torill er krumtapperne i forsvaret og får bedre og bedre styr på Åsane sin stregspiller som er toppscorer i 3.div. Åsane går til pause med 13-18 ledelse, men et par raske mål i begyndelse af andre omgang og kampen ville være helt åben igen. Det så ud til at gå rette vejen GHK var på 21-23 og 23-25 men det blev ved lige ved og næsten. Åsanes højre bak scorer nogle vigtige mål i den fase ogsørger for 4 måls forspring igen. GHK kæmper til sidste fløjkt log kommer på 30-32 ifg redaktionen. Det ellers meget kompetente dommerbords par Andenæs/Gåsemyr giver det sidste GHK mål til Åsane så der fejlagtig stog 29-33 på tavla. Begge dommere havde kun 32 mål på Åsane og dermed blev stillingen korrigeret til 29-32.

Dagens bedste for GHK var Marte Heien Hansen og om et par af de andre GHK profiler havde meldt sig på kunne resultatet have været anderles. "Close... but no cigar." Redaktionen glæder sig til næste kamp d. 4.12-11 mod BSI og staldstips til resultat i den kamp er 31-18. Vi kan gerne have budrunde i diskussionsforumet...



Ny stor kamphelg i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Nov 2011

Det går mot ei spanande helg med kampar i Firdahallen både laurdag og søndag, før jentelaget (J16) avsluttar med heimekamp mot Førde mandagskvelden.

Kan desse damene sende Åsane heim utan poeng??

I morgon er det klart for storkamp i damenes 3.divisjon då Åsane tar turen til Gloppen for å møte våre beste damer.  Åsane ligg på 4.plass på tabellen med 2 poeng meir enn GHK og har i tillegg 1 kamp mindre spela.  Vi trur likevel at Hege Roth Andenes & co kjem til å selja seg dyrt og håper på 2 nye poeng til GHK.

I damenes 5.divisjon har GHK 2 heimekamper denne helga.  I morgon kjem sentrumslaget Fjøra frå Sogndal på besøk.  Fjøra har spela 2 kamper til no med tap i begge, så her trur vi damene våre tar 2 poeng.  På søndag skal GHK møte Vik som har ein storsiger borte over tabelljumbo Aurland, og eit tap heime for sognalaget Bjørn.  Vi spår ein jevn kamp som "bikker" i vår favør.

I 16års serien tar GHK sitt andrelag imot Årdalstangen til revansjeoppgjer etter å tapt bortekampen i Årdal med 2 fattige mål.  Her reknar vi med at "The Boss" Erlend Ulvestad får med seg lagkameratane sine og sender Årdølene heim til Sogn utan poeng.

På mandagskvelden tar J16 laget imot Førde.  Jentene er inne i ein vond periode med skader på mange sentrale spelarar. Heien Hansen tvillingane er skada, Amanda Veiteberg slit enno med den langvarige skaden sin, og også Marte Sunde Hjelle og Marthe Sofie Eide er skada.  Cristine Slagstad er òg usikker pga skade. Om nokon av desse er klare til mandag er uvisst, men uansett vert det ein tøff kamp når så mange av dei sentrale spelarane slit.  Kanskje kan eit talrikt publikum hjelpe??



Komfortabel siger for G16 mot Førde på bortebane

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Nov 2011

GHK sitt G16 lag var i kveld i Førde for å møte heimelaget til kamp.  På førehand var det venta at dette var "grei skuring". Sigeren var heller aldri truga og enda med 26-7 i målprotokollen til gutane våre, etter 13-3 til pause.

Evald Devik med eit av sine mål i kveld. Dette på straffe

Dette er ein kamp ein vinn greit fordi vi møter eit Førdelag som stort sett består av 15 åringar, og som ikkje klarer å "matche" våre gutar hverken på fysikk eller fart.  GHK gutane gjer ein prikkfri kamp bakover og slepp Førde til kun unntaksvis. 

Betongforsvar som dei fleste slit med

 Men i etablert angrep vert det for mange vanskelege valg og det virka som gutane var litt usikre i forhold til beskjedane som kom frå benken ved byter og posisjonsendringar.  Positivt var det med mange flotte rushmål.  Her fekk Førde ein god leksjon i presisjon og fart av gutane våre.  Også ein del flotte vingskot av Evald, Andreas Kissner og Dag Håkon.  Underteikna tykkjer dette var ein kamp i klassen "ein grei dag på jobben".  Gutane har synt at dei har spel heilt i toppklassen (jfr 1 omgong mot Stryn i helga), samstundes som dei enno svingar litt i prestasjonane frå kamp til kamp.  Får dei toppspelet til å sitje meir regelmessig kan dette laget bli svært spanande å fylgje utover i sesongen.

Desse var med i dag: Vegard Sælen (2), Åsmund Sælen, Evald Devik (4), Erlend Ulvestad (1), Osmund Vereide (2), Dag Håkon Moen (2), Daniel Hj Reed, Andreas Kissner (4), Bendik Eikenes (1), Ørjan Sundal (6), og Andreas Kleppe (4).

Påfallande "Gloppisk" over sekretæriatet i Førdehuset i kveld



Firdahallen stengd på ny

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Nov 2011

Firdahallen vil vere stengd for aktivitet førstkomande torsdag 17. frå 15.30 på grunn av arbeid på el nettet.   Dette vil for vår del i hovudsak berøre 16 års laga og jenter 15.


Lett seier for GHK J15 mot Bremanger

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Nov 2011

GHK sitt jente 15 lag tok i dag imot Bremanger til kamp i Firdahallen.  Kampen bar tydeleg preg av at Bremangerjentene enno er i startfasen av si handballutvikling og jentene våre leia kampen frå start til mål.  Etter å ha leia 17-1 til pause, vart sluttresultatet 30-6 i favør GHK.

Ayla Myklebust Seime set inn eit av sine mål i kampen.

Dei første minutta var jevnspela før Ingvild feia inn 1-0 etter 2,30min.  Deretter skåra jentene jevnt og trutt.  Bl.a. Elisabeth til 3-0, Amalie til 4-0, før Eirhild rusha inn 5-0.  GHK jentene var i denne fasen verkelg på "hugget" og sprang Bremangerjentene regelrett i senk.  Elisabeth la på til 8-0, Ingvild til 10-0 og Elin til 11-0.  Bremanger fekk sitt eine mål i første omgong på stillinga 13-0.  Ayla fastsette pauseresultatet til 17-1.  Litt av forklaringa for at jentene frå Bremanger kun sette inn 1 mål i første omgong og 6 totalt, var glitrande målvaktsspel av Solgunn Alme.  Her har GHK eit keepertalent i emning.

Solgunn var kanongod i målet i dag

I andre omgong opna Maren og Elisabethx2 med dei tre første måla.  Ayla kom på eit fint gjennombrot til 23-2 etter 9 min av omgongen.  Etter dette dett konsentrasjonen litt blant jentene og dei misser ballen i mange enkle trekk.  Likevel fortset dei målkalaset og Maren får æra av å sette dei 2 siste måla bak Bremangerkeeperen til sluttresultatet 30-6.  Alt i alt ein flott gjennomført kamp av jentene der trenar Jostein var mest nøgd med at ein fekk spelet til å gli med mange flotte trekk i store delar av kampen.  Mestskårande for GHK var Elisabeth Vollstad Hansen med 7 mål.

Amalie Eikeseth Mundal skårar fleire mål frå strek

Desse var med: Solgunn Alme, Amalie Eikeset Mundal (5), Ayla Myklebust Seime (3), Birthe Eilander, Ingvild Slagstad (5), Maren Rosø (3), Eirhild Bruvoll Alme (2), Benedikte Gjengedal Lotsberg (1), Elin Møll (3), Elisabeth Vollstad Hansen (7), Sunneva Gimmestad, Marita Veiesund (1).

Sunneva Gimmestad og dei andre jentene med full kontroll i forsvar.



G-16 Siger og uavgjort i Sryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Nov 2011

Med storspel i første omgang la Gloppen1 grunnlaget for ein solid seier mot Stryn, medan Gloppen 2 måtte nøye seg med uavgjort.

Vegard Sælen skåra 6 mål mot Stryn

Stryn - Gloppen 1, 24-34 (9-21)

Den perfekte første omgangen.
0-1 frå strek med Erlend etter flott innspel frå Åsmund. Så kom Stryn i angrep og utlikna til 1-1. Neste gang Stryn lagde mål stod det 1-7 på måltavla. I mellomtida hadde våre gutar herja med Stryn. Ankomstspelet sat som spikra, avtalanen gjekk så det grein, med både "Kjell høgre og venstre", Undergang og Prada og kva no alt heiter. Gutane var rett og slett gode og gjorde nesten ikkje feil. Vi lagde mål frå alle posisjonar og hadde stor (og riktig) bevegelse. Slikt blir det mål av og når dommaren bles til pause leia vi med 12 mål 9-21.
Ørjan vart mestskårande med 11 mål

Den vanskelege andre omgangen
I pausa var vi einige om at no skulle vi ikkje miste fokus, men fortsett like strålande som i første. Det viser seg gang på gang at sjølv om ein har bestemt seg er det vanskeleg å halde konsentrasjonen oppe når kampen i realiteten er avgjort. Vi spelte oss framleis til gode sjangsar, men avslutningane gjekk enten rett på keeper eller utanfor. Dette greidde Stryn og utnytte, og med to kjappe spelarar rusha dei inn mål i andre enden etterkvart som vi bomma. På den måten tapte vi andre omgangen med 2 mål og sluttresultatet vart 24-34.

Men vi får ta med oss det positive frå kampen. Den førsteomgangen som gutane leverte er det beste trenaren har sett nokon gong frå denne gjengen. Greier vi å halde dette nivået utover sesongen vert vi vankelege å slå. Samtlege spelarar kom idag på scoringslista. Ørjan kom til slutt opp i 11 mål og vart toppscorar. Halvparten av dei kom frå strek og den guten beherskar alle posisjonar. Åsmund Sælen var veldig god som midtspelar og styrer det meste framover. Godt overblikk og gode val set stadig medspelarane i gode posisjonar. 

Vi gledar oss til framhaldet.

Desse var med: Ørjan 11, Vegard 6, Evald 4, Dag Håkon 3, Erlend 3, Åsmund 2, Kleppe, 2, Osmund 2, Kisner 1, Daniel i mål.




Stryn - Gloppen2,  21-21 (12-13)

Det vart ein jamn og spenande kamp mellom 96ane og Stryn. Stryn tok tidleg kommandoen og dei hadde eit og to mål forsprang gjennom omgangen. Dette var ein kamp der begge lag var litt for "snilde" og det vart ikkje skikkeleg trøkk over det. Anders Eikenæs på Stryn fekk knalle inn ein del mål frå distanse utan at vi klarte å kome ut på han, men vi greidde bra å utnytte det litt offensive forsvaret til Stryn. Det vart etterkvart god plass på linja for Magnus som spelte ein strålande kamp på streken.
Mikael Alander har verkeleg tatt steget som bakspelar (arkivbilde)

Mikael er verkeleg byrja å få dreis på skotarmen sin og når han kombinerer den med fintene sine vert han vanskeleg å stoppe. Når vi og nemner Hans som spelt ein knallbra første omgang skjønar dei fleste at det gror godt i GHK. Til pause låg vi bak med eit mål og hadde absolutt heng.
Hans Sande med 5 flotte mål i dag (arkivbilde)

Andreomgangen vart ein skikkeleg nervetriller. Laga følgde kvarandre som skuggar, med Stryn føre store deler av omgangen. Olav Osnes Devik stod godt i mål og fotrappe Kristian Henden spelte strålande bakover og berga oss fleire gonger med gode returløp. Når kampen gekk inn i sluttfasen var stillinga 20-20. Med 30 sekund att gjekk vi opp i leiing 21-20 og hadde håp om å ro det i land. Når tavla viste 7 sek. att kom langskotet frå Anders Eikenæs som smatt inn i lengste hjørnet for keeper, og 21-21. 

Surt å tape slik i sluttsekunda, men det er ofte slik det er i handball. Kampen sett under ett var uavgjort eit greit resultat mellom to flotte lag med mange talenfulle handballspelarar.

Desse var med: Mikael 7, Hans 5, Erlend 4, Magnus 4, Kleppe 1, Lauritz, Sander, Kristian, Peter og Olav i mål.



Fortet i Firdahallen!

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Nov 2011

Gloppens drenge skulle prøve kræfter med et af divisionens stærkeste lag Sotra som kom til Gloppen efter sejer over NHHI på 3.pladsen.

 

1 meter over alle andre: Jens med 8 mål i dagens kamp

Med Sotra kom også spillende trener Trond Førde Eriksen som var på det norske landslag under VM i Frankrig 2008. GHK kommer bedst fra start og leder 3-0 og 6-2. Sotra var lei af envejskjøring og tog time out. Herefter lægger Sotra ud 5-1 som vi løser bra til at begynde med, men ved 20 minutter spilt kommer Sotra foran og leder med to.

Gloppen har vanskelig for at komme til afslutning i denne fase av kampen, så Vegard Sælens første mål i 2.div er særs velkomment. Sørstrendingen lobber på fornæmste vis ballen i det lange hjørnet til stor jubel fra publikum. 20 sekunder før halvspilt kamp skorer Arild til pausestilling 16-17.

I omklædningsrummet ga drengene hinanden hånden på at det er oss som regerer i Firdahallen. Vi udligener efter 18 sekunder spill og kommer foran efter 1 ½ minut. General Edvin styrer tropperne og primier leutnant Vegard Nortug Flatjord leker ballen i mål gang på gang. Efter 3 rush på stribe redder den udmærkede Sotra keeper, men Nortug-Flatjord får på mirakuløst vis tak i returen og spiller road runner Runar fra Breim som suser mellem 3 forsvarer og øker til 24-18. Alexander får sitt gennembrudd som bakspiller i 2.div idag og varter opp med finter, frispilling og champagnehandball.

Muskelbunten og general Edvin med eit av sine 9 mål

Det var mye flott håndball fra begge lag. GHK står imot når Sotra presser på. Efter 2 min utvisning til Jens Christian har Sotra mulighet for å ta inn på oss. Sander giver alt og kommer forbi sin modspiller i rush som resulterer i 2 min til Sotras nr 22. Jens Christian har en flot blokk på Trond Eriksen ved stilling 29-26. Gutta fortsætter og score og de unge spiller flott håndball når Sotra tager væk både Jens Christian og Edvin. Sotra scorer i sidste sekund til 33-31 og nærmere kom de ikke.

Det blev stor fejring i garderoben med blant andet sjokoladekage fra Hege. Garderobetaget holdt på at lætte under jubelscenerne.

Vegard Flatjord er dagens mann i Fort Firdahallen.

Dagens mann, Vegard Flatjord, også med 8 mål.

Gutta fortjener mye skryt for dagens indsats og sætter tykk streg under at GHK må man regne med i 2. division fremover. Vi glæder oss til Bergenshelg om 14 dager med selveste formann Sundal bak rattet!

 


 



Ny spanande handballaurdag i vente!

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Nov 2011

Det går mot ein ny spanande handballdag i morgon når fleire GHK lag skal i aksjon. Jente 15 tar imot Bremanger, medan herrelaget tar imot Sotra.  Begge kampar i Firdahallen. Gutar 16 skal til Stryn med begge sine lag.

Denne gjengen har skumle planer i morgon!!

I jenter 15 serien ligg GHK på 4. plass med 3 poeng, etter ein siger-ein uangjort-eit tap.  I morgon kjem kystlaget Bremanger på besøk, og her bør absolutt jentene våre kunne ta 2 nye poeng.  Bremanger ligg heilt sist på tabellen utan poeng.

Herrelaget skal som kjent møte tabellnabo Sotra.  Sotra ligg 2 poeng føre våre menn på tabellen, bl,a etter siger mot FyllingenBergen 2 og NHHI.  Lag som GHK har tapt for i serien, så her vert det garantert ingen enkel match.  Men med solid innsats og publikum i ryggen skal vi vere a poeng med morgondagens motstandar etter kampen.

Gutelaga skal til Stryn for å møte heimelaget.  Eit Strynelag som kun har spela ein kamp sålangt.  Denne enda med knepe tap borte mot Vik.  Eit Viklag som har, når dei møter til kamp, to starke sigrar så langt. Uansett bør gutane til Torbjørn og Gunnar kunne ta nye poeng i morgon her, og stadfeste sin posisjon som fylkets beste 16 årslag.



Nynytt om skobruk i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Nov 2011

Frå Gloppen Kommune har vi motteke følgande melding når det gjeld bruk av joggesko i Firdahallen. (Dette gjeld ikkje vanlege hallsko)

aSTAR Salvation 3M JoggeskoAnima Bugrip Joggesko

Fylgjande joggeskomerker er "merkefrie" på golvet.

Mizuno - vanlege joggesko m/svart såle - set ikkje merker. Her er å anbefale typen Wave Rider. Dette er ein lett sko med god demping og passar best til damer.

Adidas- joggeskomodellar nyare enn 2010 - set ikkje merker. Her er å anbefale Supernova eller Adistar Ride - som kan vere å anbefale for herrar.

Sporten har begge merker/ Chatlet har adidas.

Asics - alle modeller med svart såle set merker

Saucony - set merker

New Balance - set merker

Nike - set merker.

Unntak for inneskokravet kan gjevast til utøvarar med skadeproblem og for idrettar som krev særskilde eigenskapar i skoa. Det er dei to joggeskomerka og typar som er merkefrie det blir gjeve unntak for.



Parkett er tingen !

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Nov 2011

Vi har liggande ute ei spørjeundersøking på heimesida vedrørande golvet i Firdahallen.  Eit stort fleirtal(66%) meiner parketten var betre enn dagens golv, medan 21% likar kunstoffdekket betre. 14% ser ikkje nokon stor skildnad.  Vi legg no ut ei ny undersøking der vi spør kva golv som bør ligge i den nye storhallen som forhåpentlegvis vert bygd ved sida av Firdahallen.


OBS,OBS! Nytt kamptidspunkt for herrekampen til helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Nov 2011

Herrekampen i 2.divisjon mellom GHK og Sotra på laurdag er flytta ein time fram frå 17.30 til 16.30 pga problem med dommaroppsettet.  Dei mange hundre som kjem for å sjå topphandball kan starte å glede seg...og ikkje minst, jente 15 laget tar i mot Bremanger til kamp allereie kl.11.45.  Så på laurdag rekk du følgande: Frukost - jente 15 kamp - handling - lunch/middag - herrekamp - lang kveldskos :-)

Jente 15 laget skal i aksjon på laurdag (Her frå heimekampen mot Eid)



Sjå kva Firda Tidend skriv om heimekampane i helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Nov 2011

I mangel på papirutgåva av Firda Tidend i postkassa i dag, kan de her lese kva avisa skriv om kampane på nett: http://www.firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=7277 og her http://www.firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=7278

 



TOPP idrettsutvikling for ungdom16-19 år, status

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Nov 2011

Sogn og Fjordane Idrettskrins har på sitt styremøte av 31.10.2011 gjort opp status på dette prosjektet som GHK er ein del av.   Frå møteboka til idrettskrinsen har vi funne dette Topp idrettsutvikling når det gjeld GHK sin del.


Då topplaga inntok kunstdekke i Firdahallen!

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Nov 2011

Mange Gløpparar hadde tatt turen til Firdahallen for å sjå GHK-herrane og damene møte topplaga i sine respektive divisjonar.

Damene var klare for sesongens fyrste siger og herrane var sugne på sin tredje strake!
Det var klart for ein flott dag i Firdahallen!
Ville det bli nye jubelscener?
Laurdag fekk både GHK-herrane og damene besøk av serieleiarane i sine respektive divisjonar, fyrst ut var damene, som hadde fått storfint besøk av ein gjeng talentfulle jenter fulle av Gneist.
Gneist damene stod bokført med sterke 5sigerar og ein uavgjort på seks kampar, før gårsdagens kamp mot jentene våre.
GHK hadde på si side to uavgjorte og to tap, således var Gneist stofavoritt før møtet, men jentene våre hadde i forkant imponert mot Førde og heimepublikummet gjekk til kamp med vissheit om eit GHK lag i gryande form, og når jentene er nære formtoppen, då kan dei slå kven som helst!
Brannvesenet!

Kampen starta godt for GHK-damene, etter fire minutt stod det 3-0 til damene og eit sjokkert Gneist-lag kunne konstantere at her var det ikkje berre å hente poenga utan å måtte kjempe for dei.

Anført av Bauta-Eli-Anne og Torill i forsvar, vart det vanskeleg for Gneist å etablere eit godt angrepsspel, noko som gjenspegla seg i ansiktsutrykka til gneist-damene, til stor glede for heimepublikummet.

Kampen var og prega av eit kjærkoment gjensyn med Bodil, som etter ei pause frå handballen, har velsigna Gloppenhandballen med sitt talent!

To talentfulle, nybakte 16-åringar var med i troppen, og Elise scora sitt fyrste mål på seniornivå, så vi treng ikkje bekymre oss for framtida til GHK-damene, her er det mykje talent! 

Framover i bana viste Bauta-Eli-Anne at ho kan anna enn å bruke brannslokkingsapparatet i forsvar, gang på gang banka ho ballen i mål etter innspel og returplukking.
Celina hadde òg ein god dag på kunstdekket i firdahallen, harde velplasserte skot gjorde at GHK kunne gå til pause med eit 8-målsleiing.

I pausa bestemte jentene seg for å vinne andre omgang, ein kan ikkje gå ifrå bålet før Gneisten er slukka ordentleg..


Andre omgangen var kanskje ikkje like velspelt som fyrsteomgangen, Gneist kutta leinga til 5mål, men GHK holdt roen og det var aldri nokon tvil om kvar poenga skulle havne, med rutinerte spelarar som Hege, Elianne, Bodil, Linn og Heidi, skal det meir til for å skremme jentene våre og det var aldri nokon tvil om kvar poenga skulle havne!

Kjekt å sjå damene i kontra, med eithandsmottaka til Hege som glasuren på ein fantastisk kake som GHK-jentene serverte til hemepublikummet.

GHK damene overbeviste mot serieleiaren og halte i land ein imponerande 9-målssiger, 32-23.

Med damene som inspirasjon, var det herrane sin tur til å møte serieleiaren i sin divisjon, Årstad.

Årstad har starta sin sesong i 2.div, etter opprykk forrige sesong, på imponerande vis. 5 sigerar og 2 tap er absolutt imponerande.

I forhald til damekampen vart dette ein jamnspelt kamp der Årstad var i føringa heile kampen. Herrane hadde store problem med å dekke opp for Årstads storskyttar Tarjei Rommetveit, samme problemet hadde Årstad med GHK sin storskyttar, Jens C. Andenæs som banka inn fleire flotte mål i fyrsteomgang.
 
Det kunne virke som om herrane hadde brukt opp alt av marginar i kampen mot Stord2, for i denne kampen gjekk det meste stang ut. Hadde desse gått inn kunne ting sett mykje lysare ut.
Det skal nevnast at GHK stod godt i forsvar og lenge holdt Paul Remi laget sitt inne i kampen med flotte redningar.
Arild står som alltid godt i forsvar og fekk seg ein lårhøne som han(mandig som han er) rista av seg i pausa.

Til pause låg GHK under med eit par mål, og kampen var langt frå avgjort.
Peptalk!

Andre omgang begynte litt som fyrsteomgangen, fortsatt godt forsvarsspel, men framover skortar det litt.
På eit tidspunkt i kampen lønnar hardtarbeidande forsvarsspel seg og vi får tre kontringsmoglegheiter som alle resulterar i stang ut, uheldig. Hadde herrane satt desse, ville dei vore hakk i hæl på Årstad.

Stang ut syndromet spreidde seg og Vegard hadde flotte satsningar som diverre òg fann vegen til målstengene.
Bjørn Magnus spelar godt framover og lagar straffer som gjer at GHK ikkje er heilt hekta av.

Diverre fortsett Terjei Rommetveit å banke inn mål frammover på bana og Årstad drar ifrå sakte men sikkert, det heile endar i eit antiklimaks når venstrebacken til Årstad fyrer av eit backhandskot, Balic-samanlikning verdig, som finn vegen til nettmaskene, klasse!

Årstad vinn kampen 19-26, men resultatet lyg litt, det var jamnare enn som så. Herrane skal ha skryt for å gje serieleiaren verdig motstand, og dei verkar for å vere meir stabile enn fjorårssesongen, noko som lovar bra framover.
Dette var ikkje ein kamp GHK skulle vinne, her hadde dei ingenting å tape.
Difor var det gledeleg at dei gjorde ein god figur mot topplaget, dette lovar bra.
Alltid surt å tape, men alt i alt ein god kamp av Bjørn sine disiplar.

Vi satsar på at vi får sjå liknade scener neste heimekamp for herrane!
Scenario neste heimekamp!












Siger og tap for G16 laga i Årdal.

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Nov 2011

GHK sine G16 lag var i Årdal for å møte heimelaget i dag.  GHK 1 banka Årdølene 24-17 etter å ha leia 10-9 til pause, medan GHK 2 tapte knepent 18-20 for det same laget etter å ha lege under med 9-11 til pause.

Vegard Sælen, Evald Devik og Ørjan Sundal hadde full kontroll på Årdal i første kampen.

Årdalstangen-GHK 17-24 (9-10)

Først ute var GHK sitt 1.lag som er samansett av 16 åringane.  Etter at Årdal skåra første målet, gjekk GHK tidleg opp i ei firemålsleiing.  Dette stod seg utover i omgangen, men så pådrar GHK seg fleire 2 min utvisningar som Årdal utnytter og korter inn på avstanden inn mot pause.  Fleire tekniske feil av spelarane våre bidrar også til at stillinga ved halvtid er kun 10-9.

Ikkje lette å skubba seg på desse karane når dei er fullt konsentrert.

I andre omgong skåra Vegard og Ørjan 2 kjappe og auka til 12-9.  Så skåra Årdal på straffe til 10-12, og det skulle gå ei stund før dei fekk kjenne målsusen att.Andreas Kleppe, Vegard og Ørjan herja til tider med Årdalsgutane og auka jamnt og trutt til 18-10, før Årdal fekk sitt neste mål etter halvspelt andre omgong.  To flotte mål av Bendik Eikenes og Evald Devik + to av Ørjan og GHK var i 10målsleiing 22-12. Årdal skårer, men Evald svarer kjapt til 23-13.  Så vert utruleg nok Daniel Hjolhman utvist i 2 min etter ei takling på 6 metern.  Med kun ein målmann med oss, vert Andreas Kissner sett i mål.  Han gjer ein strålande jobb, men Årdal kjem opp i 16-23.  Laga skårer ein gong til kvar slik at sluttresultatet vert 24-17 til GHK.  Ein lokal FairPlay jury kåra Ørjan Sundal til GHK sin bestemann.  Han banka inn heile 10 mål i kampen, dei fleste frå distanse.

Desse var med: Daniel Hjolhmann Reed, Vegard Sælen (5), Åsmund Sælen, Ørjan Sundal (10), Evald Devik (3), Andreas Kleppe (2), Osmund Vereide, Andreas Kissner (1), Bendik Eikenes (3), Dag Håkon Moen.

Årdalstangen-GHK 2 20-18 (11-9)

Etter ein times pause var det klart for 15 års gutane sin kamp mot det same Årdalslaget. Daniel, Åsmund og Vegard var med frå første kampen.  Årdal gjekk i leiinga, men Erlend Ulvestad og Sander Nesdal snudde til 1-3 for GHK.  Årdal kjem tilbake og snur til 5-4. Vegard utliknar til 5-5 før fotrappe Kristian Henden spring frå alle og skårer til 5-6.  Så vert Erlend utvist i 2 min, Årdal skårer på straffa og drar frå til 11-9 til pause.

Sjefsskytar Erlend Ulvestad med herleg mål

I andre omgang er Årdal i føringa med GHK jagande frå to til fire mål bak.Erlend, Åsmund og Magnus Morritsgård frå strek lager flott mål og stillinga er 17-15 til heimelaget som på nytt rykker frå til 19-15. Så får Årdal 2 mann utvist samtidig, og GHK kjem opp på 19-17.  Årdølene held likevel hovudet kaldast og vinn 20-18.  Erlend Ulvestad vert kåra til GHK sin beste spelar av den lokale juryen og vart òg toppskårar med 7 flotte mål.

Desse var med: Daniel Hjolhman Reed, Peter Wilke, Hans Sande (2), Laurits Bjørnerheim (1), Magnus Morritsgård (1), Kristian Henden (1), Sander Nesdal (1), Erlend Ulvestad (7), Åsmund Sælen (1) og Vegard Sælen (4).

Årdal sin nr 70 var vanskeleg å stoppe

Vil også gje honnør til arrangørane i Årdalstangen IL som laga ei fantastisk flott ramme rundt begge kampane.  Verkeleg bra!  Takk til dei fantastisk flotte ungdommane vi har i GHK, som gjer det til ein fornøyelse å reise på tur med dei.


Knallsterk siger til damene mot topplaget Gneist.

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Nov 2011

GHK sin damer i 3.divisjon tok ein knallsterk siger på heimebane i dag, då topplaget Gneist vart "knust" 32-23.  Herrelaget tapte diverre 19-26 mot eit anna topplag, Årstad i 2.divisjonskampen som også gjekk i Firdahallen.  Diverre, ifølge eit tips, er alle potensielle skribentar på ut i kveld, men heimesida sine lesarar reknar med fyldige kampreferat frå dagens kampar ut på dag i morgon :-)


Spananande kampdag i morgon

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Nov 2011

Det går mot ein spanande laurdag for alle handballfans som likar GHK.  På heimebana i Firdahallen skal både damelaget i 3.divisjon og herrelaget i 2.divisjon møte topplag i sine respektive divisjonar.  Bjørn Roth sine gutar skal prøve å følge opp forrige helgs gode kamp mot Stord Elite, medan Øyvind Indrebø sine jenter jakter årets første siger mot Gneist.  Gutar 16 reiser med begge  sine lag til Årdalstangen for å møte heimelaget der. I hovudtrenar Torbjørn Sælen sitt fråvær, er det den gamle GHK kjempa Gunnar A Vereide som er lagleiar.  Skal vi sei 8 poeng til GHK før dagen er omme??


Topphandball i Firdahallen.

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Nov 2011

Så er det klart for ny handball-laurdag i Firdahallen. Damene er klare til fyrste heimekamp mot tabelltopp Gneist kl 15.00 og herrane tek imot serieleiar Årstad kl. 17.00. Ingen grunn til å sitje heime åleine laurdag ettermiddag...

Endeleg skal damene spele heimekamp, det har vi gleda oss til leng. To nye får sin debut i Firdahallen i morgon etter 16-års feiring torsdag, hurra for Sigrid og Elise!

 

Stemninga i laget er upåklageleg, den ein er trenaren er engasjert og lett antenneleg, den hin avbalansert og spankulerande i lys blå landslagsovertrekksdrakt frå -93, Marte og Celina er klare med ny musikk, Heidi og Hege har styr på lunsjen, Bodil is back og det var møleg å få ballen i nota på trening idag-altso alt i skjønnaste orden :)

GHK sin supperterleiar er dessverre utanbygds denne topphelga, men han har likevel gjort sitt ytterste for å få opp tenning og guts for det sterke kjønn før kampen med god gammaldags heimesnekra poesi:

 
Når Gloppen sine damer tek imot Gneist,
er eg diverre til England reist.
Så de må nok klare dykk utan Peder
GHK sin supporterklubb-leder.
Dette er kampen vi alle vil sjå...
Ghk sine damer mot jenter så små
Flammande kvinner mot gneisten så veik
Møte opp på kamp, men fyrst: trykk på "like".

Eg skal nok likevel ikkje stor sorg lide
referat kjem vel på GHK si nettside?
Resultatavla går nok totalt i stå
grunna høgt antall mål til GHK.
Tåler den tresifra?, lurer eg på
Møt opp i hallen, så får du sjå.

G HÅ KÅ!
Ps: Hugs sko med lys såle!
 
 
 
Etter sesongbeste forrige helg gledar herrane seg til å ta imot serieleiar Årstad. Årstad er nyopprykka frå 3. div i år, men har fleire profilar med erfaring frå 1div. Man bør holde auge med nummer 6 Tarjei Rommetveit tidligere topscorer i 1. div og ungdomslandslagsspelar, samt nummer 22 Joachim Nilsen fra Nornen. Stemninga har vore særdeles god og drengerne gledar seg til å gje alt i Firdahallen. Vi håber på tilskodarrekord for iår.
 
G16 1 og 2 reiser på poengjakt til Årdalstangen i morgon, vi ønskjer lykke til. Følg med her for referat og bilder!
   
Gløym heller ikkje June og Byåsen vs FC Midtjylland i Champions league i morgon kl 13 på Tv2 sport!


Jenter 15 år i Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Nov 2011

Torsdag 3.nov. -11, spelte J15 mot Stryn i Strynehallen. Stryn er eit kjempesterkt lag, og det fekk GHK-jentene merke. Stryn vann 37-11. Dei som spelte var: Solgunn, Stine, Birthe, Ingvild, Ayla, Benedikte, Amalie, Elisabeth, Maren og Elin. Men føl med, J15 kjem sterkare tilbake, neste gong i Firdahallen 12.nov.-11!


Mange frå GHK til RUM samling i Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Nov 2011

NHF Region Vest har tatt ut spelarar til RUM (Regionalt Utviklingsmiljø) samling i Stryn tirsdag 15.november.  Samlinga vert i Strynehallen og starter kl. 1245 og varer til ca kl. 1800.

Ingvild Slagstad og Elise H Hansen er begge klare for RUM samling i Stryn

Frå GHK er desse tatt ut: Daniel Reed, Vegard Sælen, Ørjan Sundal, Osmund Vereide, Erlend Ulvestad, Evald Devik, Mikael Alander, Sander Nesdal, Magnus Andre Morittsgård, Hans Sande, Elise H Hansen, Sigrid H Hansen, Amanda Veiteberg, Ingvild Slagstad.  Torill Henden Gåse er reserve.

Trenarar: Jenter: Andreas Berntsen   Gutar: Geir Giil og Rune Kristiansen

Evt.forfall eller skadeproblem meldes til Rune (gutar) 92606617 / rune.kristiansen@handball.no eller Andreas (jenter) 95135810 / andreas.berntsen@handball.no



Brannøving i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Nov 2011

Brannøving for trenarar og instruktørar i Firdahallen mandag 7. november kl 18.

Denne øvinga er obligatorisk for trenarane på alle våre lag. Kan også vere nyttig for oppmenn.  Så møt opp!!



Stigande besøkstal på heimesida

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Nov 2011

Frå vi lanserte den nye heimesida vår i august med 1252 visningar, via september med 5117, har vi i oktober månad registrert heile 6711 klikk innom sida.  Kjekt det :-)

 



G16 ENDELEG I GANG

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Okt 2011

Etter to utsette kampar kom endeleg gutane i gang med sesongen. Ikkje ein dag for tidleg. Florø kom på besøk og skulle måle kreften med våre gutar, og dei fekk det tøft.

Ørjan set punktum på frikast mot Florøspelarar i kne :-)
Gloppen1 - Florø 26-18 (17-8)
  
Gloppen1 er nok rekna som favorittar til å vinne serien i år, og det var kanskje det som prega laget litt i dag mot Florø. Dei greidde ikkje å sleppe seg laus, og det vart noko stivt over spelet deira.
Vegard i skotet

Dei opna bra og tok med ein gong kommandoen i kampen. Ørjan byrja på strek fordi vi ville sette ein godt forsvar med ein gong. Dette fungerte bra, og Florø slapp lite til. Det var berre slektningen til Ørjan, Olav Arne Sundal, som kom til med skota sine og han scora heile 10 mål for Florø. 
Daniel stod som vanleg godt i mål

I etablert angre var det Andreas Kleppe som stadig banka inn mål frå distanse, og Dag Håkon og Kissner rusha oss til ei 17-8 leiing til pause.
Osmund er ikkje lett å stoppe

Kampen var då i realiteten køyrd og vi var einige om å gå på bane med glød i andre omgang og stå på heile kampen. Det motsette skjedde og vi tapte omgangen med 1 mål.  Ingen god kamp frå vår side, men poeng vart det og det skal vi vere nøgde med

Desse var med: Ørjan 6, Kleppe 6, Vegard 3, Kissner 3, Osmund 3, Dag Håkon 2, Åsmund1, Odd Martin 1, Bendik 1. Daniel og Olav i mål. 


Gloppen2 - Florø 30-25 (14-15)

Så var det 96-gjengen sin tur å spele. Her var det meir glød og innsats og det vart ein velspelt og underhaldande kamp. Gloppen tok kommandoen frå start og leia tidleg med 3 mål. Florø kom tilbake og laga følgde kvarandre tett utover omgangen.
Mikael flyg inn frå ving og skårer

Bakspelarane Erlend, Mikael og Hans herja med Florø og prikka inn eine målet etter det andre. Til pause låg dei rett nok bak med 1 mål, men hadde slett ikkje tenkt å gje seg. Med Erlend som "big boss" i forsvar kom dei på bana i andre omgang med siger i blikket.
The Boss

Hans opna no på høgre ving og sette inn fleire flotte mål. Når han måtte spele bak kom Peter inn på same plassen og var ikkje noko dårlegare og laga 3 fine mål. Mikaele spelte strålande som midspelar og han brukte stadig florøsparane som rundingsbøyer. Mikael er også byrja å skyte meir og såleis blir han endå vanskelegare å stoppe. Når vi tar med at Daniel stod godt i mål måtte det til slutt ende med 3 poeng til gutane. Sluttresultatet 30-25 var godt kjempa av gutane og no leiar Gloppen1 tabellen føre Gloppen2.

Desse var med: Erlend 8, Mikael 7, Hans 6, Peter 3, Osmund 3, Magnus 1, Kristian 1, Sander 1, Lauritz, Olav og Daniel.
Hans er sikker på straffer
Kristian med flott skåring



Spenning til siste slutt då GHK J16 tapte knepent for Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Okt 2011

Det vart ein triller av ein handballkamp i Firdahallen i dag då GHK sine 16 årsjenter tok i mot naboen Stryn til toppkamp.  Etter ein litt rotete 1. omgong der Stryn leia 14-10 til pause, kom jentene våre for fullt i den andre og laga spenning til siste slutt - sjølv om Stryn til slutt vann 27-25.

GHK kom best i gong og leia tidleg 2-0, men Strynetausene kom tilbake og snur til 3-5 leiing. Anført av ei, for dagen småsjuk, Sigrid HH kjem GHK tilbake og utliknar til 5-5.  Stryn vil likevel mest og drar frå til 5-9, før Ingrid tar timeout.  I denne peioden brenn GHK fleire 100% sjangsar, medan Sara held jentene nokonlunde med i kampen med fleire flotte redningar. GHK får nokre fleire mål, men Stryn drar frå til 14-10 leiing ved pause.

I andre omgong starter begge laga bra og skårer fleire flotte mål, før GHK jentene starter på ei fantastisk opphenting.  Sjølv om ein bommer på straffe, ligg ein berre 2 mål bak med 17-19 etter halvspela andre omgong.  Så vert det 18-20, før Amanda fintar seg gjennom til 19-20.

  No vert det verkeleg liv i hallen og Irene kastar seg inn frå vingen til 20-20.  Like etter kjem Elise i annkomst og jentene er i føringa med 21-20.  Stryn kjem tilbake til 21-21 og 22-22, før Irene nok ein gong kjem frå kant og set inn 23-22. Stryn utliknar igjen, før gode Amanda set inn 24-23. Så vert truleg kampen avgjort.  GHK vinn ballen i forsvar, men istaden for å roe ned spelet vert det sendt ei langpasning som vert alt for lang.  Stryn kjem tilbake og får straffe samstundes som GHK får ein 2 min utvisning. Stryn set straffa i mål og går også i leiing då GHK misser ballen i angrep. Stilling 25-24 til Stryn. Gjestane frå nabobygda går også opp til 26-24, men GHK reduserar til 25-26 med 2 minutt att av kampen. 

Så varter Sara opp med nok ei fin redning før GHK tar timeout med 1,40 att.  GHK gjer nok ein feil i angrep og Stryn kontrar inn 27-25 som og vert sluttresultatet.

Alt i alt ein god handballkamp mellom to gode lag.  GHk tapte nok kampen på alt for mange personlege feil i angrep, men kjem garantert sterkt tilbake ved neste korsveg.

Målskårarar i dagens kamp: Elise 9, Sigrid 7, Amanda 4, Irene 3, Ingvild 1 og Marte SH 1.

PS! Kjem kanskje bilder om ei stund.



Første Heimesejer

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Okt 2011

 I dag kom mektige Stord til Firdahallen. Efter tre strake tab for rekrutlaget til Stord, havde sundhordalendingerne flyttet fire 1. div spillere ned for at vinde 4 pointskampen mod GHK.

 Starten var meget jævnbyrdig og Jostein Epland viste hvorfor han er på yngre landslag. Jens Christian og Edvin holder imot og putter mål efter mål.

Fra stillingen 8-6 er det GHK som tager ledelsen. Stord kommer for sidste gang nære ved 11-9, men så siger gutta farvel og takk for kaffe. Ole Martin tager sagen i egen hånd og scorer 3 på stribe til stillingen 14-9. Paulen er i det umulige hjørne og vi vinder sidste 8 minutter 8-2 og går til pause med 19-11 ledelse.

I begyndelse af andre omgang lukker gutterne kampen og går op i 10 måls ledelse 22-12. Runar Roadrunner fra Breim springer fortere end politiet tillader og putter 4 mål efter at have bommet på 3 til at begynde med. Alexander skyter oppe i det lange hjørne uden at keeperen rækker at flytte på sig. I dag var alle gode, Jonken med 2 mål, Arild med fire og suverent forsvarsspil, Bjørn Magnus rækker at tabe ballen og vinde den tilbake og scorer 3 mål. Vegard sætter to, og Jens Christian sju. Banens bedste var Edvin med 12 fulltreffere på 15 forsøk, han kan glæde sig til 200gr stratos fra Hege. Daniel har et par fine redninger som får alle i Firdahallen til at rejse sig. Til sidst står 39-30 på tavla i Fort Firdahallen...prøv og ta point her hvis du tør ;-)

 

1000 takk til publikum, laget løfter seg et hakk med slik god oppbacking.

Velkommen tilbake kommende lørdag da serieleder Årstad står for tur kl. 17.00. Glem heller ikke damekampen mellom Gloppen og Gneist lørdag kl. 15.00



Endeleg er det heimekamp for herrane våre!

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Okt 2011

Laurdag kl. 16.00 brakar det laust med 2.divisjonshandball i "nye" Firdahallen. Herrane viser klart stigande formkurve etter siger på bortebane forrige helg, då Runar Gåsemyr stod fram med 5 av 5 scoringar. Vi gledar oss til å sjå dei unge talentfulle Gloppen-spelarane utfordre Sunnhordlendingane.

Stord Elite 2 kjem truleg til å stille med eit ungt, men godt lag. To av spelarane er profilar på yngre landslag (-94) og er nettopp er komne tilbake frå landskamp mellom Norge og Danmark som enda uavgjort 24-24. I fjor var kampane mellom Gloppen og Stord Elite 2 jamne og velspelte. I Firdahallen kom Stord Elite 2 raskt i leiing 2-7, men GHK scorar åtte av dei neste ni måla og leiar 10-8 etter 20 minutts spel. Når kampen er slutt viser tavla til 25 - 19 til heimelaget. I bortekampen vart det dessverre tap 31 - 24.

Laurdag føremiddag, i beste handletid, vil gutta vere å finne i Sandane sentrum med utdeling av flyers. Dei har sjølvsagt pennen i lommen og kvier ikkje for autografskriving, det er berre å suge seg på. Gode erfaringar om taktikk, skudd og råd om ikkje å "møsse haudet" i pressa situasjonar deler dei gladeleg ut på kjøpet så lenge DU kjem å heiar i Firdahallen kl. 16.00.

Nokre ferskingar vil de òg dra kjensel på på det nye dekket - 3 uslipne "gløppediamantar" som har gått gjennom ei rivande utvikling det siste året.

Vegard SælenØrjan Sundal, Daniel Hjolmann Reed

Vegard Sælen - Ørjan Sundal - Daniel Hjolmann Reed

Gamle ringrevar vert også å treffe

Arild Fjellestad Tystad går ikkje av veien for ein skikkeleg fight :)

Vi ønskjer alle handballvener velkomne til kamp. Ta med mor, bror, besten, mosta, naboen, venninna og vær vår 8.mann i kampen mot Stord Elite 2!



H3

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Okt 2011

Køyrelist 2011


Trenar 2 kurs i Nordfjord

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Okt 2011

Her er det berre å hive seg med folkens! Dette kan vere ein nøkkel til å skulere potensielle framtidige klubb og landslagsspelarar.

Trener II-kurs i Nordfjord over fire kurshelger gjennom sesongen 2011/12. Kurset passer spesielt for trenere i ungdomshåndballen (13-19 år), men også for trenere både på høyere og lavere nivå. 

Les meir her:Trener 2 Nordfjord 2011



K3

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Okt 2011

Onsdag 20.00-21.30

Fredag 17.00 - 18.30 



H3

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Okt 2011

Onsdag 18.30-20.00

Fredag 19.30 - 21.00 



K5

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Okt 2011

Mandag 21-22

Torsdag 20.30-22.00  (saman med J15/16)



G16

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Okt 2011

Måndag 20.00-21.30 (siste halvtime delt med K5)

Onsdag 20.00-22.00 (delt hall med K3)



J15/16

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Okt 2011

Tysdag 20.30-22.00

 

Torsdag 20.30 - 22.00 (Saman med K5)

 



J15, Gloppen - Eid

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Okt 2011

Måndag 24.okt. -11, tok jenter 15 imot Eid i Firdahallen. Gloppen var forsiktige i starten, og let Eid gå i leiinga. Forsvarsspelet var bra, men dei vart for liten fart i angrep. Til pause var det 9-10 til Eid. 

Amalie var sterk på streken.

 

I andre omgang starta Gloppen med godt angrepsspel. Jentene klarte å presse eidarane, og finne kvarandre og særleg Amalie på steken. Eid gjekk på fleire 2-minuttar på grunn av at dei ikkje klarte å følje med. Amalie slost seg til mål på streken. Elisabeth fekk snappa ballen frå slitne eidarar. Mot slutten var det heilt klart kven som var det beste laget. Gloppen vann 21-14 mot Eid. Dei som spelte var Solgunn, Birthe, Eirhild, Amalie (8), Ayla (2), Benedikte, Elisabeth (6), Ingvild (4), Hanna, Stine, Maren (1).

Gode råd frå Jostein.



SEIER TIL HERRANE I BERGEN!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Okt 2011

GHK har nett slege formsterke Norønna med 27-24 på bortebane i Haukelandshallen, og med det tatt sin første siger i årets 2.divisjon.  Meir om kampen etterkvart.


Tap for K5 damene i Florø

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Okt 2011

GHK K5 damene tapte i dag 29-14 borte mot Florø 2.  Etter den flotte kampen mot Aurland i går, vart det i dag ingen poeng.  Etter rapportane frå Florø sleit ein spesielt med forsvarsspelet i dagens kamp.


Uavgjort for J15 borte mot Florø

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Okt 2011

J15 laget til GHK spela i dag uavgjort 13-13 mot Florø i Florø Idrettssenter.

 

 

 

Første kamp for sesongen med fleire spelarar som ikkje hadde spelt ilag før.

Vi låg bak heile kampen med inn til fire mål.Forsvarsspelet fungerte brukbart,men i angrep var det tydeleg vi ikkje var samspelte nok.Det vart for mykje ein og ein,og Florø si gode målvakt stoppa dei fleste skudd.Vi greide likevel å komme likt med Florø,og hadde matchball med 15 sekund igjen uten at denne lukkast.

Greit nok resultat,og vi fekk ein god peikepinn om kva som må trenast på framover.

 



Tid for sejer!

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Okt 2011

Gutta havde bestemmt sig i dag skulle vi have fuld pot. Modstander var formstærke Norrøna som kom til kampen med sejre over Stord II og Bergen Vest.

 

Det første kvarter følges lagene ad til stillingen 6-6 herfra tager GHK ledelsen 7-9 og 11-14. Til pause går vi med 12-16 ledelse. I første omgang var det især Jens Christian, Edvin og Runar som står frem. Efter pausen går der grus i angrebsmaskineriet uden at Norrøna klarer at komme nærmere idet Paulen havde stengt igen buret. I midten af omgangen kom Bergenserne på 20-21. Vegard Flatjord gik på flere soloraid i denne periode finter sig forbi 2-3 spillere og øker til 25-22. Runar Gåsemyr er dagens mann og scorer sit 5. mål på 5 forsøk til stillingen 26-22 5 minutter før slut og lukker i realiteten kampen. Norrøna presser på men GHK holder igen og vinder fortjent 24-27.


Knipe tap for damene mot topplaget Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Okt 2011

GHK sitt damelag i 3.divisjon tok i dag turen til Førde for å møte eit heimelag med 4 strake gevinster.  Det enda med 30-28 siger til heimelaget, som også leia 16-15 til pause. Som tala syner var dette ein relativ jamn og spanande kamp frå start til slutt.  GHK kom best i gang og leia store deler av første omgong.  Førde var ikkje føre før det var 5 min att av omgongen.  Så fekk GHK ei uheldig utvisning på tampen som Førde utnyttar og skårer direkte på frikast.  Dette gjer at Førde starter andre omgong med ein spelar meir på bana og opparbeider seg etterkvart ein 5 måls leiing etter 10 min av omgongen.  GHK kjempar seg tilbake i kampen og snur ei 27-26 leiing til Førde til 28-27 til GHK. Førde kjem tilbake og utliknar med kun halvanna min att.  Så brenn GHK eit angrep og Førde kjem føre på nytt.  Det same gjenntar seg og Førde vinn med 2.  Alt i alt ein jevn og god kamp i Førde som like gjerne kunne vippa andre vegen.  Damene kjem garantert sterkt tilbake!  Målskårarar i kveld var Heidi (7), Eli-Anne (6), Maria K (5), Marte H (4), Hege (3) og Celina (3)


GHK K5 "grusa" Aurland

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Okt 2011

GHK sitt 5.divisjonslag for damer hadde få problem med å sende Aurland den lange vegen heim med 24-3 tap.  Anført av ei glitrande Benedikte Vederhus i mål og ei sprudlane Malin Eikenes i skåringsform leia GHK med smått historiske 14-0 til pause.

Artig pauseresultat !

Sjølv om ikkje finspelet var tilstades til ei kvar tid, var underhaldningsverdien høg i dagens kamp. GHK jentene sprudla av speleglede og spela til tider "ball i hatt" med svimle Aurlandsdamer. Og det skal damene frå Aurland ha: Dei vart rundspelte, men smilet låg også her på lur heile tida. Det kan ikkje vere lett å halde motivasjonen oppe når det går heile 7 minutt inn i andre omgong før dei set inn sitt første mål i kampen.  Kampens toppskårar vart fotrappe Malin Eikenes med 13 mål.

Malin med eit av sine 13 mål

Dette GHK laget er samansett av mange flotte spelartyper som heilt sikkert vil bidra på eit høgare nivå i åra som kjem.  Malin Eikenes og Benedikte Vederhus er nemnt, men også Jenny Holvik med ein sterk venstrearm synte fine takter med 5 mål.  Men heile laget fortjener ros for framifrå innsats og til tider fint spel. Steintøffe i forsvar og med bra trykk i angrep.

Ikkje lett for Aurland å kome til avslutning mot eit pottetett forsvar hos GHK.

Desse var med i dag: Benedikte Vederhus, Bodil Fjellestad, Eline Aasebø (1), Hildegunn Otnheim (2), Aina Heggdal Elvebakk, Sigrid Skipenes Kissner, Marie Nilsen Midthjell, Kristine Stensaker Book (2), Malin Eikenes (13), Sofie Djupegot, Jenny Holvik (5) og Malene Støylen (1).  God dommar, Terje Holvik.



G16 kampane mot Vik laurdag er avlyst.

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Okt 2011

Øystein fekk seint fredagkveld sms frå Vik at dei ikkje kunne kome pga. skada spelarar??? Dette er svært beklageleg då gutane var VELDIG klar for endeleg å få spele kamp.

Så til alle som var tenkt å kome å sjå på er det berre å beklage, MEN vi kjem sterkare tilbake.


Travel helg for GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Okt 2011

Det går mot ei svært aktiv og spanande helg for GHK.  Alle laga skal i aksjon, der J16 tjuvstartar allereie i kveld med kamp mot Førde kl.20.30 i Firdahallen.  Jentelaget har opna sesongen med 2 sigrar mot Jotun på bortebane og det vert heilt sikkert kjempa hardt for den tredje strake.

Ingvild og Cristine Slagstad er klar til å møte Førde

På laurdag skal begge gutelaga møte Vik, medan K5 skal møte Aurland.  Alle kampane går i Firdahallen.  For gutane sin del er dette sesongopning i serien, sjølv om mange har deltatt rundt Bringlaget. Målet her er nok ein god start og full pott.  K5 skal prøve å fylgje opp den strålande starten dei hadde ved å vinne over Syril borte og vil nok gjere sitt beste for å sende heim eit anna sognelag utan poeng.

På søndag skal disiplane til Bjørn møte Norønna til kamp i 2.divisjon.  Denne kampen går i Haukelandshallen i Bergen.  Her vil spelarane gi alt for den første gevinsten i årets sesong.  J15 og K5 laget tar turen til Florø for å møte heimelaget.  Begge kampane i Florø Idrettssenter.  J15 sesongopnar, og det vert spanande og sjå kva det "nye" GHK laget vil klare.  Til slutt på søndag skal K3 damene til Førde for eit rivande lokaloppgjer i 3.divisjon.  Her vil nok gjerne førdianaren Øyvind ha med seg 2 poeng, skulle ein tru!  Òg etter to uavgjort + eit tap, er nok damene sjølve også svolten på siger.

Måndag kveld skal J15 i aksjon igjen, mot Eid.  I Firdahallen.  

Så folkens, her er det berre å møte opp og heie på GHK laga.  Enten det no er i Firdahallen eller andre stader!!



Suverene GHK jenter banka Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Okt 2011

GHK sine 16 års jenter varta opp med feiande flott handball då dei banka Førde 2 med heile 33-15 i Firdahallen i kveld.  Framfor eit, til torsdags kveld å vere, tallrikt publikum henta dei til tider fram delikatesser frå øverste hylle. Anført av "the twins" Heien Hansen var det aldri tvil om sigeren.

Glade og flotte jenter etter sigeren

GHk opna kampen i eit forrykande tempo og valsa over Førde frå start.  Godt forsvarsspel kombinert med kjappe bein og finter i angrep gjorde at ein sakte men sikkert opparbeidde seg ei sikker 18-8 leiing til halvtid. I andre omgong fortsette jentene finspelet og vann til slutt 33-15. Flotte innspel til strekane Marte og Marthe.  Gode skot frå distanse av Amanda, Ingvild, Elisabeth og Irene.  Flott vingspel av Ayla, Cristine og Anne Kristin. Godt målvaktspel av Sarah.  Legg ein då til to fotrappe tvillingar frå Nordåsen, ja då får ein eit komplett lag som er vanskeleg å slå.  Rett og slett ein flott kveld på nytt golv i Firdahallen.  God dommar som vanleg, Einar Eimhjellen.

Desse var med: Sarah Nordbø, Ayla Seime (2), Elisabeth Hansen (1), Irene Slagstad (2), Ingvild Slagstad (2), Martha Sofie Eide (2), Amanda Veiteberg (2), Sigrid H Hansen (11), Elise H Hansen (7), Marte S Hjelle (4), Christine Slagstad og Anne Kristin Haraldsvik.

Vanskeleg for Førde å kome forbi GHK jentene

Sara Nordbø med mange flotte redningar

 

Kaptein Elise med straffemål


Tap mot Bergsøy

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Okt 2011

Tysdag tok disiplane til Bjørn Roth-Andenæs den lange turen til Møre for å spele sesongens tredje treningskamp!
Med ein sikker og god sjåfør tok vi fatt på turen med friskt mot, med siger i siktet.



Tysdag tok disiplane til Bjørn Roth-Andenæs den lange turen til Møre for å spele sesongens tredje treningskamp!
Med ein sikker og god sjåfør tok vi fatt på turen med friskt mot, med siger i siktet.

Kampen starta bra og vi leiia med 2-3 mål gjennom store deler av fyrste omgang, men vi opplevde ofte å blei heimsøkt av "GHK-spøkelset". 
"GHK-spøkelset" gjer at vi får får ein/fleire downperiodar, der vi mistar futten både framover og bakover. Vi merka i denne kampen at spøkelset fokuserte mest på forsvarsspelt vårt, for det var lang under pari!

 Bergsøy hadde mange kjappe spelarar som fekk springe relativt uforstyrra innanfor vår 9meter og skyte upressa.
Dette visste Bergsøy å utnytte då det blei avfyrt mange gongar i midten, som resulterte i mange mål, mål som Hjolman Reed ikkje kan klandrast for då forsvaret var fråverande.

Det skal og nemnast at JensC viste gryande form etter treningsopphaldet med Byåsen og banka/flaug inn mange kremmarhus! Det ryktast at JensC vil ha lasermålaren tilbake i FH, med god grunn!

Sjølv om forsvarsspelet ikkje satt, scora vi mange mål, spesielt i 1.omg viste vi at trekka sitt og at vi har mange unge lovande som veit kvar målet står!
Unge Moritsgård hadde mange flotte gjennombrot som resulterte i mål!

2omg starta ikkje like bra som den fyste, det er Bergsøy som styrer denne omgangen!

Vi fortsett å score mål framover, men med lengre mellomrom, forsvaret slit vi fortsatt med.
Mykje tull frå begge lag gjer scoringstavla viser omtrent død løp.

Mot slutten av omgangen tar Bergsøy seg saman, utan at GHK gjer det samme. Dette gjer at dei får eit forsprang på 3-4mål, som vi ikkje maktar å hente inn. Med to kjappe reduseringar på slutten, endar kampen med 33-32 til Bergsøy, ein kamp som vart leiia av ein eminent dommar som ikkje hadde dømt handball på 5år(!), så vi har ingen andre å skulde på enn oss sjølve.

GHK viste seg ikkje frå si beste side, vi mangla "tenning" spesielt i forsvar, men eg er sikker på at den er på plass til helga, når vi tar turen til Bergen!
Då får vi i tillegg eit kjærkoment gjennsyn med vår kaptein og sjef i forsvar, som skal vise korleis ein set ei god takling!:)

Når vi får til kombinasjonen av godt forsvarsspel og mykje mål, ja då trur eg vi kan plukke poeng ifrå mange av våre divisjonskollegaer!

Takk til Bergsøy for kampen, og vi håpar vi kan få til ein "returmatch" i Firdahallen!









Revansje for G16 mot K3

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Okt 2011

Etter to strake tap i treningskampar mot K3, vann G16 tysdagens treningskamp. Tysdag møttest K3 og G16 for tredje gang i treningskamp denne sesongen. Dei to føregåande oppgjerda har dame vunne, men tysdag fekk gutane ein liten revansj.

Med litt redusert mannskap på begge sider var det nok damene som var mest prega av det. Utan Igrid, Heidi og Marte vart dei for lette mot Ørjan & co.

Gutane tok føringa heilt frå starten og leia stort sett gjennom heile første omgang, men som ofte før skapte den gode strekspelaren til damene problemer for gutane. Eli Anne fekk servert den eine "lekkerbisken" etter den andre inn på streken og scora sikkert. Stillinga til pause var 11-7 til gutane. 

I andre omgang greidde gutane og plukke meir av innspela og vere meir kompakte rundt strekspelaren og det vart tyngre for dame å kome til gode målsjansar. Måla måtte kome bak frå bana og Maria Kleppe viste i kampen fleire flotte mål frå distanse. Det var også kjekt å sjå Amanda Veiteberg tilbake på bana etter langtidsskade, og ho fekk glimtvis vist gode prestasjoner der ho finta seg forbi gutane og sette ballen kontant i mål.

På gutelaget utmerka Ørjan Sundal seg med 8 mål og var best på gutelaget. Han skyt hardt og er sterk, og lagde stadig "brydderi" for damene. Det var også gledeleg å sjå at 96-årgangen er byrja å utmerke seg. Sander Nesdal knalla inn 3 flotte mål, og Magnus Moritsgård på streken scora 2. Hans Sande måtte spele store delar av kampen som midtspelar og løyste oppgåva fint. Når vi i tillegg må nemne Peter Wilke som verkeleg tok i bakover og scora mål framover, ser vi lyst på sesongen for Gloppen 2 sitt 16-årslag.

Sluttresultatet vart 22-14 til gutane og ein fortent siger. Til helga skal dei serieopne mot Vik og dei virka til å vere i rute.
 


Tap også i siste Bringkvallikkamp.

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Okt 2011

GHK G16 Bringlag tapte siste kampen i Bringkvalliken i dag med siffera 18-25 for Årstad.  Kampen var utan betydning for for gutane våre, og bar vel preg av det.  I første omgong klarte gutane, i tredje kamp på rad, kun å skåre 4 mål.  Stillinga til pause var 4-11. 

Bakover fungerte det bra, men svikta framover.  I andre omgong spelar ein uavgjort.  Kanskje sit det ein del i hovudet, men det er nok urettferdig å forvente at GHK skal klare å slå lag som trenar handball heile året og som har dette som sin einast idrett.  Nivået på lag frå Oslo og Bergen regionen er skyhøgt og sånn sett er dette ei viktig erfaring å ta med seg for desse spelarane vidare.  No har ein sett kor nivået ligg på dei beste 16 årslaga i landet, og det er klart at sjølv om ein samlar dei beste 15 og 16 åringane her i fylket til eit lag er det framleis eit stykke fram og opp.  Skal ein nå opp på eit høgare nivå må nok også vi drive handball som heilårsidrett og ha ubegrensa tilgong til halltid.  Vi må nok også starte skuleringa av spelarane med kvalifiserte trenara på eit langt tidlegare nivå/alder enn i dag.  Men det vert ein anna diskusjon.


Tap for G16 laget i første Bringkvallikkamp.

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Okt 2011

Gutane fekk ein dårleg start på Bringkvalliken då dei rauk på eit 27-16 tap for Fyllingen i dag.  Om det var den kaotiske starten på dagen som gjorde utslaget (Bussen streika når dei skulle køyre frå Sandane i dag tidleg, så ein måtte tromme i hop privatbilar for å kome seg til Bergen.  Framme i Bergen ein knapp time før kampstart) er vanskeleg å sei, men første omgang var katastrofal dårleg.  Fyllingen tok gutane våre på tempoet så det heldt og leia 17-4(fire!!!) til pause. I pausen klarte trenar Geir Giil å vekke spelarane, slik at andre omgang enda med 12-10 til GHK.  Men kampen som sådan var avgjort til pause.  Trøsta for troppen i Bergen får vere at Fyllingen nok er det beste av dei tre laga vi møter. 

Ny kamp mot Årstad kl 18 i ettermiddag.



Kollaps for GHK Bringlag

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Okt 2011

GHK sitt G16 Bringlag er i praksis ute av kvalliken for deltakelse i Bringserien etter å ha kollapsa i andre omgang i ettermiddagens kamp mot Kjøkkelvik.  Dette var den viktige kampen om andreplassen i pulja, og GHK kom godt i gang og stod kjempebra i forsvar i første omgong.  Til halvtid leia vi med eit mål 10-9, og det såg lovande ut.  Så skjedde det same som i første omgong mot Fyllingen i kampen tidlegare på dag:  GHK skåre kun 4 mål i andre omgong.  Med andre ord full kollaps og sluttresultat 26-14 til Kjøkkelvik.   Frå Bergen får vi meldt kollektiv svikt i begge kamper, og morgendagens kamp mot Årstad vert kun ein kamp for å unngå sisteplassen i pulja. 


Bringlaget til Bergen og kvallikkamper.

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Okt 2011

Geir Giil og Torbjørn Sælen tar med G16 Bringlag til Bergen i helga for siste kamper for å prøve å kvalifisere seg til den landsomfattande Bringserien.  Av fire lag som møtast i Bergen går to lag vidare.  GHK møter Fyllingen i første kamp i morgon kl. 13.30.  Heimesida vil oppdatere om kampane i morgon kveld.  Les meir her http://www.handball.no/p1.asp?p=33293



Braktap for damelaget i Bergen!

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Okt 2011

I dagens kamp mot Fyllingen 2 gjekk det "skeis" for damene våre.  Etter å ha gjennomført første omgong til godkjent der ein berre låg under 11-13, rakna det fullstendig i andre omgong.  35-18 til heimelaget lyste på tavla etter 60 minutt. Dette var ein kamp med kollektiv svikt over heile linja, og ein kamp ein bør gløyme fortast mogeleg.

Laget var det same som i går, og i dag kom følgande på skåringslista: Heidi (4), Ingrid (1), Celina (4), Hege (5), Marte (2) og Eli-Anne (2).



Ny uavgjort for damelaget i 3.divisjon!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Okt 2011

GHK sitt damelag i 3.divisjon spela i dag uavgjort 26-26 borte mot Kjøkkelvik 2, etter å ha leia 13-10 til pause. 

I Olsvikhallen var det Gloppedamene som kom best ut av startblokkene og leia med 4 mål halvveges i første omgang etter finfint angrepsspel.  Så stokka det seg heilt ein 10 min periode frå det 15. til det 25. min.  Dette utnytta Kjøkkelvik til å koma ajour i målprotokollen.  Damene våre samla seg likevel til ein sluttspurt og leia fortjent 13-10 til pause.   I starten av andre omgang virka det som om GHK hadde forlenga pausen med 10 minutt.  Iløpet av dei 10 første minutta av omgangen gjekk Kjøkkelvik frå 10-13 til 16-13.  Damene gjev ikkje opp no heller og kjem tilbake til uavgjort.  Ny dårleg periode frå 50-55 min, der ein på ny kjem bakpå med 4 mål til 26-22.  Med 5 minutt att av kampen klarer likevel våre jenter å kjempe seg tilbake til uavgjort. Sterk sluttspurt!!  I Øyvind Indrebø sitt fråvær, var det Arvid Gimmestad som leia laget i Bergen i dag.  Han seier i ein kommentar at totalt sett er uavgjort eit rettferdig resultat slik kampen utvikla seg, men at Kjøkkelvik 2 absolutt var eit lag ein kunne slege.

Desse var med: Benedikte, Heidi (7), Ingunn, Malene, Marte (6), Celina (1), Hege (3), Torill (1), Ingrid (3), Eli Anne (5).

Ny kamp mot Fyllingen 2 i morgon.



Siger for K5 damene i første kamp!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Okt 2011

Damelaget i 5.divisjon opna sesongen med ein sterk bortesiger mot Syril i kveld.  19-14 vart sluttresultatet, etter knapp 8-7 leiing til pause. Trenar Ragnhild Bakketun Vederhus seier i ein kommentar at dette var ein lagsiger der alle bidrog til sigeren. Spesielt etter pause var jentene gode.  Største problemet for damene i kveld var faktisk å finne hallen dei skulle spele i. Ikkje ofte den ligg i tredje etasje i eit kjøpesenter, men det gjer den på Leikanger!!

Glade jenter etter sigeren.

Glade jenter etter sigeren.



GHK med to nye til regional landslagssamling.

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Okt 2011

Erlend Ulvestad og Mikael Alander er teken ut til regional landslagssamling i Haukelandshallen 18.oktober  Dette er ei samling for 96-97 modellane. Vi gratulerer.


RUM samling i Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Okt 2011

10 gutar og jenter frå GHK var i dag på RUM (Regionalt Utviklings Miljø) samling i Førde. Ansvarleg for samlinga var NHF Region Vest ved Rune Kristiansen/Geir Giil for gutane og Andreas Berntsen for jentene.

Full konsentrasjon når gutane vert instruert i kva dagen vil bringe.

Med frå GHK var Erlend Ulvestad, Mikael Alander, Magnus Andre Morritsgård og Sander Nesdal frå 96 årgangen.  Frå 95 modellane var desse med: Vegard Sælen, Ørjan Sundal, Evald Devik og Osmund Vereide.

Vegard Sælen fyrer av skotarmen.

Jentene i GHK var representert av Ingvild Slagstad frå 96 årgangen, og Elise Heien Hansen frå 95.  Alle som representerte GHK gjorde sine saker framifrå, spesielt kjekt var det å sjå at dei som var på samling for fyrste gong ikkje stod med hua i handa men tok tak mot meir etablerte spelarar.

Elise Heien Hansen testar skotarmen



Gratulerer med landslagsdebuten i dag, Sigrid !

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Okt 2011

Slik ser ein vaskeekte landslagsspelar frå Sandane ut etter storsigeren 11-0 over Litauen i EM kvallik i fotball for det norske J16 landslaget i dag. Sigrid Heien Hansen kom inn etter 41 min, og skåra likegodt siste målet i kampen etter 77 min.



Bruken av Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Okt 2011

Etter første helga med aktivitet i Firdahallen, har vi fått tilbakemelding frå overordna myndigheit på at golvet ikkje ser ut. Dette skuldast nok i første grad bruk av sko med mørke sålar og overdreven bruk av klister. Men det er også oppdaga eit hol i det nye golvet som sannsynlegvis skriv seg frå GHK bruk.

Det som er viktig framover er: Bruk av hallen utan løyve er strengt forbode!  Bruk av sko med mørk såle er strengt forbode! Fram til hallen er ferdig lista kan ein ikkje vaske hallen på skikkeleg måte, difor ein begrense klisterbruken.  Ved alle GHK treningar fram til haustferien er over, skal trenar/oppmann påsjå at hallen er ryddig og stengd ved avslutta trening når det ikkje er aktivitet etterpå.  All parkering av bilar skal vere på grusbana.  Firdahallen og området rundt er, og vil vere i lag tid, eit anleggsområde.  Dette må vi ta hensyn til når vi brukar hallen slik at arbeidet kan gå sin gang.

Brot på dette kan medføre at hallen vert stengd i periodar, og det vil vi helst sleppe.



Bringlaget finpussar formen på Eid

Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Okt 2011

GHK sitt G16 Bringlag finpussar formen i Eid idrettshus søndag. Torbjørn Sælen tar med seg Gloppen sine representantar ut til nabokommunen i nordvest, der sjefstrenar Geir Gil og resten av troppen ventar.  Dette er siste finpuss av form og formasjonar før kvalifiseringskampane i Bergen helga 15. og 16.oktober.



Første trening på nytt golv!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Sep 2011

Damelaget/jentelaget var dei første som fekk kjenne på det nye golvet i Firdahallen i kveld. Under kyndig leiing av hjelpettrenar Arvid Gimmestad, gjennomførte dei ei god treningsøkt.  Tilbakemeldingane frå jentene var udelt positive. Dette golvet likar vi.

Også G16 laget hadde si første økt på det nye golvet i kveld. Torbjørn Sælen og Gunnar Atle Vereide hadde økta med dei.  Her gir Torbjørn instruks om korleis han ynskjer oppvarminga.



Poengdeling i Årdalshallen!

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Sep 2011

Serieopninga til Gloppendamen borte mot Jotun 2 utvikla seg til ein thriller av ein handballkamp. Når sluttsignalet gjekk viste tavla 36-36.

 

Det er alltid knytt stor spenning rundt "lokalderbya" mellom Gloppen og Jotun. Når trenaren i tillegg har skifta farge frå grønt til raudt, var det ingen tvil om at dette skulle bli spennande frå start til slutt.

Vi kom best i gong, leia 3-1 etter berre to minutts spel. God trøkk i ankomsten og gode redningar gjorde til at vi opparbeide oss ei 4 målsleiing og var oppe i 11-7 . Eit par 2 minuttarar til Gloppen og mykje guts frå heimelaget kom Jotun 2 tilbake og reduserte til 11-11 litt over midtvegs i omgangen.Laga følgde kvarandre resten av omgongen, men vi tilreiv oss ei 2 målsleiing rett før pause (18-16).

Jotun 2 kom raskt à jour i 2. omgang. Kampen er tett og laga føl kvarandre som skuggar heile omgongen, men det var stort sett uavgjort eller 1 og 2 målsleiing til Jotun 2. Jotun 2 har sin 8. mann på tribuna og det er kjempestemning i Årdalshallen både slik og slik.

4 min før slutt leiar vi med 1 mål, men Jotun kjem att og går igjen i føringa. Med 1 mål under brenn vi ein sjanse ca 40 sek før slutt. Men vinn i tilbake ballen med på ca 59.40

Då tar vi time-out og Marte scorar med 7 sek igjen av kampen.

Øyvind oppsummerer seriestarten slik.

Det var godt å komme i gang med seriespelet. Slik som kampen utvikla seg, er eg nøgd med 1 poeng. Både i forhold til kamputviklinga i 2. omgang og i forhold til kvaliteten på laget vi møtte. For det var eit godt Jotun 2.

Men vi har meir å gå på i forhold taktiske val på bana både i angrep og i forsvar. I tillegg er vi for ustrukturerte i forhold til kontringsspelet.

Totalt sett syns eg vi står godt samla som LAG i kritiske fasar i kampen, og det at vi har god lagmoral viktig å ta med seg i vidare.

Som vi alle var einige om etter kampen, handlar det om å reise heim å øve meir :)



GHK gutar på regional landslagssamling.

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Sep 2011

Daniel H. Reed og Ørjan Sundal var i dag på regional landslagssamling for gutar fødd i 94 og 95.  Samlinga var i Haukelandshallen i Bergen og vart leia av Daniel Birkelund.  Våre to gutar gjorde ein framifrå innsats og stod ikkje noko tilbake for sine kollegaer frå Hordaland.



Surt tap i Styrkhallen.

Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Sep 2011

 

Årets første heimekamp bliver afviklet i Styrkhallen. GHK kommer bedst fra start og leder 3-1 og 4-3 men så stokker det sig. Vi rammer træverket 10 gange i første omgang og går til pause med stillingen 8-10.

Andre omgang begynder forfærdeligt og vi kommer bagud 8-12 og 9-14. Til stillingen 11-20 er der kun et lag på banen, Fyllingen. Vi får samlet os lidt og kommer på 15-20 Fyllingen scorer ikke på 8 minutter. Desværre får vi en lidt hård 2 minutters udvisning som Fyllingen udnytter til at score 2 mål og afgøre kampen. Positivt var at over og undertalsspil fungerede vældig godt men at vi ikke scorer på altfor mange oplagte chancer. Gloppen bedste i dag er uden tvivl Paul Remi. Ørjan scorer også i sin første seniorkamp. Edvin er topscorer med 5 mål. Jens Christian 4, Arild 2, Vegard 2, Martin 1, Bjørn Magnus 1, Sander 1. Nu er der en måned til næste kamp som vi skal bruge godt og komme mere skærpet tilbage til serien.


Firdahallen vert opna før tida!!!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Sep 2011

Ein svært hyggeleg telefon frå prosjektleiar Anniken i dag: Firdahallen er klar for bruk neste fredag!!!! DVS 1.oktober!! Ei veke før den opprinnelege datoen.   Dette kaller eg ei skikkeleg gladmelding.


GHK bussen går til Stryn i morgon

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Sep 2011

 

                                  

 

I samband med 1.divisjonskampen i handball mellom FyllingenBergen og Elverum i Strynehallen på lørdag, har vi sett opp GHK bussen til Stryn. Der er ca 10 ledige plasser. Dei  første som sender mail til gloppen@rvn.handball.no får plass. Avgang frå Best stasjonen på Kleivedammen kl.15.15.  Billetter til kampen kan kjøpast på bussen. 



Første heimekamp for herrelaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Sep 2011

GHK herrane tar imot Fyllingen 2 til kamp i Styrkhallen på søndag. Fyllingen sitt førstelag spelar som kjent kamp i Stryn på lørdag, så det vert spanande å sjå kva lag dei mønstrar mot oss på søndag. Uansett vert det ei tøff oppgåve for Bjørn Roth Andenes sine disiplar, men om folk i Gloppen reiser "mann av huse" til Innvik og støttar laget sitt kan det vere tungen på vektskåla som vippar kampen i vår favør. 

Fyllingen 2 har slått BergenVest 39-31 og tapt 31-34 for Sotra i sine to første kampar, medan våre eigne helter tapte begge sine kampar i Bergen sist. Tett og jevnt mot NHHI, langt under pari mot Åsane.

Dette er den einaste heimekampen vi ikkje får spele i Firdahallen, så det hadde vore kjekt for spelarane å få støtte "heimanfrå" i Styrkhallen.



Arbeidet med Firdahallen er i rute.

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Sep 2011

Arbeidet med det nye golvet i Firdahallen ser ut til å vere i rute.  Arbeidarane har lagt treplater over den gamle parketten.  Over desse treplatene er dei no i ferd med å sluttføre legginga av 1 cm gummidekke.

Då gjennstår toppdekket som vert lagt på i flytande form i ein prosess.  Så skal det merkast etter alle kunstens reglar før det kjem eit forseglingslag heilt på toppen.  Ifølge vaktmeister Mardal er arbeidet i rute og ventast sluttført til haustferien.  Tipper det er mange spente handballspelarar rundt om!!!!!!



Mange frå GHK til RUM samling

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Sep 2011

NHF Region Vest har gjort uttak til Regionalt Utviklingsmiljø (RUM).  Samlinga vert i Førde (Førdehuset) tysdag 04.oktober frå kl.1145 til 1715.  Dette er ei samling for årgangane 94-96.  Mange spelarar frå GHK er tekne ut.

Ingvill Slagstad og Elise Heien Hansen er blant dei uttekne.

Jenter:

Elise Heien Hansen, Sigrid Heien Hansen, Amanda Veiteberg og Ingvill Slagstad.

Gutar:

Daniel Reed, Vegard Sælen, Ørjan Sundal, Runar Gåsemyr, Aleksander Moritsgård, Osmund Vereide, Evald Devik, Mikael Alander, Erlend Ulvestad og Sander Nesdal.  Magnus Andre Moritsgård er teken ut som reserve.

Sjå http://www.handball.no/p1.asp?p=32965 for meir info

 



Stortap for herrane i søndagens kamp mot Åsane.

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Sep 2011

Etter den gode kampen mot NHHI på laurdag, vart søndagens kamp mot Åsane ein solid nedtur med tap 19-35.  Ifølge trenar Bjørn Roth Andenes var alle langt unna vanleg standard i denne kampen.  Einaste lyspunktet i kampen var Arild Fjellestad Tystad, som var god i begge endar av bana.  Denne kampen er det berre å gløyme fortast mogeleg og heller sjå framover mot neste kamp!


June klar for Champions League!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Sep 2011

Gloppejenta June Andenes er klar for spel i Champions Leage med sin nye klubb Byåsen.  Les meir her http://www.firda.no/sporten/article5742156.ece



Siger mot Jotun for jentelaget!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Sep 2011

GHK sitt jentelag fekk ein pangstart på årets sesong då Jotun vart slegen 26-23 på parketten i Årdalshallen i dag føremiddag, etter å ha leia 16-9 til pause.

Elise Heien Hansen (her til høgre) med målrekord! Til venstre ein anna sentral spelar: Irene Slagstad

Dette var ein solid lagsiger der alle jentene bidrog.  GHK mangla to sentrale spelarar til denne kampen då hverken Sigrid Heien Hansen eller Amanda Veiteberg kunne vere med til Årdal.  Men her vart full trøkk frå første avkast frå dei som var med, og vi var oppe i 9 målsleiing tidleg i kampen og hadde full kontroll utover i begge omganger.  Nesten alle jentene teikna seg på skåringslista, men vesle, store Elise heien Hansen var nok banas gigant då ho noterte seg for heile 14 mål.  Ho var i det umogeleg hjørnet, og Jotun sine meir og meir frustrerte jenter fekk aldri tak på ho.  

Glade jenter etter kampen mot Jotun



Dagens dobbel av jentelaget!

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Sep 2011

I dagens andre kamp vart Jotun 2 feia av parketten i Årdalshallen med siffera 37-15. Ved pause var stillinga 18-10 til GHK

Om den første kampen hadde eit snev av spenning dei siste minutta, så var denne kampen god medisin for dei med svakt hjerte.  Jentene tok komandoen frå start, og såg seg aldri attende.Også her var det ein kollektiv innsats som gav grunnlaget for sigeren.  Kjekt å sjå at også i denne kampen var 96 modellane fullt på høgde med sine eldre lagveninner.

Ingvill Slagstad (nr 17) med 11 mål. Martha Sofie Eide til venstre og Marte Sunde Hjelle til høgre

Ingvill Slagstad banka heile 11 ballar bak Jotunmålvakta, medan Ragnhild Ryssdal sette inn 5 mål.  Også Elisabet Hansen og Amalie Mundal teikna seg på skåringslista.  Toppskårar vart likevel dagens store profil, Elise Heien Hansen. 12 mål i denne kampen.  Totalt 26 mål på to kampar.  God kamp i mål av Sarah Nordbø, som i andre omgang stengde buret nesten heilt.

                                              Sarah Nordbø stod ein strålande kamp i mål

Alt i alt ei perfekt sesongopning av jentelaget med full pott.  Då er det lett å sette seg i bilen for å køyre heimatt!



Impulssamling i Stryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Sep 2011

I samband med Postenligakampen mellom FyllingenBergen og Elverumn i Strynehallen 24.setember,inviterer NHF Region Vest til impulssamling for trenere og ledere.

Dommerutdanning Les mer på www.handball.no/rvn

Impulssamling Stryn

Lørd. 24.09.2011

Kl. 1500-1900

NHF Region Vest inviterer til impulssamling for trenere og ledere som til daglig jobber med spiller- og talentutvikling fra alderen 15 år og oppover. Samlingen vil bestå av en paneldebatt hvor vi tar for oss talentarbeid og spillerutvikling i Sogn og Fjordane. I panelet vil Øyvind Indrebø (Gloppen damer 2.div), Almir Ljajic (Jotun damer 1.div) og Kristjan Adalsteinsson (Førde damer 3.div) sitte. I tillegg får man med seg Postenligaoppgjøret FyllingenBergen – Elverum.

- Hvordan få frem flere toppspillere av typen June Andenæs?

- Når får vi neste lag fra Sogn & Fjordane med i en aldersbestemt nasjonal serie?

- Hvordan øke kompetansen blant trenerne som jobber med utøverne i alderen 15-20 år?

BLI MED Å BIDRA I DISKUSJON OM TALENTUTVIKLING I SOGN OG FJORDANE !

NB! Det må være minst 10 deltakere for at samlingen skal avholdes.

Påmelding til Andreas Berntsen:

andreas.berntsen@handball.no

eller mob. 951 35 810

innen onsdag 21. september

Impulssamling Strynehallen

Lørdag 24. september kl 1500-1900

1500-1615 Paneldebatt

1620-1640 Info om kampen fra de to laglederne

1700-1830 FyllingenBergen – Elverum 1830-1900 Oppsummering / avslutning

Bli med på faglig diskusjon!



Billettar til storkampen FyllingenBergen og Elverum

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Sep 2011

GHK har fått tak i ein del billettar til Postenligakampen mellom FyllingenBergen og Elverum i Strynehallen den 24.setember kl.17.00.  Det er 3 ulike kategoribilletter: Vaksen kr 100,-, Honør/student kr 50,- og born (6-16) kr.20,-.

Billettar kan kjøpast i Nordåsen 46.  Eller send ein mail til  gloppen@rvn.handball.no eller ring 90634853 for å bestille billettar.



God kamp av GHK herrane i Bergen, trass knepe tap!

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Sep 2011

GHK herrane tapte opningskampen i 2.divisjon 27-28 mot NHHI i ettermiddag.  NHHI er venta å vere eit av topplaga i divisjonen, og hadde før kampen annonsert på si heimeside at denne kampen vart ei komfortabel gjennomkøyring.       

    

God kamp av karane til Bjørn, trass tap (arkivfoto)

Etter at GHK skåra det første målet i kampen, var NHHI det førande laget stort sett heile første ongong og leia 15-10 til pause.  Kva trenar Bjørn sa til spelarane sine i pausen skal vere usagt, men spelarane kom på bane til andre omgong med ny glød og entusiasme. Etter 4 minutt av andre omgong leia GHK 16-15!!  Heile andre ongong var ei jevn batalje der laga bytast på å leie kampen.  GHK held uangjort til det stod att 5 sekund av kampen.  Bittert når ein er så nære, seier Bjørn i ein kommentar.  Han meiner laget sitt hadde fortjent minst eit poeng etter innsatsen spelarane la for dagen, og meiner kanskje også at litt meir rutine på dette nivået på dei yngre spelarane  kunne "bikka" kampen i vår favør.  Vegard Flatjord vart toppskårar med 6 mål, og var i tillegg ein av lagets beste på framover og bakover.

Les kva NHHI skriv om kampen her http://www.nhhi.org/

Ny kamp i morgon mot Åsane. Kanskje eit enno betre lag enn NHHI, men etter dagens kamp har nok spelarane skjøna at dei er på talefot med dei beste og då kan alt hende!



Ekstrakvalifisering til Bringserien for G16 laget!

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Sep 2011

GHK sitt G16-Bringlag får ein ny mogelegheit til å kvalifisere seg til Bringserien gjennom ei ekstra kvalifiseringsrunde i Bergen 15.-16.oktober.

 
GHK G16 Bringlag (foto: Torbjørn Sælen)

Det er sett opp 6 kvalifiseringspuljer over heile landet.  GHK er i Bergenspulja, der dei møter Kjøkkelvik, Fyllingen og Årstad.  Dei 2 beste frå kvar pulje er kvalifisert til Bringserien.  Vi ynskjer Torbjørn og Gunnar sine gutar lukke til.


3 gutar frå GHK til regional landslagssamling!

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Sep 2011

Daniel Hjohlman Reed, Vegard Sælen og Ørjan Sundal er tekne ut til regional landslagssamling for gutar fødd i 94-95.  Samlinga skal vere i Haukelandshallen tysdag 27.september frå 09.45 til 15.15.

Vegard SælenVegard

Alle våre gutar er 95 modellar.  Daniel er tatt ut som målvakt, Vegard som venstre bakspelar og Ørjan som linjespelar.

ØrjanDaniel

 



Sigrid Heien Hansen er utteken på det norske landslaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Sep 2011

Vår eiga Sigrid Heien Hansen er ikkje berre god i handball, men også i fotball.  I dag kom meldinga om at ho er utteken på det norske J16 landslaget i fotball som skal til Litauen for å spele EM kvalifisering i perioden 30.setember til 8.oktober.  Sigrid spelar fotball på Jølster sitt damelag i 2.divisjon.  GHK gratulerer og ynskjer lykke til!

Sigrid Heien Hansen



Første trening i Styrkhallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Sep 2011

17 gutar til Innvik for å trene Tysdag var det avreise med GHK-bussen+ ein ekstra bil for å trene i Innvik. Då vi kom inn var der så mykje bilar at vi ikkje fekk parkere ved hallen, og vi tenkte det var innfjordingar som ville sjå oss trene. Men nei det var fotballkamp i styrtande regnveir.

Vi vart tatt godt imot og vist til rette med garderobe og hall og fekk gjennomført ei god treningsøkt på 2 timar. Sjølv om det var litt uvant og "tregt" dekke er Styrkhallen ein flott hall å trene i, og G16 tar sikte på å reise inn tysdagar å trene frå 1830 til 2000 ++.





Tøft for Gloppen i Bring kvalifisering.

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Sep 2011

Etter to tap i helga må Gloppen gjennom taperrunda for å prøve å kvalifisere seg for Bringserien.



Laurdag  10.9.2011 var G-16 i Oppsal Arena og skulle prøve å kvalifisere seg til Bringseien, men det vart to tap. 

Først møttest Oppsal og Kongsvinger. Vi visste frå før at Oppsal var eit godt lag, men visste lite om Kongsvinger. Kampen viste at Kongsvinger var eit betre lag en vi hadde forventa. Dei pressa faktisk Oppsal gjennom heile kampen og det var først i sluttminutta at Oppsal klarte å stikk i frå og vann med 6 mål.

Kongsvinger
Neste kamp var Gloppen mot Kongsvinger. I det aller først forsvaret kom Erlend hinkande ut med "kne mot kne" skade. I neste forsvaret kom Vegard hinkande ut med overtrakk av ankelen. Det såg ikkje lyst ut.  Vi kom fort 2-3 mål etter, men etterkvart klarte vi å bite oss fast. Både Erlend og Vegard kom seg føre og kom etterkvart tilbake på bana. Til pause var stillinga 15-14 til Kongsvinger og det full spenning i kampen.

Laga følgde kvarandre gjennom heile omgangen, men vi hadde problem med å kome skikkeleg ajour. Stillinga var 21-21, men etter at Vegard hadde skote Ørjan i ansiktet i ein ankomst, vart det tungt i slutten av kampen. Vi tapte til slutt 29-25 i ein kamp vi følte vi kunne ha vunne. Gutane greidde ikkje kome opp på maxnivå i denne kampen og då nådde vi ikkje heilt fram.
Mestscorande i kampen var Runar Helland Åmodt 6, Vegard Sælen 5, Vebjørn Espe 4.

Oppsal
Oppsal spelte 3-2-1 i forsvar og var svært offensive og aggresive i forsvarspelet sitt. Dette hadde dei tydelegvis trena mykje på og var svært effektive. Vi fann ikkje ut av dette og hadde store vanskar med å kome til avslutning. I angrep køyrde dei kombinasjonar og hurtig angrepsspl og vart ein nummer for store for oss. Det synte seg og at splarstallen vår er for tynn, og fleire sleit med "småskader". Vegard og Ørjan var begge ute store deler av kampen og det merkast. 
Etterkvart gjekk vi over til å spele 4-2 i angrep og klarte på den måten og flate ned forsvaret deira betre og fekk litt betre uttelling.

Men Oppsal var eit veldig godt lag som vi ikkje klarte å matche i denn kampen. Dei satsa på og vinne Bringserien, trenar kvar dag og var betre enn oss i alt.

Målscorar for Gloppen: Ørjan Sundal 3, Birk Isane 3, Erlend Ulvestad 2, Runar Åmodt 2, Evald Devik 2, Osmund Vereide 1, Vebjørn Espe 1.

No skal det spelast ei kvalik.runde til med fire av dei tapande laga i kvar runde. Dei to beste laga får vere med i hovedrunden. Denne skal truleg spelast regionalt i Bergen i oktober.

Vi ynskjer lukke til.



Damene vann dagens kamp mot Spjelkavik 29-20!

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Sep 2011

Damelaget slo tilbake i dagens treningskamp mot Spjelkavik.  Etter gårsdagens knepne tap, feia jentene all tvil til side i dag og vann komfortabelt 29-20, etter å ha leia 13-10 til pause. Ifølge trenar Øyvind var jentene betre i forsvar, kontringar og hadde betre flyt i angrepsspelet i denne kampen.  Likevel meinar han at jentene har mykje å gå på framover mot seriestart. 


Tap for damene i første treningskamp mot Spjelkavik

Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Sep 2011

K3 laget er som kjent i Spjelkavik i helga for å møte heimelaget i 2 treningskamper.  I kveldens kamp vart det eit knepe 25-26 tap, etter 13-14 til pause.  I følge Øyvind er det litt å ta fatt i enno, men det var ei ok treningsøkt.  Ny kamp mot same lag kl.13 i morgon.  Lykke til!


Invitasjon til STIMULERINGSSAMLING

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Sep 2011

Fosshaugane CAMPUS , Sogndal laurdag 15. oktober.



På denne Stimulansesamling linken finn du meir informasjon om program, førelesarar og detaljar for påmelding.

Påmeldingsfrist: Tysdag 4.oktober 2011.

Hugs å melde deg på med namn og e-post.



Målgruppe for samlinga er dei klubbane/miljøa som deltek i prosjektet -TOPP- idrettsutvikling

for ungdom 16-19 år og elles trenarar, leiarar og aktive frå idrettslag, særidrettar

og andre idrettsengasjerte i fylket.

Vi ønskjer å setje ekstra merksemd på jenteidrett på denne samlinga, både på utøvarar-, trenar- og leiarsida.

Men temaene er sjølvsagt like aktuelle for alle uansett bakgrunn eller oppgåver du arbeider med i idretten.

Arrangørar:

Sogn og Fj . Idrettskrins og Idrettssenteret/Prosjektet - TOPP - idrettsutvikling

med støtte frå Sparebanken Sogn og Fjordane.



Suksessformelen!

Hente impulsar og læring på tvers av

særidrettar, interesse, miljø og fagfelt.



Vel møtt!



Med venleg helsing

Ingar Breilid

Plan- og utd.leiar

Sogn og Fjordane Idrettskrins

tlf. 57761212 -41900134

www.idrettskrinsen.no

 



GHK G16 Bringlag til Oslo for Bringkvalifisering

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Sep 2011

GHK sitt G16 Bringlag skal komande helg til Oslo for å spele kvalifiseringsrunde til den ordinære landsdekkande Bringserien for G16 lag.  I Oslo skal dei møte Oppsal og Kongsvinger.  Vinnar av denne runda er direkte kvalifisert til Bring.  Oppsal veit vi er eit godt lag.  Kongsvinger veit vi lite om.

GHK G16 Bringlag.

Bak frå venstre: Ørjan Sundal (GHK), Sigurd Sunde (Haugen), Vebjørn Espe (Haugen), Vebjørn Nord Haugland (Haugen), Birk Isane (Vik), Erlend Ulvestad (GHK), Daniel Hj Reed (GHK), Geir Giil (Trenar)   Framme frå venstre: Osmund Veriede (GHK), Evald Devik (GHK), Runar Helland Åmot (Florø), Joakim Hauge (Haugen), Mikael Alander (GHK), Vegard Sælen (GHK)

Bringlaget er samansett av spelarar frå vårt eige G16 lag, samt spelarar frå Florø, Vik og Haugen.  GHK er prestasjonsklubb, og dei andre klubbane har inngått partnerklubbsamarbeid med GHK for sesongen 2011/12.   GHK er representert med heile 7 spelarar på laget, medan 4 kjem frå Haugen og 1 kvar frå Florø og Vik.   Tanken med Bringlaget er å gje eit utvida tilbod til dei beste 15 og 16 åringane i fylket, og har sitt utspring i sonelagsarbeidet for denne gruppa. Trenaren og primus motor for dette laget er Geir Giil frå Florø.  Til helga får han med seg vår eigen G16 trenar Torbjørn som sjåfør og hjelpetrenar, så trenarbenken er i dei beste hender.   Laget reiser frå Sandane fredag ettermiddag, og skal spele begge kampane sine lørdag før dei returnerer heimatt lørdag kveld.   Kampen mot Kongsvinger går 14.30, medan kampen mot Oppsal går kl 17.00.   Vi ynskjer gutane lykke til, og lover oppdatering på heimesida etterkvart.


K3 laget til Spjelkavik for treningskampar

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Sep 2011

Øyvind Indrebø tar med seg damelaget (K3) til Spjelkavik på fredag.  Her tar ein sikte på ein kamp fredag kveld og ein kamp lørdag mot 3.div laget Spjelkavik før ein set kursen sørover att.  Viktig kamptrening for Øyvinds damer, som på si side har banka gutelaget i to internkampar dei siste vekene.

GHK K3 2011/12



GHK sitt K3 lag slo G16 også i kveld

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Sep 2011

Etter tapet i forrige treningskamp for ei veke sidan, var det revansjelystne gutar som skulle slå tilbake mot det gode damelaget til GHK. Slik gjekk det ikkje.  Damene var sterkast også i kveldens kamp og vann 31-26, etter 15-13 til pause

Kampen som sådan var jevn heile vegen til det gjennstod 5 min.  Då drog damelaget ifrå.  Det som også skilde dei to laga var balltempoet som var mykje større hos damene, i tillegg til for mange personlege feil hos gutane.

Mestskårande i kveldens kamp var for damene sin del Ingrid Gimmestad og Eli Anne Birkelund med 8 mål kvar.  Hos gutane skåra Byrkjelo sin store son, Andreas Kleppe 7 mål, medan Osmund Vereide stoppa på 4.



GHK herrane tapte B-finalen i Kortedala Cup

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Sep 2011

GHK spela seg heilt fram til B finalen i Kortedala cup i Gøteborg i helga.  I ettermiddagens finale vart det eit knepe tap 14-16 for HK Høk.

I dei innleiande rundane i går, vann GHK fyrste kampen 19-9 over Upplands Tuna IK.  I dei to neste kampane gjekk det diverre ikkje like bra. Først tapte dei 10-17 for Backa HK1, før dei rauk heile 8-18 for Ale HF.  Dermed 3.plass i pulja og B sluttspel i dag.  I kvartfinalen i B sluttspelet vann dei 25-11 over Tune IL, før dei i semifinalen slo arrangørklubben Kortedala IF med 17-12.

Har ikkje fått rapporter frå Sverige, men truleg er trenaren godt nøgd med å få 6 kamper til å samkøyre laget fram mot seriestart.



Herrelaget til Gøteborg

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Sep 2011

Trenar Bjørn Roth Andenes tar med seg elevane sine på langtur i helga.  Dei skal til Gøteborg for å delta i Kortedala Cup.

Bjørn Roth Andenes

Dei reiste frå Sandane kl 14 i dag, og reknar med å vere framme laaangt på kveld/natt.  Troppen tel 14 mann. Dette er ein del av førebuingane til årets sesong i 2.divisjon og dei møter hard motstand frå gode svenske lag.  I den innleiande gruppa møter vi ALA HF, Backa HK1 og Upplands Tuna IK.  Kor lenge ein vert verande i vårt naboland avheng sjølvsagt av gutane sine prestasjonar på bana, men dei er nok ikkje heime før natt til mandag.  Vi ynskjer dei lukke til!!  For meir info sjå: http://www.kortedalacup.se/


K3 damene slo G16 i treningskamp!

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Aug 2011

I mangel på anna motstand hadde trenarane Øyvind og Torbjørn avtala internkamp mellom K3 damene og G16 laget under dagens treningsøkt.  Damelaget vann kampen 26-24, etter å ha leia 13-10 til pause.

Erlend Ulvestad & co måtte sjå seg slått av damelaget (arkivfoto)

Øyvind mønstra stort sett heile laget sitt med unntak av Marthe Heien Hansen som er i Bergen.  Torbjørn hadde heile 18 gutar å velge mellom, så han køyrde 2 blanda lag, og skifta heile laget etter halvspela av kvar omgang.  Damelaget var tydleg tent på å vise den nye trenaren kva som bur i dei, og hadde føringa gjennom heile kampen.  Anført av ei strålande opplagt Eli-Anne Sandal Birkelund på strek, hadde dei eit langt større balltempo enn gutane.  Eli-Anne sette inn 10 mål og var kampens suverene toppskårar.  Hege Roth Andenes og Malene Støylen hadde hennholdsvis 4 og 3 frå kanten.  For gutane sin del tok Vegard Sælen ansvar i andre omgang og enda på 5 mål, medan bror Åsmund, Ørjan Sundal og Osmund Vereide hadde 3 mål kvar.

Ifølge Øyvind er damelaget i rute, men treng enno ein del justeringar fram mot sesongstart. For gutane sin del meiner Torbjørn at dei verka "rustne", men reknar med at også dei skal vere klare når alvoret starter.

Ettersom dei 2 laga stod så godt til kvarandre, har dei likegodt avtala ny treningskamp neste tysdag òg.



June Andenes vann i Tyskland!

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Aug 2011

Vår "eiga" June Andenes gjer det godt i sin nye klubb Byåsen.  I ei turnering i Tyskland i helga gjekk likegodt Byåsen heilt til topps i Sika Cup.  I finalen skåra Gloppejenta 2 av måla som bidrog til siger 20-18.  Sjekk også http://www.firda.no/sporten/article5715302.ece



Siger mot Stryn for herrane

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Aug 2011

GHK herrane vann 30-27 over Stryn i fredagens treningskamp i Styrkhallen.  I følge trenar Bjørn hadde vi god kontroll på kampen og sigeren var aldri truga.

I fredagens kamp mangla både Jens Kristian Andenes og Arild Tystad.

Paul Remi Kvandal stod ein god første omgang med berre 10 baklengs.

Når det gjeld damelaget fekk dei diverre ingen kamp.  Strynedamene kasta inn handklede og kunne ikkje møte oss. Synd, men det vert nok fleire moglegheiter for Øyvind sine utvalde.



K3 2012/13

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Aug 2011

 

Damer 3.divisjon 2013/14

 

Trenarar: Geert Brinkman geertbrinkman1@gmail.com  41430838

Oppmann: Ingrid Gimmestad     97164088



G16 2011/12

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Aug 2011

 

Gutar 16 2013/14

Trenar: Torbjørn Sælen torbjorn.saelen@enivest.net mobil: 48249599

 

Oppkvinne: Ann Kristin Hovstad akhovstad@gmail.com  mobil: 48023818



J16 2010/11

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Aug 2011

 

Jenter 16 sesongen 2013/14

Trenarar:  Elise H Hansen og Amanda Veiteberg

Oppmann: Øystein Fjellestad oystein.fjellestad@hotmail.com mobil: 91372647



Damer 4.divisjon 2013/14

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Aug 2011

 

Damer 5.divisjon sesongen 2013/14

Trenar:

 Ragnhild Bakketun Vederhus ragnhild.bakketun.vederhus@sfj.no mobil: 91337993

Oppmann: Audun Mundal audunmundal@gmail.com  mobil: 91177823

 

                           



Treningskamp både for damene og herrane

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Aug 2011

Etter ein månad med hard trening tar trenarane Øyvind Indrebø og Bjørn Roth Andenes med sine respektive dame og herrelag til Styrkhallen i Innvik for å møte nabo Stryn til treningskamp fredag kveld.  Damekampen går kl.18.30 medan herrekampen er sett opp kl. 20.00. Både damelaget og herrelaget har trena godt denne månaden.  Det er kjekt å følgje med på den gløden og iveren som vert synt av både trenarar og spelarar på treningane.  Klarer ein å koma gjennom perioden fram til Firdahallen opnar igjen med nytt dekke med like gode takter, skal ein møte godt forberedt til seriestarten, for herrane i 2.divisjon og for damene i 3.divisjon.


Trekte lag

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Aug 2011

Det er registrert nokre lag som er trekte frå serier der GHK har lag.

I J16 serien har GHK sjølv trekt 2.laget.  Det same har Dale gjort.  Også Bjørn har trekt laget sitt her.

I J15 serien har Førde og Bjørn 2 trekt sine lag.



H3 2012/13

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Aug 2011

Herrar 3.divisjon 2012/13

Trenar: Bjørn Roth Andenes  hotbearscom@hotmail.com     mobil: 95493841

Oppmann: Hege Roth Andenes hege_and12@hotmail.com mobil:95133344



Sesongen vel igang for spelarane.

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Aug 2011

Handballsesongen er byrja å nærma seg med stormskritt. Dei eldste gute 16 spelarane har ei tid fått vore med Herrane på trening og det har vore både kjekt og utfordrande.
 
 

GHK G16 Bring
 
Til helga stiller GHK G-16 lag i Scandinavien Cup i Oslo. Dette er ei kvalitetsturnering som vi også var med på i fjor, og her får ein verkeleg brynt seg mot dei beste 16-åringane i landet. Laget som heiter "Gloppen" er samansett av 7 GHK-spelarar og 6 frå andre klubbar av fylket. Dette er det laget som skal spele kvallik. til Bringserie til hausten,
 
Sist helg gjorde vi unna to treningsøkter i Florø, og det skal bli spenande å sjå kor vi står i forhold til dei andre laga. Avreise vert torsdag med GHK-busen der sjølvaste leiaren skal vere sjåør.
 
Erlend Ulvestad er alt på plass i Skien der han skal vere heile veka på landslagsutak og kjem rett til Oslo får å spele Skandinavien Cup. Skulle tru det vert nok handball den veka.
 
Vi ynskjer gutane lukke til og gledar oss til ein ny sesong.


GHK Bussen

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Aug 2011

Minibuss

Gloppen Handballklubb har ein 16 seters minibuss som kan leigast.
Ta kontakt pr e-post til
Øystein

eller på tlf 90634853

Liste over kva dagar bussen er oppteken finn du i kalendaren.

 Det er leigar sitt ansvar å sikre at bussen er forsvarleg parkert og låst når den er på tur, slik at ein unngår herverk og innbrudd som medfører skade og utgifter for utleigar. Skade og tap som medfører kostnader på grunn av aktløyse er å sjå på som leigar sitt ansvar.

Bussen skal leverast tilbake ferdig rydda og vaska snøggast råd.

 

 





GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Aug 2011

Styret i GHK 2014-15

  • Leiar: Øystein Sundal

        tlf 90634853   gloppen@rvn.handball.no

        -Sponsoransvarleg

  • Sekretær: Helene Horne Sundal

        tlf 95285002   helene.horne@gmail.com

  • Kasserar: Jonas Alander

        tlf 99239990   jonas.alander@choice.no

  • Styremedlem: Eli Glomnes

         tlf 41206021   eli.glomnes@enivest.net

  • Styremedlem.: Norunn Sunde

        tlf  99505363   norunn.sunde@enivest.net

        - Arrangør og annonse ansvarleg

ØKONOMINEMNDA 2013-14

  • Leiar: Sølvi Holme Sælen

- Merete Sælen

- Ann-Kristin Vollstad

- Rakel Wilke

- Sølvi Holme Sælen

- Oddrun Slagstad

Andre i GHK

 





Stenging av Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Aug 2011

Firdahallen vil vere heilt stengd i perioden 12. september til 07. oktober.  Grunnen er legging av nytt kombielastiske dekke over det gamle parkettgolvet.